- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
220

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og han fekk med seg bøndene under Ueland og Jaabæk.
jaabæk vart serleg ein hardsett og uforsonleg motstandar
av den åndelege og økonomiske makti som han tykte
embetsmennene hadde på bygdene, samstundes som han var
ihuga for folkeupplysning og økonomisk framhjelp.

Inn i denne ålmenn-politiske striden kom og striden
ura skuleupplæringi og um latinen til grunnlag for den
høgre daningi. Latinskulen var heller unasjonal, runnen
upp frå dei gatnle kyrkjeskulane, og gav ei heller
internasjonal, einsleta klassisk daning. Utetter i nyare tid reiste
det seg motmæle, og i Danmark-Noreg arbeidde
umbøtings-planar seg fram, so me fekk ein ny høgre skuleskipnad
1809. I romantikktidi kom det krav um sterkare
nasjo-nasjonale innslag, serleg rom for meir morsmål og soge.
I norderlandi vart Grundtvig ein ihuga målsmann for nye,
friare upplæringsmåtar, der det levande ordet kunde koma
meir til sin rett. Alt i 1830-åri vart det eit breidt ordskifte
um latinen i skulen her hjå oss. Schweigaard skreiv i «Vidar»
1832: «Om Nødvendigheden af at indskrænke Sprogstudiets
Omfang i den lærde Skole. > Herman Foss studde
upp-under og talde til ein skule som bygde på naturvitskap
og moderne mål. Likevel vart det ikkje større brigde i
den nye skuleskipnaden me fekk i 1845. I 1852 kom
det til realskular, som skulde fyrebu til fagskular og det
praktiske livet, I 1857 tok dei burt kravet um at elevane
skulde skriva stil på latin til artium.

Men ordskiftet varde ved, og me fekk atter ein ny høgre
skuleskipnad 1869 med realgymnasium, jamsides det gamle
latingymnaset. Striden hadde stade um både fagkrins,
klasse-skipnad og upplæringsmåtar. Dei gamle daude måli stod
mot dei levande måli og ein meir moderne imitativ
upp-læringsmåte. Attåt kom so spursmålet um gamalnorsk og
soge og realfag. Motstandet mot latinen botna både i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free