- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
222

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

måtte ut or «studenterrarnmen» og inn i «folkerammen»,
fyrst då kunde det verta tale um eit norderlensk samarbeid.
Universitetet måtte opnast for folket, anten dei hadde
studenteksamen eller ei. All skuleupplæring måtte få same
mål som folkehøgskulane: å grunnleggja og byggja upp
mennesket åndeleg og ikkje dyngja upp kunnskapar. Når
folki i norderlandi lærde å elska sitt eige og hysa kjærleik
til alt som hekk i hop med federne og den nedervde
kulturen, fyrst då kunde ein koma til å elska kvarandre.
Bjørnson fekk motbør, men kom att og kravde skulane
um-skipa, av di skuleupplæringi ikkje vekte tru, ikkje religiøs
tru eller tru på fedrelandet eller Norden. Ungdomen vart
berre ei sarnling fag, dei kunde korkje tru eller elska’. Dei
vart nokre gamalkloke karar, kritiske, turre, utan hjarta og
fantasi. Nei, mønsteret måtte vera folkehøgskulane.

Då Bjørnson var formann i Studer.tsamfundet i 1870,
fekk han Chr. Bruun til å greida ut folkehøgskuletanken
og dei nye folkelege rørslone i fleire fyredrag for ålmenta;
han heldt dei i Studentsamfundet. Han tala mot
embetsmennene. Når folkehøgskulane hadde arbeidt lenge nok, vilde
det finnast folk på bygdene som kunde greida ernbeti. «Den
vaagnende norske Folkeaand vil forlange at den høiere
Almendannelse ikke lægges paa klassisk Grund, men paa
norsk. 1 Dinæst «vil den norske Folkeaand reise sig mod
den gjængse Levevis». Til slutt mana Bruun til samhald
og strid for «Norskheden — de Kræfter som nu rører sig
for Maalsagen, Folkuhøiskolesagtn og Jaabækbevægelsen».
(Sfr. skildringane i «Paa Forpost» av Kristoffersen, s. 145—
146, og Walletn: «Det norske Studentersamfunds historie»
II, s. 613 flg.).

Våren 1872 var det eit stort folkehegskulemøte att i
Universitetsfestsalen, det varde i 3 dagar. Den danske
folkenøgskuiestyraren Schroder fyreorda og sa seinare at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free