- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
223

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dette møtet var eit «norsk Aprilveir, hvis Mage jeg aldrig
har oplevet». Heile 7o-åri utetter var det mykje strid og
ordskifte um folkehøgskulane og norskdomen o. s. b. 1
1878 var det eit stort ordskifte i Studentsamfundet um Bruuns
«Folkelige Grundtanker». Andre kvelden var Garborg
fyrste talaren og peika på at Bruuns krav til oss var etisk:
«at forbli tro mod sin Ungdoms Begeistring». «Vort Folks
Gjenfødelse i Fædrenes Aand» betød en Renessanse, et liv
levet i Aand som dannet Fortsættelsen og en Udvikiing af
det som var det væsentlige i Fædrenes Liv.»

Ved sida av striden um den høgre upplæringi og
folkehøgskulane gjekk arbeidet for å fremja den ålmenne
folkc-upplysningi, serleg gjenom barneskulen. Me fekk ein
ny ålmuge-skuleskipnad 1860, med faste skular der det var
mindre religionsupplæring og fleire nye fag. Det møtte ikkje
lite motstand utyver bygdene. Serleg kom striden til å stå um
dei skulde halda fram med å nytta Pontoppidans forklåring
til hovudbok i religionsupplæringi. Ikkje minst lærarane
meinte det var skadeleg å nytta ei bok der det var gjort
ferdigt spursmål og svar som borni skulde pugga utan å
skyna dei. Eit anna stridsemne var Jensens lesebok som
dei skulde nytta til lesnad i ålmugeskulen i staden for
testamentet. Det lika ikkje bondefolket, for i leseboki fanst
det dikt, eventyr og historiske forteljingar, som var uppdikta
(«lygn»), og det meinte dei berre vilde auka
«verdsleg-donien» hjå borni.

Den religiøse striden var og mangsidig og innfløkt. Eit
stort parti var dei strengt ortodokse høgkyrkjelege som
heldt på at berre presteskapet skulde vera forkynnarar.
Mot dei stod dei lågkyrkjelege som meinte at lekfolk og
kunde vera med, og dei viste til den store religiøse rørsla
som H. N. Hauge hadde reist. Me fekk og ei vidgreint
indremisjonsrørsle under professor Gisle Johnson som reiste

15 — Garborg: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0227.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free