- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
224

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg mot den friare, ljosare grundtvigske religiøsiteten som
m. a. presten Wexels var talsmann for, og som hadde sterkt
tak i folkehøgskulekrinsane. Bjørnson var lenge med i den
flokken. Attåt kom drag frå Kierkegaards religiøse tenkjing
som m. a. hadde sett djupe far etter seg i diktingi åt
Ibsen (serleg i «Brand»), og frå den nye «fri te nkj arskap en»
med sin kritikk yver bibellæra, serleg skapingssoga og sine
krav um at det nye naturvitskapssynet («Darwinismen») skulde
gjelda på det religiøse umrådet og.

Den norske målreisingi hadde like eins kome meir i
framgrunnen med bladet «Dølen.» i hovudstaden og
«Vestmannen» i Bergen. På mange lærarmøte var det reist
krav um at lærarane måtte få nytta det norske folkemålet
i skuleupplæringi. Målstrevarane hadde samla seg i
«Vest-mannalaget» i Bergen (1868) og «Det norske samlaget» i
Oslo (1868). Kravet um norsk mål i styringsverket hadde
meldt seg, og m. a. gjeve seg utslag i vedtak i
konstitu-sjonsnemndi i Stortinget, at ein burde skriva dei norske
stadnamn i etter uttalen i nynorsk form.

Mest like sterke var brytingane millom gamalt og nytt i
vitskap og kunst som og skulde vera tenarar for det nye
draget av friske tankar og synsmåtar som strøymde inn frå
Europa. (Darwinisme, positivismen, sosiologi, tenkjarar som :
Comte, Taine, Renan, Stuart Mill, Spencer, o. a.). I
bokheimen var det rik bløming med dei nye store
diktarane som steig fram. Serleg loga striden kring Bjørnson
som var so sterkt med i den nasjonale reisingi og politikken
med munn og penn, og som jamvel kasta seg inn i
teaterarbeidet og stridde for ei norsk teaterkunst. Dei store
idé-dramai åt Ibsen skapte ikkje mindre ordskifte («Brand»,
«Peer Gynt»), og i «De Unges Forbund» tyktest han jamvel
draga kunsti midt inn i dagsens strid. Litteraturen vart
med det ein levande lekk i kulturlivet; den tid er i kjømdi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0228.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free