- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
225

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

då diktingi skulde setja «problem under debatt». Jamvel
teatri skulde vera med i den folkelege reisingi og m. a.
hjelpa til å forma ut eit norsk scenemål.

Det var soleis uppreist mot all gamal autoritet på dei
fleste umråde. Studentsamfundet og studentlivet vart
brennpunktet ikring 1870, då me hadde den strålande
bjørnsonske formannstidi og «Fram-klikken» åt Fjørtoft.
Motstandarane var samla i det gamle embetsaristokratiet og
krinsane kring regjeringskontori og universitetet. Deira
organ var «Morgenbladet», som var allveldigt millom dei i
den tidi. Det var og der det vidgjetne ordet kom fram i
1868 um dei «raabarkede Gaardbrugere». Ein av dei
fremste åndelege målsmennene for konservatismen var
professoren i filosofi, Marcus Monrad. Han skreiv mykje um
kunst og litteratur, politikk og kultur i «Morgenbladet» og
hadde ikkje lite tnakt ved universitetet og millom studentane.

Meir i utkanten er enno dei sosiale og økonomiske
vanskane for arbeidslivet i landet. Dei hadde vore noko
framme i «Arbeidarrørsla» midt i hundradåret, og det var
mykje dei som samla dei jaabækske bondevenlagi. Det
hadde vore ei heller stor økonomisk ekspansjonstid frå
i85o-åri og utetter med framgang i samferdsle og verksliv.
Det vart store umbroyte på landsbygdene med utskifting
av gardsbruki, og ei meir intensiv drift i jordbruket, nye
arbeidsmåtar og reidskapar. Det vart ei heil umleggjing av
det økonomiske livet burt frå naturalhushald yver i
pengehushald. Det førde etter kvart til store vanskar for
bonde-samfundet. Men endå greidde det seg med lån i
Hypotekbanken og med at ungdomen fOr til Amerika eller til
verkslivet i byane. Fjørtoft skreiv og tala um dette ut frå
nye sosialistiske og kommunistiske synsmåtar, men det vann
liten atterljom anna i dei mest radikale krinsane.

Alle desse brytingane i norsk kulturliv kom veltande inn

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free