- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
227

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

burt frå livsens harde røyndom. Og stødt låg attum den
skort på økonomisk grunnlag for ein høgare kultur som det
var i bondesamfundet. Difor kunde Georg Brandes med ein
viss rett skriva um «Bondestudentar» : «Dette er den dybe,
alvorlige Bog om Norges Fattigdom, dens Aarsag, dens
Væsen og dens Følger med Hensyn til Karakterens
For-krøbling og den åndelige Forsumpnings Herredømme».

Ein må likevel ikkje gløyma at det ikkje berre er
bondestudenten Daniel Braut Garborg skildrar, men og dei som
held fast ved sitt bondeupphav, hevdar det og strider for
det, som Vinje, Fjørtoft, Hærland, Rud, Haugum, med deira
seige, harde strid for sine politiske og kulturelle krav.
Difor hev «Bondestudentar» fenge yverlag mykje å segja,
ikkje minst til å reisa sjolvvyrdnaden i bondestudentane og
til å gjera bondefolket medvitne um si kulturuppgåve og
ålvoret i den norske reisingi og den moralske verknaden
ho hev på karakteren. Det vart eit gjenombrot for Garborg
og sette han millom dei fremste yngre bokmenner 1880-åri.
Boki kom upp til ordskiftet i Studentsamfundet 29, mars
1884 med Bredo Morgenstierne til innleidar.

Upplysningar um Garborg og denne tidbolken vil ein
finna i stykket um Arne Garborg i «Biografisk Leksikon»,
Erik Lie: «Arne Garborg», Rolv Thesen: «Frå Jærbu
til europear», Bull og Paasche: «Norsk Litteraturhistorie»,
Keilhau: «Det norske folks liv og historie», band 9 og
10, Koht: «Johan Sverdrup», Bergsgaard: «Ole Gabriel
Ueland», Løvland: «Ueland og Jaabæk» (i «Nordmænd i
det 19. aarhundrede», band I). Wallem: «Det norske
Studentersamfunds historie». Ei litterær skildring frå same
tidbolken hev ein i Kristofer Kristofersen: «Paa Forpost».

O. M.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0231.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free