- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
231

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

norske Folk ...» Garborg hadde fleire gonger vore i
kvass strid med folkehøgskulefolk, serleg Christopher Bruun
som den fremste målsmann for dei, m. a. um
upplærings-måten i folkehøgskulen, med forteljing («det levande ordet»)

i staden for pugg, (Sfr. s. 15 og 19.)

Side 16. trui ik våre gamle fedrar — etter Grundtvig,
Ole Vig («Liv i Norges) og vel mest etter P. A. Munch :
«Norrøne gude- og heltesagn». — Tri gudar: Odin, Vile
(Høne) og Vc (Lodur), Burs sener som drap jotnen Yme
og skapte verdi. Tolv gudar er (forutan Odin): Tor,
Balder, Njgrd, Frøy, Ty, Heiradal, Brage, Forsete, H<?d, Vale,
Vidar og Ull. Sendebodi åt gudane var Hermod og Skirne.
Odin budde i Valhall; Frå det høge sætet sitt, Lidskjalv i
Valaskjalv, såg han alt. På akslene hans sat ramnane
Hugin (tanken) og Munin (minnet); dei flaug kvar dag ut i
verdi, og ved dngurdstid kora dei att og fortalde Odin det
dei hadde sét, so han visste alt. — Tor heldt til i
Trud-vang, i halli Bilskirne; han køyrde med tvo bukkar
(Tann-gnjost og Tanngrisne) og hadde hamaren Mjolne. — Frøy
gav burt sverdet sitt til Skirne, då han skulde henta
jotun-raøyi Gjerd til han. — Asynjone er: Frigg, Frøya, Såga
Eir, Gjevjon, Sjofn, Lofn, Vår, Syn, Lin, Snotra, Idun,
Nanna og Siv. — Fulla og Gnå var Friggs ternor. —
Sigyn, Gjerd og Skade var av jotunætt. — Frøya var av
vaneælt og heitte difor Vanadis; ho var gift med Od, som
f*6r til framande land; då gret Frøya gulltåror. — Siv,
kona åt Tor, hadde gullhår som haghendte dvergar hadde
laga, — Idun, kona åt Brage, hadde den dyraste
eigneluten åt æsene, epli som gav ungdom attende til dei som
åt av dei. — Stålsliten — sløva, blasert; bitjarn som
stål-eggi er sliti ut or, — Side 18, Olger Danskes krønike —
samla 1534 av Christiern Pedersen; mange gonger sidan
umvølt og utgjevi, var ikkje lite utbreidd i landet tidlegare.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0235.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free