- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
233

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ane sine mot galiane i Frankrike i åri 58—52 f. Kr. i 7
boker. — Almuevennen — eit iilustrera vikeblad som kom
ut frå 1848—93, «til Oplysningens Fremme blandt
Menig-mand». Det var grunnlagt og styrt av Christian Johnsen
(1815 — 98, « Almuven-Johnsen»), kjøpmann i Stavanger og
stortingsmann derifrå 1848—54, statsrevisor 1854—77.
Almuevennen var eit godt upplysningsblad og hadde ei tid
ein uvanleg stor tingarflokk (i 1870-åri ikr. 22 000), Det
var nærast bondeliberalt og folkeleg, men brydde seg elles lite
med politikk. — Side 23. «fine fimor» — storkarskjenslor,
finsleg åtferd, storlæte. (Til fim — kjenslenæm). — Side 24.
ofra litt rausi på dei store høgtidene — tidlegare fekk
prestane (og klokkarane) løn med at kyrkjelyden a: alle som var
konfirmerte og fekk altarsakramentet, ofra på altaret friviljug
(«efter enhvers Evne og Vilkaar») på dei tri store høgtidene,
Mange stader skreiv klokkaren ut setlar med namn på som
folk skulde leggja pengane inn i; presten (og klokkaren)
kunde då sjå kven som ofra og kor mykje kvar ofra. Attpå
var det ofring ved kyrkjelege gjerningar (dåp, brudevigsle
o. s. b.), aksidens-offer, attåt den faste betalingi folk måtte
gjeva. Endeleg skulde kvar jordeigar yta minst ei skjeppe
bygg («offerskjeppa») i fast offer, og dei som ikkje åtte
jord minst 12 skilling (menn) og 6 skilling (kvinnor). For
det faste offeret kunde folk pantast, og etter sedvanerett
og for det * friviljuge». Det var mykje misbruk og
mis-nøgje med dette frå båe sidor, og i 1897 kom det fast
lon i staden. — Side 25. Bjornsons klassiske
Iengtings-vers i «Arne» (1858), er 7. verset i diktet «Undrer mig
på hvad jeg får å se».

Kapellan Hirsch ferde ikkje rein lære -— det gjeld vel
serleg dåpssakramentet (sfr. s. 85), der grundtvigianismen hevdar
at dåpsordet frå Jesus lever vidare i kyrkja som det rette
livs-ord og Ijosord som ei levande kraft i motsetning til skrift-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0237.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free