- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
234

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

teologien som held seg til dei daude ordi i Bibelen. —
Side 26. vonom fyrr — fyrr enn ein skulde venta. —
Kandidat Massmann — «er tenkt som ein retteleg sann
upplysningsmann. Eg trur eg hadde ein teologisk student
eller kandidat eg kjende, til eit slag mønster» (G.). Han
hev studera filologi som folket ikkje kjende større til eller
brydde seg um. Kandidat Massmann vart elles seinare
folkehøgskulelærar (s. 95). — prestcbikkja — Garborg var
alle dagar redd hundar, sfr. «Kolbotnbrev», Skr. i S. VII,
s. 105—6. — Side 27. Loci natura etc, — maturi (lendet)
var slik på den staden som våre folk hadde valt til
læger». — Side 28. Madvig, Johan Nicolai (1804—86),
framståande dansk filolog og politikar, serleg kjend
tekst-kritikar, professor 1829—79. I 1841 kom fyrsteutgåva
av den latinske grammatikken hans med ymist nytt tilfang
og betre skipa enn dei eldre bøkene og slo ut alle dei
andre; kom i ei mengd nye utgåvor og var lenge nytta hjå
oss og. — Side 29. offcrskjeppa, sjå merknad til s. 24.
Skjeppe = Vs tunne = 18 pottor= 17,37 1. kom. — Side
30. stå att — nå att; (vanleg: stå til rest). — Side 31.
fabrikken — Heltbergs studentfabrikk, sjå merknad til s. 48 —
frimaurar — taleform for frimurarar. Det er eit løyndelag
som gjeng attende til dei tyske murarlaug som f6r rundt
på kyrkjebyggjing sist i millomalderen. I England fekk dei
namnet «frie murarar». I 1721 fekk dei i London den
fyrste større samskipnaden som sidan hev breidt seg yver
verdi. Det er eit brorskap til å fremja næstekjærleik og
velgjerd utetter og tolsemd og hjelpsemd innetter. Elles
veit ein lite um reglane og skikkane, for ingen hev lov å
segja noko. Den norske orden er frå 1757, «St. Olaus til
den kvite Leopard». I 1891 fekk dei ei sjølvstendig norsk
landslosje med mange underlag. Det hev gjenge mange
segner og ovtruer um dei og arbeidet og makti deira.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0238.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free