- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
235

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

M. a. at dei slakta born og sende til tryntyrken (sjå s. 47),
og dei hev vore ute for hard kritikk. I septbr. 1869 var
det rein panikk i Oslo millom folk, serleg millom
tenest-gjentor, so dei torde ikkje gå ut um kveldane, for
frimurarane skulde ha teke nokre etter som gysjone gjekk. Det
var i fleire kveldar stor sjau og folkestim med piping utanfor
frimurarlosjen, sjølvsagt utan noko slag grunn. — Side 32.
bondegutar som var bispar — Knud Gislesen (1801 — 60),
bondegut fra Hjartdal i Telemark, biskop i Trums 1856—60. —
Andreas Grimelund (1812—96), bondegut frå Vestre Aker;
han var gardbrukar etter teologisk embetseksamen 1835—44.
Biskop i Nidaros bispedøme 1861—83. — Halvor Olsen
Folkestad (1807—89), bondegut frå Bø i Telemark, biskop
i Hamar 1864—87. Alle desse tri var framståande
geistlege. — jdji laiinklasse — etter normalplanen frå 1S58 var
upptakingsalderen for latin- og realskulane fyllte 10 år.
Det var fyrst eit 2-års samskeid med vanlege skulefag og
tysk, so 4 års millomskeid med saniupplæring i sume fag og
serupplæring i latin og gresk og so eit 2-års latinskeid for
dei som vilde til universitetet. Dei las soleis latin i 6 år.
Skulde Daniel «kanskje gjera det på tri år», måtte han som
det stend i 1. utg. vera millom dei «som var so glupe, at
dei gjekk beint fraa 5te Klasse og upp til Eksamen». —
koma til byen — Stavanger. I «Knudaheibrev» kallar han
det «Mitt gamle Jerusalem» (VII, s. 194). «Aa du Hilevaag
som ein gong var Paradis utanfor Sions-porten!» (VII, s.
212). — Side 33. vcktarsong um natti — vektarane skulde
vaka yver ro og orden og kvar time varsla kva klokka var;
dei song og eit av vektarversi, truleg av Kingo. (Sfr.
skildringane i Kielland «Skipper Worse»), — Svabbesalen —
skal vera «Svaddesalen» (etter P. L. Stavnem), ein
dansesal nede på Breidalmenningen i Stavanger. Det heitte i ei
regle: «Svadden sto’ i dørå og ropte: Kom her inn! Her

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0239.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free