- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
237

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

av det eg hev drege fram». (G.). — Side 43. ev — noko
uvisst, uklårt; far, merke etter noko. — stev — vers,
um-kvede, ordtak, ordstev. «ev eller stev» — «det var ikkje
noko å retta seg etter». «Ellers med en dunkel Betydning.
Maaske: der var hverken Antydning (Ev) eller Vished (Stev)».
(Aasen). — Side 44. lagverje — ei enkje eller ugift
kvinne yver 21 år kann fa uppnemnt ein mann til rådgjevar
for seg i økonomiske saker, til hjelpar (verjar) i juridiske
spursmål (lovsaker); kurator. — Side 45. Jaabsk, Søren
(1814—1894), skulelærar og gardbrukar i Holum og Halse
ved Mandal, stortiDgmann 1845 — 91» e’n framståande
bon-deførar, målmedviten og prinsippfast. Han las mykje, var
ofte einsynt, men alltid ærleg, utan tanke på eigenbaten.
På Stortinget og utyver i folket fekk han etter kvart stor
makt. Han førde ein kvass og konsekvent strid for å auka
folkemakti og hjelpa småkårsfolk i deira økonomiske strid,
jamna ut standsskilnad og få utvida røysteretten. Han såg
alle problem ut frå ein realistisk, økonomisk synstad og
dreiv ein vidtgåande sparepolitikk, so nær som når det
galdt folkeupplysning. Han vilde minka ned talet på
embetsmenner, lønene og pensjonane deira, og avgrensa
deira maktumråde og gjeremål. («Neibæk»), I 1865
skipa han «Bondevenlagi» og sende ut «Folketidende»
(til 1879). Han fekk medhaldsmenn mest i kvar bygd
med slagordet sitt «Sparsomhed i Statshusholdningen» og
vekte stor politisk interesse vide ikring. Det var då
ikkje so underleg um han i embetsmannskrinsane vart
ståande som deira verste motstandar, hata og forfylgd som ein
farleg folkeøsar (sfr, s. 166). Stort uppstyr vekte det då han i
1872 2 gonger vart nekta å vera fadder, av di prestane
meinte han ikkje var «en uberygtet Person». Det førde
til mykje bladstrid og ein langvaranae injurieprosess mot
ein presten Riddervold. Han vart til slutt frikjend, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0241.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free