- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
238

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jaabæk fekk sakskostnadene. Det %’art teke som ein rein
politisk dom. Garborg skreiv mange bladstykke um
«Jaabæk og Præsterne» og gav dei ut i eit lite hefte 1874.
Jaabæk og Garborg var ofte pi kant med kvarandre, men
vyrde og kvarandre. Jaabæk vilde ein gong jamvel ha
Garborg til bladstyrar i «Verdens Gang». — Tarald Ruste

— «helst ein komposisjon; men det var ein mann i
heim-bygdi eg gjekk ut ifrå» (G.). — Side 46. Grosserar Helle

— «ein Stavanger-mann eg høyrde fortelja noko slikt um»
(G.). — Finsen — «truleg ein Stavanger-kjopmann cg hadde
høyrt um» (G.). — Sulumisjonen — byrja i 1S43 av
Schreu-der (1817—82) i Zululand, den fyrste norske misjonen. I
1846 fekk han 3 hjelpesmenn frå Det Norske
Missionssel-skab (skipa 1842 i Stavanger). Interessa for
heidningmisjonen hev sidan alltid vore sterk i Stavanger og bygdene
kringum.

Side 48. Helt berg studtntfabrikk, vel den mest vidgjetne
privatskulen som hev vore i landet. — Henrik Anton Schjøtt
Heltberg er fødd 1S06 i Støren, der faren var prest (til
1816, fra 1816—26 i Byneset, 1826—36 i Lom, 1836—50
Ringsaker). Han var difor trøndsk i målet når han ikkje
tala latin. Han gjekk på skulen i Trondheim og var sterkt
interessera i naturfag. Han fekk ei grunnskuring i Livius
av cand. philol Aubert, seinare professor i klassisk mål,
«han har lagt det sjælelige i Gestalten og kun overladt til
mig at avpudse den.» Han fekk haud til artium (1828)
og andre eksamen. Han var med i Wergelandsflokken,
formann i Studentsamfundet ei tid i 1831 og 1833. Venene
vilde han skulde studera filosofi, sjølv vilde han helst lesa
naturfag, las eit halvt år jus, og so filologi (latin og gresk),
men tok aldri eksamen. Han levde av privatlesing; 1832 —
42 var han lærar ved Møllers institutt og frå 1843—4 6
ved Nissens latin- og realskule. Truleg i 1846 skipa han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0242.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free