- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
239

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sin eigen «2-årige Skole for ældre Disciple», eller sitt
«For-beredelseskursus til Artium». Men alt i 1840 hadde han
dimitera til artium, og heldt fram til 1849, då han dimitera
15 stykke, flest av alle, (millom dei Vinje). Men so
dimi-terar han ingen heilt til 1867 ; det var vel ymse av lærarane
hans som gjorde det. Det var heller vandt for han å greida
seg økonomisk. Han hadde i mange ar astma som plaga
han mykje. Han daydde våren 1873. — Garborg hev ikkje
set han. Han hev likevel skildra mannen og skulen hans
framifrå etter alle forteljingane og segnene han høyrde på
skulen dei 1V2 år han gjekk der (1874—75). Serleg hev
bilethoggar Castberg, Jonas Lie og Ole Thommessen
fortalt han um Heltberg. Attåt gjev minnedikt! av Bjørnson
og Lie framifrå, bilete av Heltberg og arbeidet hans. Like
eins O. Arvesen i sine «Erindringer».— Skulen heldt lenge
til i Monsens gard i Kongens gata, flutte seinare til
bakgarden i Hoppes gard på Stortorget. Det fanst ingi
skule-reglar, Heltberg blanda seg aldri i upplæringi åt dei andre
lærarane eller heldt lærarmøte. Det var ingi
upptakings-prøve. Det var alltid vanskar med å fa inn skulepengane,
og det var mange underlege hendingar med det.
Elev-flokken var oftast svært blanda og ulik i alder og fyrebuing
og sosiale vilkår. Sumtid hadde han merkelege lærarar og.
Når han kunde tå «folk» av «raaheita», var det av di dei
fleste elevane vilde arbeida, og so av den serskilde metoden
hans. Han kunde pensumet ut og inn, visste kva som var
viktigt og mindre viktigt, og tok med det som var mest
naudsynleg. Med fin psykologisk sans hadde han ei stor evne
tit I setja seg inn i livshøvi åt elevane, deira fyresetnader
og tenkjemåte, so han kunde taka dei nett i deira rette
«åtakspunkt». Han tilmåta upplæringi til vaksne elevar
og freista få dei til å skyna dei røynlege mållovene
som låg attum dei mekaniske reglane og som gav ei vitug

16 — Gatborg: BondestudeDtar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free