- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
240

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meining ti! målet. Han var litt av ein målfilosof. Til
stud-nad for minnet og til å letta den keidsame innterpingi nytta
han alle slag knep og påfund, alltid med ein vitug
pedagogisk tanke attum. Dei nytta vanleg Madvigs grammatikk,
men Heltberg vart aldri stød der, so det var tidt han nytta
ein av elevane til «paragrafmann». Den beste hjetperådi
skulde likevel vera hans guddomelege grammatikk, «Perioden»
eller «Periodebygningen», som han kalla han. Det vart
berre til eit lite hefte som han diktera, i hovudsaki det
viktigaste i syntaksen. I i. utgåve av «Bondestudentar»
stend og at ««Perioden» var det i Grunnen berre fåe som
fekk Tak i». Det er likt til at Heltberg (kann henda gjenom
læraren sin, seinare professor Aubert) hev kome inn i det
store vitskaplege ordskiftet um samanliknande målvitskap og
samanhengen miliom tanken og mali, som det var ifrå
hundradårskiftet og utetter, og hev kjent til arbeidi og
granskingane åt Gottfried Hermann, Bopp, Rask, Jacob
Grimra, Wilhelm v. Humboldt og andre. Ikring 1800 og
utetter var synet (t. d. hjå Hermann) at målet, serleg [-setningsbygning],-] {+setnings-
bygning],+} var eit utslag av rein logikk. Setningi hadde tri
hovudlekkar subjekt, predikat og det sambindande element,
«kopula» eller «verbum substantivum» (å vera). Det var
eit slag mystisk ovtru på talet 3 {jamvel nemnt hjå Grimm)
som dei fann all stad i måli, tri upphavlege vokalar (a, i, u),
tri kyn, tri tal, tri personar, tri verbalslag (aktiv, medium,
passiv), tri tider (notid, fyrrtid, framtid), tri deklinasjonar.
Det var og tale um ein «målgenius», «sprogånden»
(Hoffmann, Humboldt) som mystisk var levande inni måli, so
dei var eit slag levande organismar. Hjå Heltberg hev og
hans filosofiske sans og interesse for naturfag mengt seg
inn, so han hev laga seg eit grammatisk system for måli som
den Hegelske filosofien var eit system som livsovringane
skulde høva inn i. Heltberg arbeidde og fila på skjemaet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free