- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
241

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sitt og skulde til slutt freista få forma det ut. I
millom-tidi hadde målvitskapen heilt gjenge ifrå han. I 1870 søkte
han um tilskot av staten, so han kunde få leggja siste hand
pS eit «grammatisk — pedagogisk Værk om den latinske
Sprogorganismes Natur og Væsen og dens Indflydelse paa
Aandsudviklingen baade i og for sig seiv og sammenlignet
med de øvrige Skolevidenskaber.» Han sende med
fråsegner frå mange kjende menn, som hadde vore elevane
haus, og viste til dei mange gode resultat han praktisk hadde
vunne med upplæringi si. Han fekk løyvingi. Likevel kom
ikkje «grammatikken». Det ligg eit manuskript i
Universitetsbiblioteket og eit «Udtog» er prenta i 1874 av L. Hulan i
«Indbydelsesskrilt til Maribogadens Latin- og Realskole».
Det er ikkje so lett å skyna at dette abstrakte, skjematiske
systemet skulde ha slik verknad. Men det må vel ha vore ved
det liv og innhald han sjølv hev makta å gjeva det. «Metoden
var mannen og mannen var eit geni.» «Han indvandt Sproget
for os som en Tænkningens Lov» (Bjørnson).» «Bogen
som ei kom», det var kun Idealet, han gik og bar, som
aldrig fuldendt blev; — derfra den Kraftens Ild, hvortned
han maled, mens Sprogets dybe Lov han tydet sin Elev»
(Lie), — Heltberg vann stor vyrdnad ved det at han fekk
so mange fram til artium på stutt tid, og fleire vart millom
dei fremste menner i landet, ikkje minst ved det
sjølvstendige syn på tilværet dei hadde vunne på skulen hans både
ved upplæringi og samværet. Elevane tala med varmhug
um han. Men i skulekrinsar og ved universitetet såg dei
på han og «fabrikkrussen» med mistru, og mange kritisera
«metoden» hans. Det hende at det strauk heller mange
av dei som var uppmelde frå skulen hans, og det vart
truga med at dei vilde taka dimisjonsretten frå han. I

1866 var det so mange at Heltberg laut ut i
«Morgenbladet» og forklåra at det ikkje var so ille som det såg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0245.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free