- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
242

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ut til. For mange av dei beste elevane hans fekk ein
slektning til å melda seg upp, so dei kunde spara
eksamensgebyret, endå ura dei til det siste gjekk på skuten hans.
Soleis miste han det året x i av dei beste studentane sine,
som alle stod seg. — Skulen heldt fram endå nokre år
etter Heltberg døydde. — Johannes Ortvedt — han vart
teolog, Garborg hadde gløymt namnet. Like eins med Olsen
den fyrste. — Markus Olivarius Markussen — «mest lånt
frå Andreas Hølaas, ikkje nett portrett, for han var mykje
eldre student, ein flink, greid, småløgleg kar». (G). (Sfr. s. 61),
Han var fødd i Leksvika 1832, tok eksamen ved Klæbu
seminar 1855, student 1S62, kand. jur. 1866; 1862—75
kopist i marinedepartementet, i statsrevisjonen 1875 — 81,
stortingsvald statsrevisor z88i—88, i lag med Garborg,
og dei var gode vener og stridsbrør. Fut i Setesdal til
han døydda 1907. Stod mykje attum den politiske
agitasjonen for vinstre i 70—80 åri, serleg i arbeidarkrinsar, og
skreiv i btadi. Garborg hev han med i fleire av bøkene
sine, — Smalhans — no vanleg «snautt med mat»; i eldre
dansk 6g um eit magert menneske. I tysk personifikasjon
for svolten. — *Jeg er Olsen den første» — er etter ein
kuplett i 1. akt av «Den vene Helene», «La betle Hélléne»,
den kjende operetten av Offenbach, fritt umsett etter den
tyske teksti: «Ich bin Ajax, Held im Kriege, Jax». «La
belle Hélléne» hadde premiere i Paris 17. desbr. 1864 og
gjekk sin sigersgang yver Europa, vart framsynt på Christiania
Theater fyrste gong 13. mai 1866, då Bjørnson var styrar.
Det vart stor strid, og Bjørnson fekk ofte seinare høyra
at han hadde ført fram denne operetten. — higra — smålæ.

— Side 49. ^akademiske kvarter» — tidlegare byrja
fyrelesningane ved universiteti alltid eit kvarter etter den tidi dei
var sette. Ventekvarieret hev då fenge det namnet. — Hans
Haugum — «mest teke frå ein kamerat eg var mykje i lag

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0246.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free