- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
244

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Porsinna (Porsena) etruskisk konge som skulde hjelpa
Tarqui-nius Superbus til å fl att kongemakti i Rom, då han var
fordriven (510 f. Kr.). —Mangelsgarden — arbeidsheimen
«Prinds Christian Augusts Minde» i Storgata 36 i Oslo. I

18. hnd. var det ein av dei største og vakraste gardane i
Akersdalen, I 1757 kjøpte general Mangelsen eigedomen som
fekk namn etter han. Frå 1819 ein heim for arbeidslause og
gamle, etter kvart meir og meir tvangsarbeidshus.
Mangelsgarden var den siste bergingi for folk. — Side 55. Halvor
Mosebø — «ein stillfarande kar, kann henda eg tenkte på
Gunnar Nordbø frå seminaret, vart sidan klokkar». —
Side 56. Ilomansbykanten — eit villastrok i Oslo bak
(nordanfor) slottet, grunnlagt sist i 1850-åri av advokatane
P. J. og H. B. Homann. — Petum — eit tobakkslag.
Petum er det upphavlege namnet på tobakken hjå dei
innfødde på øyi Tobago, der europearane lærde å bruka tobakk.

— Side 58, ein gut med vintcrjrakken på — bladstyrar
O. Thommessen (f. 1851, student 1870), sfr. Tidens Tegn,
Lørdagsavisen 6. april I935. Han fortalde Garborg mykje
um Heltberg. — Side 59. tnyrasjonalistar* — dei som
vilde saumfara bibellæra etter vanleg kjeldekritisk måte og
sjå kristendomen og Jesu person ut frå ålment historisk
synspunkt; denne måten hadde serleg kome fram hjå dei
tyske granskarane Strauss, Bauer og Feuerbach, og den
franske filosofen Renan. Andre tok til å gjeva ei reint
naturvitskapleg forklåring på tilværet, og trudde ikkje på noko
yversanseleg («fritenkjarane»), positivismen (Auguste Comte)
og materialismen (Biichner, Håckel) med sterke tilskuv frå
Darwinismen. Som målsmenn for ymse av desse ideane
rekna dei hjå oss i den tidi dei unge brørne J. E. Sars og

G. 0. Sars, — Side 60. Per Brageland tein eg tenkte
på frå fabrikken og studentlivet». «Sven Dufva» — dikt
av den finske diktaren Johan Ludvig Runeberg (1804—77)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free