- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
245

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i «Fanrik Ståls Sagner» um den finske soldaten som ikkje
skyna å vika. Dei tvo siste linone heiter: «Ty visst var
tanken», mente man, «hos Duvfa knapp till mått; ett
då-ligt hufvud hade han, men hjertat det var godt». — Side 65.
Gregus Johnsen — «ein på skulen ei stutt tid, kjende han
ikkje personleg, hugsar ikkje namnet, skulde vera diktar;
representant for ei klasse». — Vedunderbo — gjekk visst
røynleg under eit anna namn; «gjekk på gata og fekk
lånt litt her og kvar». Det fanst nokre slike både
mil-lom dei som skulde taka artium og millom dei som liksom
studera. (sfr. s. x 9 8) — Jerusalerns skomakar — eller den
æv-lege jøden, ein segnfigur som etter den tyske folkeboki frå 1602
heitte Ahasverus og var skomakar i Jerusalem. Da Jesus
var på vegen til Golgata, vilde han kvila litt med krossen
utanfor huset åt Ahasverus; men han kom og slo Jesus
med spannreimi og dreiv han burt. Til straff skal han
reika rundt i verdi til domedag. Folk hev ofte set han
framigjenom tidene, gamal og innturka, bøygd og mosegrodd
med leisteknippet i handi. Jolekvelden fær han kvila eit
lite bil.

Side 67. Russelagskvclden. Eksamen artium var den
gongen i august ved universitetet. Elevane kom saman
frå heile landet. Dei heldt tvo russelag, eit då den
skriftlege sensuren fall um lag midt i august, og eitt *.
september. Skildringane her er mest frå Garborgs eigne
russelag med drag frå andre studentfestar han hadde vore med
på eller høyrt um. I 1875 var fyrste festen 17. aug. i
festsalen på Klingenberg, ein morostad der seinare Tivoli
kom, midt mot universitetet, med teater, konsertsal, sirkus

0. m. m. og ein stor hage utanikring, der dei ofte heldt
studentlag, folkemøte o. sl. Det heiter at festen gjekk
etter måten stilt for seg; rnen mest ingen talar kom til
orde, eller lenger enn til «mine herrer». Talen åt magis-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0249.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free