- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
247

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

m. a. i «Morgenbladet.» «Sit prinsipielt konservative
grund-syn og sin uvilje imot de fremskridtstroende haevdet Monrad
med fasthet og bevisst intoleranse saa længe han levde, og
med adskillig grund blev han og Lochmann og Gisle
Johnson betragtet som de moderne tanketrømningers tre
far-ligste motstandere i 1870—80-aarenes Norge» (Fr. Bull i
Norsk Litteraturhistorie, IV. s. 258). Han var ikkje sjeldan
med millom studentane, heldt alle slag talar og hev skrive
studentsongen «Hvor herligt er Studentens Kald» (1843).
«Ofte proklamerede han sig som studiosus perpetuus, og
han fremholdt sterkt at dette var enhver ægte akademikers
kald» (Wallem: Det norske studentersamfunds historie,
s. 580). Han var med på russefesten 1875 °S heldt ein
tale um lag som denne her som talsmann for den
abstrakte studentidealiteten. Han vart boren på gullstol
t. d. på russefesten 1881. Garborg skreiv ei lang melding
i «Mgbl. i 1874 av fyrelesningane hans «Om det skjønne» og
valde han til privatpræseptor. —• Side 76. Ein framand
fyr, ein stor tosk — er student Stensrud, som kjem
att s. 78 og seinare i boki (stend i 1. utg. s. 248).

— kjeringjé mi — seinare: kjeringa mi og so kjeringjé
mi att — etter originalen til å syna kor ustød bondeguten
hev vorte i målføret sitt (vest-telemål: kjeringjé) — Side 77.
Tvo karakterar (3,4) fekk dei for historie og geografi
som dei vart eksaminera i under eitt, — flå med
navaren — frå ordtaket: «Det er godt å gjera med gode
greidor», sa mannen, han flådde merri med navaren (o: å
måtta gjera noko med dårlege reidskapar). — Side 78.
Dølen — A. O. Vinje (i8r8‘—70). — «Dølen, eit
Vikublad» gav Vinje ut frå 1858—70. I dei 12 åri
kom det berre 8 årgangar, og berre 3 av dei hadde
52 nr., og berre i den fyrste kom bladet regelrett frå
vike til vike. Det «er vel det mærkelegaste blade i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free