- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
248

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heile soga vaar. Aldri har me vel hat eit blad so stærkt
personlegt, so heilt igjenom fraa fyrst til sist stempla av
ein einaste mann, «Dølen er eit Menneske og ikkje nokot
daudt Blad», sa han sjølv ein gong». (Koht: «A. O. V.»,
s. 18, «Nordmænd i det nittende aarhundrede» III,
s. 18.) «Dølen vart Vinje, og Vinje art Dølen.»
Garborg hadde ikkje sét Vinje. Likevel er det eit framifrå bilete
han gjev av han, både i det ytre og i synsmåtar. Vinje
hadde ord på seg for å vera stygg, endå det er ikkje lite
yverdrive; for han skjemta sjølv med det mange gonger.
«Der var noget vildmandsagtig i hans udseende», skreiv
Sars (i «Samlede Værker» IV, s. 312, der han vidare gjev
ei skildring av korleis han såg ut). Men når han tala, kom
det slikt liv yver han, at folk gløymde at han var stygg.
(Sfr. Bjørnson: «Lang og slåpen», Henrik Jæger:
«Illu-streret norsk litteraturhistorie», II, s. 521, Nils Collett Vogt,
skildringi «Troll» i «Mennesker»). Garborg hadde tidleg
lese «Dølen», og Vinje: «Skrifter i Utval» kom nett med

1. bandet, då Garborg heldt på med Bondestudentar (1.
heftet 18S2, 2. heftet 1883), I 1. utg. stend til slutt beint
fram at mykje av talen er etter skrifter av A. O. Vinje.
Mest er etter ein tale Vinje heldt for kvinna på
50-års-festen i «Selskabet for Norges Vel», i Logen 1859
(«Dølen» II, 1. jan. 1860, «Skrifter i samling» III, s. 87).
Sume bolkar er mest ordrett attgjevne. Til slutt hadde
han då eit vers: «Vi alle kvinna likar». Her er det vel
til slutt tenkt på nokre vers som stend i «Ferdaminne»
(7. utg, s, 138): «Den vene gjenta skal ut og blenkja».
Siste verset lyder: «Den beste gjenta skuld’ alltid vera for
den som kunde det beste gjera. Den fagre gjenta skuld’
faa seg den, som rneire kann enn dei andre menn». Det
var eit ynskje han tidt hadde. For han var glad i kvendi
og ofte hugteken, meir og minder låfengt, og han måtte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0252.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free