- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
249

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

då skjemta med elskhugen sin (sfr. «Ferdaminne»), Han
vart verande ugift (sveinkall) til han var yver 50 år (gift
1869). «Han hadde jo ikke noget at leve av», som ei av
dei han var mykje i lag med, hev sagt, og det fekk han
mange gonger merka. Han freista då å trøysta seg med
at den som skal strida for ein idé, må vera ugift (det var
eit ålment ord i kameratflokken og fleire av dei levde etter
det, sjå merkn. til s. 81). — Vinje var mykje med miliom
studentane, heldt gjeme talar og hev skrive mange songar
til studenthøve. På det store møtet 19. mars 1870, då
striden stod um Bjørnson skulde attveljast til formann, sa
Bjørnson: «Dikteren Vinje har ordet». Mange i salen ropa
då: «Sagfører Vinje.» Bjørnson slo fast med klubba:
*Dik-teren Vinje,» Åtte dagar etter gjorde Bjørnson framlegg um
at Vinje skulde vera «indbudt Medlem», «denne dansende
satyr foran begeistringens nye bacchustog». Men
framlegget drukna i ståk og protestar. Snart etter døydde Vinje.

— Side 79. kvinna er eit skropcleg kar — frå 1. Peters brev,
3,7 : «Kvinna er eit veikare kjerald». — satyr— kåt, ståkande
mannleg skog- eller fjellånd; ofte i kunsti synt fram som
halvt menneske (øvre luten) og halvt dyr. — Side 80.
Dølens «tvisyn» — Vinje hev sjølv nemnt det i
«Ferdaminne» (7. utg. s. 164) som sermerkt for «Hovudstadsfolk»:
«at me lettare ser kvar ting liksom med ei dobbelsyn; me
ser med eitt augnekast liksom retta og ronga paa livsens
vev, soleis at me lettare kann liksom graata med det eine
auga og læ med det andre». Det var ei blanding av på
den eine sida kvass kritikk, ironi og sans for det
røynlege i livet, og på den andre sida evne til å gjeva seg burt
i naturfriske hugsyner og lyriske stemningar, hugen «til at
dansa paa denne Knivsegg miliom Himmelrike og Helviti»,
Det var elles meir i formi enn i røyndi. — Side 81.
kameratane som såg so høgvise og åndsaristokratiske ut, er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free