- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
250

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vel «Døleringen», den vidgjetne flokken av unge radikale
kandidatar, universitets- og departementsfolk, som samla seg
kring Vinje i 1860-åri utetter. Dei kom saman ein gong
i vika anten heime hjå ein («kvervings-drykkjur») eller i
kaféen i studentsamfundet («Turistentage» til å minnast
fjellferdene frå sumaren). Dei var målstrevarar, stridde for
landsens fulle nasjonale og politiske sjølvstende,
europearar og fylgde godt med i dei nye tankestraumane. I

1867 gav dei ut hladet «Vort Land» eit halvt år, der
t Dølen» * budde i kjellaren»; elles samla dei seg um
«Dølen» og var kjernen i den radikale opposisjonen i den
tid mot embetsveldet og unionspolitikken. Det var
soge-granskaren J. E. Sars (1835—1917, ugift), soologen G. O.
Sars (1837—1927, ugift), realisten Carl Berner (1841 —1918),
juristen H. E. Berner (1839—1920), målgranskaren Hans
Ross (1833—1914, ugift), teologen Frits Hansen (1841 —
1911), medisinaren Klaus Hansen (1844—1914), juristen
J. C, Krogh (1839—1921, ugift), juristen Werner
Weren-skiold (1831 —1910, ugift), juristen J. E. Nielsen (1827 —
1916, ugift då). Sumtid var og Ivar Aasen (1813—96,
ugift) og andre med. — Guanokratiet — eit ord dei i
1860-åri, serleg i «Døleringen», nytta um dei i
embetsverket som hadde sterke næringsdrivande interessor og
nytta ut si offentlege stilling til å tena privat eller kara til
seg alle slag godt betalte attåt-arbeid. I «Vaar Politik»,
s. 36 («Skr. i Utval» V s. 353) fortel Vinje korleis ordet
hev kome upp, i stykket um «Det Aschehougske Princip».
Det var då lektor (professor) Aschehoug var sekretær i
Selskabet for Norges Vel (1851—60) og selskapet tok heim
store mengder guano (fuglegjødsel) frå Sud-Amerika og
selde gjenom kommisjonær. Aschehoug skulde ha tent
pengar på det. Professor Aschehoug (1822 —1909) hadde
elles ei stor mengd attåt-postar, og det vart ofte sterkt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free