- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
256

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

til å leita etter metall innum eit visst umråde, eller kanna
seg rett til metallgang som ein hev funne. Ein melder frå
til lensmannen og har då retten i 18 månader. — ordskifte um
eit haustball — med tilføre av ei haustmoro studentane
heldt i 1877, hev Garborg eit kvast åtak på
studentsamfundet og livet der i nr. 3 av «Fedraheimen» (sfr. s. 218).
Studentsamfundet «liver på rein aandeleg Sveltihel», uppteke med
småsaker og tøv og hev ikkje sans for det store som rører
seg i tidi. Heller ikkje universitetet eller skulane gjer
skyldnaden sin. Det som trongst var «meir Aand i heile Live
vaart, og so kanhenda ei ny Aand inn i Landsens Skuleverk
og Folkefostring». — redigere in absurdum — eller reducere
in (ad) absurdum — føra eit påstand attende til det
urimelege, prova at det er urimeleg. — toddy — drykk, blanda
av spiritus (konjak) el. vin, varmt vatn og sukker, kom frå
Skottland for ikr. 100 år sidan. — Hærland — «ikkje
nokon viss mann; kann henda det var ein eg hadde høyrt
um, som fekk hans lagnad» (G.); «ein merkjeleg Kar, ein
stor Latinar og ein forbannad Filosof, men snild Gut
like-væl». (1. utg. s. 153), (sfr. s. 43, 188 og 214 og merkn.). —
«Frans»-klikken — sjå s. 119 og merkn. — «overgangen»
frå, ‘intet’ — professor Monrad heldt på den Hegelske
filosofien lenge etter han var forlaten ute i Europa. Hegel
(1770—1831) hadde bygt upp eit storfelt filosofisk systf.m
med sin «dialektiske metode», frå «tesis — antitesis» til
«syntesis». Tanken gjeng frå det «absolute vera» yver til
det reine «ikkje vera», og so slær det yver i vera att, og
det vert «å verta»; soleis gjeng tankelivet og
tilværefeno-meni i trilogiar. («Ansich — fursich — anundfiirsich»),
Hegel og hans elevar laga ein serleg terminologi, og tøygde
ofte ordtydingane etter teorien. «Jonglørkunster med
hjelpeverb» kalla Schweigaard det alt i 1830-åri. Men det strengt
uppbygde filosofiske systemet hadde ikkje lite å segja på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free