- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
258

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Cæsar. — dei velduge ideane — sfr. innleidingi s. 224. —
Side 106. varulv—manneulv. Ei gamal fyrestelling um at
folk um natti tok på seg eller hadde fenge kasta på seg
ulveham og rasa ikring som ulvar, men berre mykje meir
blodgriske. — Side 108. «Dampen» — Christiania
Damp-kjøken > Torggata, skipa i 1857 som det fyrste og største
folkekjøken i nordlandi, der dei koka maten med damp.
Det er store matsalar, der folk fær kjøpt billeg mat. (sfr.
s. 209). — Side 111. bladstyraren av «Bondevennen> —
er styraren av «Almue vennen», sjå merkn. til s. 21. «Eg
var uppe hjå han ein gong i same ærend* (G.). — han
i fyrromet — «er og etter augnesyn, anten i
«Almue-vennen» eller «Aftenbladet». (G.). — Side 115. Salmen
i Kingo — er «Mit Hjerte, hvi græmmer du dig», på
midfastesundag; i 16 vers skildrar Kingo ymse
hendingar i Bibelen der Gud hev hjelpt folk-, i 1. utg. stend 7
vers. Um Elias hjå enkja i Sarepta, sjå merkn. til s. 5.

— Side 117. de fire species — dei fire rekningsmåtane
(addisjon o. s. b.).

Castelar, Emilio (1832—99), statsmann og
universitetslærar, ein framifrå talar som var med i spansk politikk
serleg i revolusjonsåri frå 1868 og utetter, var ei stutt
tid fyrsteminister frå 1873. — Fjørtoft var mykje
upp-glodd for Castelar og hev umsett talen hans i Cortes 12.
april 1869 um religionsfridom (prenta i «Fram», 2. årg.)
og talen 20. mai 1869 um monarki eller republikk,
prenta som «Folkelesna 1 på Café National sin Kostna».
I 3. årg. av «Fram* kom endå 2 talar av Castelar.

— Side 118. dei politiske tilstand i Frankrike — ikr.
1870 då misnøgje med Napoleon III og seinare
striden um styringsformi var levande. I «Folkelesna 2 fraa
Samlagje «Fram»» hev Fjørtoft umsett eit langt stykke
etter den belgiske sosialøkonomiske tenkjaren de Laveleye

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0262.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free