- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
259

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

(1822—92) um «Kor vert de me Frankrik no?» (1871). —
eit rengjebilete av eit nasjonalteater — gjeld det gamle
Christiania Theater, sjå merkn. til s. 147. — Side 119. Fram

— Olaus Johannes Fjørtoft (1847—78). Det var Chr. Broun
som sette namnet «Fram» på han, og han tok det upp og
nytta det til namn på «samlagje» sitt og «eit Vikebla for
Maalmenn og Bondevenne» i 2. halvår 71 og
«Maanas-Skrift te folkeleg Opplysning» (72—73), Bladstyre var:
Oskar Norman Eng (medisinar), O. J. Fjørtoft, Lars Holst
(jurist, bladstyrar) og H. J. Horst (rektor og politikar).
Andre som var med i «Framflokken», var: J. J. Hjelmesæt
(sjå merkn. til s. 214), Elling B. Holst (matematikar),
Nicolai Jul. Sørensen (skulemann, bladmann, politikar),
Steinar Shcjøtt (skulemann), Marius Hægstad (skulemann og
professor), A. Bjømvall (kaptein), Kr. Randers (forfattar),
Mour-sund (jurist, politikar). Sume stod klikken nær: brørne
Kristofer og Ragnvald Kristofersen, O. Thommesen, Nicolai
Grevstad, Ludv. Eriksen, J. C. Krogh. Fyremålet med
«samlagje» var «folkeleg vokster i landet, statstelle, skule
og kjirke» -— Fjørtoft var frå Sunnmøre, gjekk på Heltberg
studentfabrikk 1866—69, strauk i latin 2 gonger, student
1869. Han hadde store evnor for matematikk og astronomi
og levde av å gjeva privat upplæring i dei fagi,
samstundes som han studera dei vitskapleg utan at det vart til
større. Han var levande med i dei politiske brytingane
og alltid ein djerv, pågåande talsmann for nye idear. Han
var ihuga folkeven og målstrevar, men kom i motsetning
til Aasen og styrarane i Det norske samlaget, for han heldt
so sterkt på dialektgrunnlaget. I studentsamfundet stridde
han (serleg med opposisjonsbladet sitt «Tiraljøren» (1871)
for at studentane skulde vera meir med i det moderne
europeiske åndslivet og føra nye tankar ut til det store
folket. Han vilde ha fullt folkestyre med republikk og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free