- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
6

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

6

Fedraheimen.

Idde Januar 1881.

garne og tok Magti fraa dei gamle
Ætterne, og Saltnes-Gutarne og Tor-
parguten Ulv fraa Lauvnes kom til
Ære. Detta same hender hjaa oss den
Dag idag og erter dei gamle Ætterne
upp til aa slaast fyr Livet. Til dessa
hev det ikkje voret mange endaa av nye
Atter, som hev arbeidt seg upp millom
dei gamle Embætsmansætterne, og dei
hev voret for faa til aa fornorske dei
og sjølve hev dei vortet fordanskad,
og nokre av dei høyrer no til dei ar-
gaste Motstandarar av den norske
Sak, Men soleids kann detikkje gaa
heretter; dei gamle ZÆKtterne kann ikkje
liva til æveleg Tid, og fleire og fleire
norske Ætter kjem upp. Og no kjem
det til, som vil gjera Striden endaa
mykje kvassare: Maalsaki. Dei norske
Ætterne vil eingong føra sitt Maal
med seg upp i Høgdi, og endaa In-
telligensen lær av denne Saki og tyk-
kjer, det er berre Tull, so stend ho
likevæl som ei trugande Toresky i
Himmelsynet og kann koma yver dei
Vonom snarare. Det absolute Veto i
Grunnlogssaker og Bevillingssaker er
berre Smaating mot detta. Det vert
ein Strid her. som me ikkje hev set
Maken til, fraa di Sverre og Birkebei-
narne ”appellerede til Folkets lavere
Instinkter.” Liksom paa Sverres Tider
vil Intelligensen sjaa seg um etter
Hjelp, og der finst nok dei, som gjerne
vilde hjelpe, um dei kunne. Danmark
stakar, vil tapa overlag mykje, um den
norske Saki fær Framgang, det vert
elt større Tap enn det leid i 1864.
Norig er endaa i mange Maatar ein
”Ladegaard” under Danmark. Det
danske Aandsliv liver mest likso mykje
paa oss som paa Danskarne sjølve,
og naar Danskarne ikkje fær nokon
Avsetnad lenger her uppe fyr Bøkerne
sine, og det danske Folket skal bera
alt ihop aaleine, daa fyrst fyr Dan-
mark til Gagns kjenne, kvat det hadde
paa seg aa misse Norig. I ISI4 mis-
ste det berre Helvti av Norig, no spyrst
det, um det skal misse den andre Helvti.
Gjer det det, so vil det danske Aands-
liv skrøkke ihop, og det dauske Maa-
let ikkje verte stort gjevare enn bas-
kisk elder lappisk, for so sagde ein
Engelsmånn nyss um det norske Maalet.
og dei tvo Maal vil koma til aa faa
like stor Magt paa Lag. Kunne Dan-
mark so sant hjelpe Intelligensen vaar
vilde det visst gjera det, men det kann
ikkje gjera annat enn gjeva vondt fraa
seg. So er det den Hjelp, Intelligen-
sen ventar fraa Kongemagti og Sverike.
Kvat Kongemagti kann hjelpe, hev me
no set. Den same Styringi, som i det
fjortande og femtande Aarhundrad
øydelagde Norigs Sjølvsteude, den vil
no, daa Folket hev vaknat upp, gjera
beint det motsette. I 1864—1866 var
Skandinavismen paa det heitaste; daa
fekk me upp Augurne, og Maalsaki
kom som ein Protest og vart med ein
Gong praktisk. Nokre Aar etter kom
Unionsforslaget; strakst fekk det libe-
rale Partiet Yvermagti. No kjem det
absolute Veto — me sett Republikken
upp imot; Kongemagti hev sett seg
fyre aa verte sterk; no hev ho vortet
so veik, at ho hev aldri voret so veik
fraa di Harald Haarfagre samlad Ri-
ket. Nordmennerne er ikkje lenger

som dei var i Henrik Krummedikes
og Vincens Lunges Dagar. Sverike
skulde visst gjerne hava eit Ord med
i Laget, naar Maalsaki kjem retteleg
fram; paa ein Maate skulde Sverike
like det godt, for naar Norig kom heilt
burt fraa Danmark, so var det Von
um åt Sverike skulde hava lettare fyr
aa taka ”heile Grisen.” Men so reint
trygt er det no ikkje helder. For
store Stykkje av Sverike talar eit
Maal, som er slikt, at um eit skikke-
legt norskt Landsmaal arbeider seg
fram, vilde dei helder taka det enn
halda paa det svenske Bokmaalet,
som det noer. Daa kunne Norig snart
faa Skadebot :tyr det, at det norske
Maalet eingong laag under fyr det
danske. Fær Maalsaki Framgang, daa
lyt nokon kvar agte seg. Men hjelpe
Intelligensen vaar med Vaapenmagt
det gjer Sverike aldri. - Skulde me vera
sambundet med eit Land, som vilde
leggje seg upp 1 vaare indre Greidur,
daa kunne me likso godt gaa i Lag
med Russland. Og um Sverike hjelpte
Intelligensen vaar, og vann. 80 veit
alle det, at ein brukar Landssvikarar,
men etterpaa gjev em der em god
Dag. so Intelligensen skulde ikkje lite
for mykje paa Sverike.

Av alt detta kann me sjaa tvo
Ting: fyrst det, at naar so mange er
Landssvikarar, so er det ikkje fyr di,
at dei er Ugjerningsmenner, men fyr
di dei er heimlause Folk, som vil
bergje Livet. Fyr det andre, at den
politiske Stellingi hev lagat seg soleids
til, at den Steinen, som Bygmeistararne
vyrde litet um. no hev vortet ein Hyr-
nesten.

slvad drømmer vore Republi-
kanere om:é

— spør Ri ”Fedrelandet?. Kor veit

no Hr. R so visst. at Republikanararne

drøymer?

Det han skriv, viser, at han hev
ikkje leset nokot av det, som er fram-
komet fraa Fristatsmennerne i seinare
Tid. Dersom han hadde leset Bjørn-
sons ”Af mine Foredrag” eller Jaabæks
”Varme Piller”, so vilde han ikkje ta-
lat so trygt um Draumar. Ikkje ein-
gong Diktaren Bjøruson ,,drøymer” her.
Han talar klaart og klokt og praktisk,
naar han talar um den Saki.

Å. ligg enno og vasar um, at Fri-
statsmennerne tenkjer seg Republikken
som eit ”indbildt Utopien” (sic), der
det ikkje skal vera korkje Skattar (!).
Her-tenest eller usund ”Hoffmoral” —
(nei det siste er sannt, Hr. Rt). Det
er ingen, som tenkjer paa noko ”Uto-
pien”. Det er lengje sidan Fristaten
berre var eit Draumland. Me hev
Fristatar rundt um Øyro paa oss, Fri-
statar baade i Europa og i Amerika.
Der kann me sjaa, korleids paa Lag
den Riksformi tek seg ut. Det finnst
ingen, som drøymer um, at Fristatarne
er Engleheimar elder Paradishagar:
Folk er Folk, kor Ein gjer av dei.
Men difor kann Fristaten godt vera
ei betre Riksform enn Kongedømet.
Det skal daa ikkje so mykje til det,
iallfall ettersom Kongedømet. steller

seg i some Land no um Dagen. Og
dei norske Fristatsmennerne, serleg

Bjørnson, hev greidt nok sagt, kva det
er dei finn, at Republikken er betre
enn Kongedømet i. Republikken hev
mindre Humbug og Vas, meir greidt
og ærlegt gjenøomtørt Folkestyre, større
Aandsfridom, friare Rum for det ærlege
Arbeid; dessutan er Republikken bille-
gare og meir moralsk. Det er ingen
Republik, som betalar i Hundradtu-
sundtal av Dalarar for aa faa øydelagt
ei heil Horg av unge Menn og Kvin-
nur ved eit ”Hoft”. Og Republikken
er meir praktisk. Det er ingen Repu-
blik, som gjev ein Minister 40,000
Krunur, for at han skal bruka heile si
Tid og Kraft til aa driva ufolkeleg og
unational Politikk. Republikken er
meir ivrig etter aalmenn folkeleg Upp-
lysning. Deter til Skularne, at Re-
publikken helst ofrar. Ingen Republikk
vilde finna seg i aa hava ein Folke-
skule, som øydde si beste Kraft paa
aa pugga inn ei Forklaring, som Smaa-
born ikkje kann forstaa — og ikkje
Vaksne heller for den Skuld. Repu-
blikken er meir fredelskande. Han er
ikkje so glad i Herstell og Herstaak
med Glans og Glitter og Narrefakter
og Former som Kongedømet. og er
heller ikkje so snar til aa frasa upp
og byrja Krig. Det er mange slike
Ting, som Fin kann nemna. Fristaten
hev sine Lyte den au. Den ”fullkom-
ne” Statsform er euno ikkje funni.
Men som sagt: det skulde vera ein
skral Fristat, som ikkje var likare
enn eit ufolkelegt og uparlamentariskt
Kongedøme!

Det kann Ein og forstaa av det.
at Kongsmennerne vaare, naar dei
skal forsvara Kongedømet, hev so reint
utrulegt faae Grunnar for seg. Naar
det kjem til Stykket, hev dei berre
ein Grunn. Og den Grunnen er ingen
Grunn, ja er paa ein Maate verre enn
ingen.

Den einaste Grunnen, dei hev er
— Unionen med Sverig. Hugsar dei
Herrar Fristatsmenn, at me hev ei
Riksakt? Og hugsar dei, at Sverig
er Kongerike? — Vil Norig gjera seg
til Republik, maa det altso løysa seg
ut or Samfestet. Men kva vil Sverig
segja til det? — Og vil Norig kunna
vera til, naar det ikkje hev Studnad i
Sverig?

— Det er den einaste Grunnen,

og den, segjer me. er verre enn
ingen.

For det fyrste er det ingen Grunn
mot Republikken. Det er ein
Utanfraa-Grunn, som ikkje segjer det
Slag um, anten Republikken er best
hell Kongedømet er best. Og for det
andre — er det ein Grunn som viser,
at dei, som kjem fram med han, ikkje
er frie for aa vera ”uniousmerkte”
og provinslyndte i sjølve sin Hug og
Tanke.

Er det det, Unionen skal vera til,
at han skal liggja i Vegen for Norigs
frie Framgang og Utvikling? Hev me
det slik med Sverig. at me ikkje len-
ger kann raa for, kva me sjølve vil?
Er Samfestet med Sverig altso likevæl
eit Provinshand paa oss, 80 at Syverig
kann fyreskriva oss, kva me skal gjera
og vilja?

Og so dette, at Norig: er for veikt

til aa vera eit Land for seg sjølv. Er
det Tenkjemaaten aat dei ”stolte Nord-
menn?” Et det det, me hev lært i
66 fagre Fridomsaar, at gamle Norig
ikkje lenger skal kunna berga seg
utan Hjelp av dei ”blåa gossar?”

Fin Nordmann av dei fraa 1814
vilde kanskje tenkt modigare um den
Ting, tenkt raskare og djervare, tenkt
meir som fri Mann og ”Norigs Son,”
enn desse Gamalklokingarne fraa 1880.

Det er ingen Fristatsmann. som
ikkje hev likso klaar Tanke um Uni-
onen som Kongsmennerne, Og det er
heller ingen Fristatsmann, som ikkje
hev tenkt fullt so klaart yver Norigs
Magt og Framtidsvoner som dei. Det
er 1 det heile ikkje Framgangsmen-
nerne, som plar vera dei Tankelau-
saste.

Fristatsmennerne er dei, som kan-
skje minst hev tenkt paa aa ”sprengja
Unionen.” Tvertimot. Det er just
Fristatsmennerne, som hev tenkt mest
og klaarast paa aa faa eit Samband
istand millom alle tri Nordlandi,
so at dei kunde vera dess tryggare
paa aa sleppa aa uroast av framande
Herrar.

Me kann 180 Maate visa til det nye
republikanske Tidsskriftet ”Før Nor-
dens enhet og frihet”. Me hev fyrr skri-
vet eit Stykkje imot dette Bladet, fordi
me trudde at det tenkte paa Saman ø-
ring av dei tri nordiske Folki. No
ser me av eit Svar, som Bladet hev
skrivet til ”Fedrh." og ”V.G.,” at Tanken
ikkje er den. Tankener: tri nordiske
Fristatar, som daa nærmare kann koma
til Lags um, kor mykje dei vil vera
sams um. Dei fleste Fristatsmenn i
alle tri Landi vil daa visseleg segja,
at dei tri nordiske Fristatarne skal
hava kvar sitt Hushald i alle Ting.
men hava sams Forsvar mot utan-
lands Fiendar. Altso tri frie Folk
i godt Venskap og i Forsvarsforbund.
Me skulde undrast paa, um den Tan-
ken ikkje er praktisk. Det er em
Framtidstanke, naturlegvis; men det
er some Framtidstankar. som ikkje er
berre Draumar!

Kom denne Tanken 1 Verk, so trur
me ikkje det vart sofaarlegt med alle
desse ”udenlandske Intriger og Con-
spirationer”. som dei norske Kongs-
mennerne talar um, og som sjølve R
nemner i ”PFedrel.”, vonleg for aa skræ-
ma Bønderne med dei rare framande
Ordi. Me trur, at det kann vera likso
stor Faare for visse utanlandske ”In-
triger og Couspirationer” no, som det
daa vilde verta. —

Men um me for det fyrste tenkjer
paa det Samfestet, me no hev berre
med Sverig, so vil alle norsklyndte
Menn for det fyrste segja det, at dette
Samfestet aldri er tenkt aa vera og
hellerikkje kann vera nokon Meinkrok
i Vegen for Norigs Framgang. Det
hev voret sagt av eit av dei største
svenske Blad, at Unionen millom Norig
og Sverig i rette Røyndi ikkje er an-
nat no heller enn eit Forsvars for-
bnnd. Og um det eine Landet. lat
det vera Sverig, lat det vera Norig,
ein god Dag gjorde seg til Fristat, —
der var ingen Ting i Vegen for, at
Forsvarsforbundet kunde standa like

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free