- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
26

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eden Eee nevn

=me=rspre

- marne.

26

Fedraheimen.

19de Februar 1881.

det Vantrui, som no tek upp det
store aalmenne Kjærleiksarbeid, som
just Trui skulde gjera, men som ho
ikkje fær Stunder til, av di ho fyrst
og fremst skal ”stydja Samfundet” og
forsvara ”Kapitalen? og ”Magti” og
”det Bestaaende,” — er det Vantrui,
som tek upp det Arbeidet; Trui skulde
gjera, — daa skulde dei, som kallar
seg Kristne, skjemmast, tigja og berre
prøva aa taka etter; for nokon Rett
til aa døma hev slike Kristne under
slike Vilkor ikkje.

Eg trur hellest det fær vera det
same, kven som gjer dette store Ar-
beidet, berre det vert gjort. For slik
som det enno paa dei fleste Staderne
er, so er det skræmelegt med all Naudi,
som Folk liver og gjeng under 1, Side
um Side med alle dei store Rikdo-
Maar du tenkjer paa dette,
so er det slik, at Maten vert til Graa-
stein i Munnen din, og Klædi bren-
ner deg paa Kroppen som Nesleris;
du synest ikkje du hev Lov til aa
vera til, naar du veit alt dette og ikkje
kann hjelpa. I dei store Kulturlandi
er der alt gjort ymse Forsøk paa aa
faa ein betre Skipnad, og det kann
ikkje vera Tvil um, at nokot maa
kunna gjerast. Eg hev sjeldan leset
nokot, som hev voret so byggjelegt og
styrkjande og rikt paa Voner som det
Bjørnson skreiv for ei Tid sidan um
dei amerikanske Arbeidararne. I
Amerika, iallfall paa sume Stader, er
dei altso komne so langt, at Arbeida-
rarne kam liva som Folk, bu som Folk,
klæda seg som Folk, og kjenna seg
som Folk i alle Maatar, so dei endaa
hev Raad til aa lesa. Dette maa
med god Vilje og aalvorlegt Stræv
kunna gjenomførast andre Stader med.
Dei kultiverade Samfundi maa kunna
naa so vidt, at alle dei, som vil og
kann arbeida, maa kunna liva paa Fol-
kevis av Arbeidet sitt; ”Fatikhjelp”
vil daa berre slike faa, som ikkje kann
arbeida, og det vert aldri etter Maa-
ten fleire, enn at dei kann faa skikke-
leg Hjelp.

Aa naa dette Maalet vil ikkje verta
lett; Rikmennerne og — Skam aa segja
det — Prestarne og heile det gamle
Veldet sett seg imot. Arbeidararne
sjølv maa altso taka seg paa Tak og
hjelpa til. Det er dette, den liberale
Politikken no vil setja dei istand til,
baade ved aa gjeva dei meir Upplys-
ning og ved etterkvart aa gjeva dei
full Borgarrett, so dei kann faa gjera
sine Meiningar gjeldande. Naar den
liberale Politikken arbeider fram imot
dette, so er det ein so god Gjerning,
at ingen Prest kann fordøma det, og
den liberale Politikken vert ved dette
mange Gonger meir kristeles enn heile
Heuchs Statsteologi.

Q

Budgettet 1881—1882.

5.

Den kongelege Militærkom-
mission er eit av dei sværaste og
grovaste Tiltak, som Regjeringi hev
vaagat. Det var ein Freistnad baade
imot Storthingets Magt i det heile og
imot dess Bevilgningsrett. Dessutan

hadde Storthinget sagt, at det ikkje
brydde seg um nokon kongeleg Kom-
mission i denne Saki, og det var kjent
for Gud og Mann, at ein kongeleg
Kommission helder ikkje kunde gjera
nokot i den Saki no. Men trass ialt
nedsette Regjeringi denne Kommissi-
onen og gav seg dessutan til av all
si Magt aa freista paa aa sprengja den
Komiteen, Thinget hadde sett, so den
helder ikkje skulde faa gjera nokot,
og daa det ikkje nyttad, gav ho seg
til paa ein halvt syrgjeleg og halvt
flirande Maate aa forfylgja dei ein-
skilde Medlemarne i Komiteen, som
ho kunde naa.

Heile Framferdi aat Regjeringi var
slikt, at Fin mest kunde venta, ho
vilde skjemnast for aa nemna den
Saki for Storthinget. Men — Selmers
Regjering baade nemner henne og
meir enn det. Hospring yver alt det,
som handlar um hennar eigne Neder-
lag; men Kommissionen sjølv nemner
ho med godt Samvit, utan eit eina-
ste Ord til Forklaring, utan aa
gjeva ein einaste Grunn for, at ho hev
boret seg aat som ho hev gjort. Og
so —ja so er det væl ikkje meir? Nei,
— ikkje annat enn det, at Regjeringi
krev, at Storthinget skal bevilga
Pengar til denne merkjelege Kom-
missionen.

— Pengar! Storthinget skal be-
vilga nye Pengar til dette Tiltaket,
som er eit av dei grovaste, Regjeringi
hev vaagat mot Thingets Rett og
Magt!

Ja, det kann Regjeringi. Ikkje eit
Ord til Forklaring elder Grunn. In-
genting um, at Kommissionen trengst
elder slikt, — berre Pengar. 8000 Kr!
”Kommissionen kjem kanskje til aa
sitja eit Aar til”, segjer Regjeringi;
altso fær Storthinget bevilga.

Kunde det ikkje vera nok med dei
Pengarne, som Kommissionen alt hev
etet upp til ingen Verdens Nytte? 20
Kr. Dagen til 6 Mann! — Nei. Der
maa meir til, og det skal Storthinget
bevilga! . ;

"Er ei sligt
Vidunderligt —?!
6.

Det er Embættsveldet, Regjeringi
vil og maa stydja. Her er eit Døme
paa det:

Fyrr hev Embættsmennerne, naar
dei fekk ”Bestallingi” til eit Embætte,
betalt ein viss Sum, eit Slags Embætts-
skatt, til Rikskassa.

No, i denne Tid, daa det knip
so sterkt for Rikskassa, at det trengst
baade Tollpaalegg og Skattepaalegg
og endaa kanskje meir, — no kjem
Regjeringi med det Forslaget, at desse
Pengarne ikkje lenger skal gaa til
Rikskassa, men tileit "Fond til Un-
derstøttelse av Embedsmænds
Børn og Enker, efter Kongens nær-
mere Bestemmelse.”

— Andre Folks ”Børn og Enker”
lyt nok klaara seg utan nokot Fond,
dei! Og i desse Dagar kunde det
turvast, at Rikskassa fekk inn alle
dei Pengarne som det var Raad til!
Men nei; Embættsstanden gjeng fyrst.
Den maa livast aa stydjast paa alle
Endar, — den, og alt som den tilhøy-

rer; — Landet greider seg nok; for det
kann laana.

Det er ”Føderaadstanken”, som er
ute og spøkjer. Ein fæl, daud Tanke.
Det er stundom so Ein fær ei Kjen-
ning av, at Embættsintelligensen i dette
Landet ikkje hev annat Formaal enn
det aa stella seg sjølv til Rettes for
— Likkista.

Me
”Chefen for Finants- og Tolddeparte-
mentet, Statsraad Helliesen, har un der-
danigst foredraget følgende:*)

Man har derhos modtaget en Oversigt
over de af Storthinget fattede Deslut-
ninger angaaende Statskassens Ind-
tægter og Udgifter i indeværende Bud-
getaar. — — — Men da Oversigten,
der sees at være underskrevet af de
to Repræsentanter, der ved Stor-
thingets Opløsning fungerede
som dets Præsident og Sekretær,
først er dateret 13de Juli næstefter,
— —, — maa Oversigten antages først
at være bleven affattet eller endelig
udarbeidet, efterat Storthinget var op-
løst, og kan følgelig ikke tillæg-
ges samme Betydning som et fra
Storthinget selv udgaaet Doku-

mene

Der hev me det med. Storthinget
er ikkje til utan fraa den Stundi at
H. M. Kongen ”opnar” det og til den
Stundi han ”uppløyser” det; Storthin-
get er ikkje til utan i Kraft av H.
M. Kongens ”Tilladelse”: Det som
Storthinget etter ”Uppløysningi” læt
gjera gjenom sine eigne Embættsmenn,
er ikkje Storthingets Verk, og dei
Embættsmennerne, som skriv under eit
slikt Arbeid, er ikkje Storthingets
Embættsmenn. Fraa den Stundi av,
at H. M. hev uppløyst Thinget, er
der ikkje nokot Thing i Landet, og
Kongen og Regjeringi ”raar Grunnen
aaleine.”

Dersom Regjeringi ein god Dag
fann paa, at ho ikkje vilde ”opna”
Thinget, hadde Thinget altso ikkje an-
nat aa gjera enn aa reisa heimatt.
Men Riksraadarne kunde dragast til
Andsvar —? Nei. Etter Morgenbla-
det er det berre Snakk um Andsvaret.
Riksraadarne kann fri seg fraa alt
Andsvar berre ved aa ”tilføra Proto-
kollen” em Protest, — og so kann dei
verta sitjande like godt og utføra I.
M.’s Vilje, um denne er aldri so grunn-
logstridig.

— Det er det reine Einveldet. Skulde
slike Memingar faa Magt, so var i
same Stundi -”Norigs Fridom” berre
ei Soga.

— Dette vaagar Regjeringi og aa
koma med no. No, naar ein kunde
venta, at ho vilde beda for seg og
vera rimeleg, falla litt av, fordi ho ser
og veit, kva Folket yver heile Landet
vil, — nei, no kjem ho just køyrande
upp med heile sin fridomstordervelege
Politikk.

Og samstundes krev ho Pengar,
fullt Budgett, Pengar til aa driva Po-
litikk, med . ... Segjer ende ut, kva
ho vil, og krev so, at Norigs Stor-

*) Stk. Prp. No. 1, 8. 61

| den store Grunntanken i mitt politiske

thing skal hjelpa henne i det syrgjelege

Verket, som ho hev sett seg fyre. —
Og so spyrr dei oss. kor det kann

hava seg, at me vert Republikanarar’!

sMagtfordelingi.*
(Politisk Tale av ”Baglerbispen".)

"Ingen skal vera sterk: det er

perpetuum mobile. Ingen skal vera
sterke! Difor maa Magti ”delast”.
Perpetuum mobile! Evigt Stræv.
men likevæl evig Stilstand ... det er
den same politiske Kunst og det eina-
ste, som eg likar.
Difor maa det vera tvo Magter
Landet, og dei maa vera jamnster!
og arbeida kvar for seg, og bei
imot kvarandre. Kong Haakon p:

den eine Sida, Hertug Skule paa dv

andre ... like sterke, jamngode og
æveleg, æveleg Strid, |

Skulde nokon av dei vera sterl.
Skulde dei semja seg og arbeida i Le
og verta sterke baae tvo? Aldri! F:
daa vilde Landet veksa og gjera Frar
gang; store. gode, minneverdige Ve
vilde gjerast, og daa... daa vil:
Folk som eg koma burt og gløyma
Nei! —

— Eg vært ikkje sterk; eg va
ikkje Førar. Ingen skal vera sterk
ingen skal vera Førar! — Meg vild
Folket ikkje fylgja; min Veg vildi
det ikkje gaa. So skal det inger
fylgja, og ingen Veg skal det koma.
Rikslivet skal skapast um tilem Ma-
skin; med Lodd og Lyftestenger skal
det haldast i jamn Gang, men ingen
Veg føra; evigt Stræv, evig Stil-
stand. —

Skulde ein hava Magti? — Daa
veit me, kven det vart. I denne Tidi
er det ”Folket”, som hev Suverænite-
ten ... Folket! So skulde kanskje
kvar dugeleg Mann kunna arbeida seg
upp og faa Magt; kvar Mann med
politisk Vit skulde kunna faa Innverk-
nad paa Riksens Liv; Folk, som ikkje
var fødde til Hovdmgar, Folk. som
ikkje eingong hadde eit høgt Embætte,
vanlege Kvardags-Menn, Bønder, Klok-
karar, Sakførarar. kven som helst,
skulde kunna faa noko aa segja 1 Sta-
ten, — berre dei hadde Dugleik og Vit,
berre dei hadde denne Gaava til aa
samla Folket um seg, denne Gaava til
aa forstaa og vera Talsmenn for Fol-
ketankarne og Tidskravi-—! Aldri.
Aldri! Eg kunde ikkje arbeida meg
upp til Førar, /endaa eg var baade
ætthøg og embættsstor; — so skal dei
andre og sleppa.

Ingen skal hava Suveræniteten.
Det skal vera tvo Statsmagter. og dei

skal vera like sterke, og ro Daaten

kvar til sin Kant, - Det, den eine byg-
gjer upp, skal den undre riva ned;
det den eine vil, skal den andre setja
seg imot; evigt Stræv, evig Stilstand,
— perpetuum mobile ! G

Dei tvo Statsmagterne skal sitja
Ands Andlit og ro og ro av all Magt,
— kvar til sin Kant. Vinn den eine
Baaten yver til si Sida, skal den andre
strakst draga han tilbake. Dei skal
stræva, so Sveitten silar, kava og slita,
so Baaten mest gjeng av. sputta i

v

p

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free