- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
33

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

—— => ——

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Fit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

| Bladstyret i
Kristiania.

No. 9.

- Laurdag den Ste Mars 1881.

Ekspedisjonen i
Fredriksstad

5. Aarg.

TETTESTE

yKjeringpolitikken.*

”Gamall Vane er vond aa venda.”
Thingmennerne vaare skulde vera støe
i Aar og vita kva dei vilde; men naar
dei kjem til”personlege” Bevilgningar,
Drikkepengar elder andre Ekstrapen-
gar til Embættsmenn og Autoritetar,
— daa kann dei mest ikkje halda seg,
annat dei bukkar og bevilgar. Det
er sagt um gamle Kavallerihestar, at
naar dei høyrer Tromma, so tek dei
til aa gaa i Takt, um dei hev voret
aldri so lengje ute av Eksisen. Slik
ser det ut til aa vera med mange av
vaare liberale og. Naar dei høyrer
Autoritetstromma, — so slær dei strakst
inn 1 den gamle Dilten, um dei so
skulde vera nokso støe i den nye ”Kamp-
politikken” sin.

Me hadde just eit slikt Tiltelle her
i Vika var. Det var i ei mindre Sak,
som væl var; men det viser, kor lett
”Majoriteten” vaar kann sprengjast, so
snart ”Tromma” læt, og’det maa altso
vera oss til eit Varsel for Framtidi.

Det var ein Autoritet, som skulde
hava ”Reisepengar.” Han vilde vera
med i ein ”Kongress” elder eit Møte,
og det ikkje just fordi det var so naud-
synlegt — Forhandlingarne i Møtet
vert tekne med Snøggskritt og trykkte
—; men fordi han gjerne vilde hava
ein Tur, og fordi Noreg burde vera
”repræsenterat? (framsynt) i den Kon-
gressen.

Mannen hev ei Løn paa 6,400
Kr. (1600 Dalar) um Aaret. Dessutan
hev han naturlegvis eit *personlegt
Tillegg* paa 800 Kr.; det høyrer til.
Naa! Mannen er dugleg, segjer dei,
so Ein fær finna seg i aa betala. Men
Ein skulde tru, at ein Mann, som fær
7200 Kr. elder 1800 Dalar um Aaret
av Staten, dermed kunde greida seg,
endaa um han av og til vilde taka seg
ein Tur til London! —

Andre Folk, som hev mindre Raad
fær nok ikkje Pengar av Rikskassa,
um dei hev Hug til aa reisa! Um
ein Bonde t. D. vilde taka seg ei Ferd
til Landbruksutstillingi i Malmø, og
han søkte um Reisepengar til dette
av Rikskassa, so fekk han ikkje ein

Skilling. Han kunde gjerna segja, at
han vilde *repræsentera Noreg* ved
Utstillingi. Han kunde og gjerna for-

telja, at han hadde *stor Familje,+* at
han hadde lite Raad, og at det han
lærde paa Utstillingi sidan skulde
koma Landet til Godes; — Thinget
vilde svara Nei like godt. Og det vilde
Thinget gjera rett i.

Men me hev innført det Systemet

her i Landet, at di meir ein Mann i
det heile kostar Staten, di meir skal
han og faa. Ein Skulemeister, som
arbeider mykje og tenar lite, maa
søkja vent um aa faa eit lite Reise-
stipendium paa eit Par hundrad Kru-
nur, og endaa er det berre faae, som
fær det; dei fleste som vil reisa, maa
gjera det paa eigen Kostnad. Men er
det ein Mann, som hev stor Løn,, og
kanskje lite Arbeid, ein Mann, som
liver heilt upp paa Statens Kost, og
som Staten betalar for heile hans Tid,
so gjer han ikkje den minste Turen,
korkje i elder utanfor Landet, um det
aldri so mykje høyrer med til Em-
bættsyrket hans, utan aa rekna seg
baade Skjuss og Dagpengar serskilt,

og er det ei lenger Ferd, so er det
Staten, som skal betala. Det er Folk»
som veit aa *smyrja seg, dette. Det

er utrulegt, kva ein væl umtykt Offi-
ser, Ingeniør, Direktør o. s. fr. kann
tena, naar han berre er litt um seg.
Regjeringi gjev han alt det ho ser seg
Raad til, og det er mykje — Takk
have Thinget!-—,-og kan ikkje Regje-
ringi meir, so kann Mannen gaa til
Thinget sjølv. Thinget er *hensyns-
fullt.* Det. segjer aldri nei. Ein
Mann, som dreg so mange Pengar av
Staten um Aaret, han bør hava meir!
— Korleids skulde Rikskassa hellest
verta av med alle Pengarne sine? —

— Men lat vera. at Medisinaldi-
rektøren fortente dei Reisepengarne,
iallfall fullt so godt som nokon annan!
Lat vera, at det kunde sjaa godt ut,
um Norig hadde ein Repræsentant ved
den Kloak-Kongressen burte i London!
So lengje Landet hev eit Styre
som dette, so at Ein reint gjeng her
og er paa Livet for baade det eine og
det andre, so lengje Folket er
nøydd til aa føra Krig paa Kni-
ven mot si eigi Regjering for aa
berga det dyraste det hev, Fridomen
og Sjølvstyret, — so lengje fær me
nok finna oss i aa vera slik Stas for-
utan som *Repræsentation* ved alle
dei Kongressar, som kann verta haldne
i Europa.

So mykje Politikk skulde Ein tru,
at Fleirtalet i Thinget visste! Denne
Saki her var so greid og so endefram
som ei Sak kann vera. Og vil ikkje
Thinget segja Nei til slike Postar, kor
tru det so vil segja Nei?

— Men paa denne vesle greide
Saki sprengdest den liberale Majo-
riteten.

Det lagar seg til god Jol, sa Gu-

ten, han fekk Stryk um Jolefta. Vil

IEEEEE==="=

SSA

Fleirtalet halda fram paa den Maaten,
so vert her nok Jol einkvar Staden,
— men ikkje der dei liberale hev tenkt
elder meint!

Det er for ille, at ein Mann som
Hr. Essendrop, lste Repræsentanten
for Kjeringpolitikken, skal vera For-
mann 1 Budgetnemndi i desse Tider.
Og det sit fleire Karar der i Budget-
komiteen, som Thinget vil gjera væl 1
aa ikkje fylgja for tryggt.

Den Talen, Essendrop heldt til For-
svar for dei 1000 Kr., var reint *ty-
pisk.* 1000 Kr. var ikkje for mykje,
dersom det var ei vigtig Sak, sagde
han; det er altso Saki, som kostar
Pengar. Direktøren vilde hava Gagn
av Ferdi; altso burde han ikkje sjølv
betala Reisepengarne. At ”vedko-
mande* skulde greida sine Utgifter
sjølv, var nokot, som ingen fyrr hadde
kravt. Medisinaldirektøren. hev eit
stort Hus; det bør Staten bøta fyre.
(Men NB! det er berre Embættsfolk;
som fær Premier for aa hava mange
Born!) Medisinaldirektøren hadde um-
framt Løni fengje personlegt Tillegg,
— ikkje for at han dermed skulde
greida seg, nei! - Men naar han hadde
fengje eit slikt Tillegg, so maatte det
vera fordi han var ein dugleg Mann,
og altso, fordi ban fyrr hadde fengjet
Tillegg, so burde han no og hava Til-
legg, osfr. osfr. Slikt sit dei uppi
Thinget og høyrer paa og finn, at det
er vitugt.

Det var Menn med og sagde Ja
til den Bevilgningi, som me ikkje
hadde ventat aa sjaa der. Men me
trøyster oss med, at dei fleste Bønderne
var daa paa den rette Sida.

Militærkomiteen

er no ferdug med si Instelling um Her-
skipnaden. Han hev lagt det Sverd-
rup-Hjortske Forslaget til Grunn og
vil soleids hava Heren bygd paa ”Milits-
systemet” (Folket i Vaapen), men paa
den Maaten, at fleire av Befalingsmen-
nerne (Kadres) vert faste. Heren fær
tri Uppbod, Lina, Landevern, og Land-
storm, og alle desse tri Uppbod hev
baade Infanteri (Fotfolk) og Artilleri
(Kanonur) og Kavalleri (Hestfolket).
Den aarlege Soldatskulen hev Komiteen
etter Fyredøme fraa Schweitz gjort
myket stuttare enn no. Soleids Ride-
skularne: 45 Dagar ved Artilleriet og
70 Dagar ved Kavalleriet, Rekrutsko-
larne: 70 Dagar ved Kavalleriet, og
kjøyrande Artilleri, 50 ved Ingeniø-
rarne og 42 ved Fotfolket og Sanitets-

AAS

ARAD

SAA

tropperne. Den aarlege Ekseringi er
sett til 24 Dagar for Lina og 12 for
Landevernet (6te Aarsklasse). Likeins
slær Komiteen fast, at kvar Mann som
duger til aa vera Soldat, skal vera
skyldug til aa taka den Plass i Heren,
som høver beist med Dugleiken og
Kunnskaparne hans.

Som me veit, gjorde Rikstyret alt
mogelegt til aa meinå Komiteen i dette
Arbeidet med Herskipnaden. Det sette
soleids sitt Nei mot den Stortingsav-
gjerdi, at Komiteen skulde arbeida
millom Stortingi og vilde i Staden faa
i Lag ein kongeleg Komissjon, der det
*befalte* Medlimerne i. Komiteen aa
taka Sess. Flestalle med Sverdrup
som Fyregangsmamn sagde Nei til
dette, medan Kaptein Gregersen, som
fyrst hadde møtt fram i Komiteen, og
General Grimsgaard inkje vilde vera
med og arbeida i Komiteen. Dei 7
Medlimerne i denne (Johan Sverdrup,
O. Velde, Alb. Jakobsen, Skaar, Ton-
ning, Bjering, Frilset) greidar ut um
Grunnen til at dei ikkje. burde taka
Sess i Komissjonen soleids:

«Storthingets Militærkomite havde
af Storthinget modtaget et Hverv, som
den havde forpligtet sig til at udføre.
Den kunde derfor ikke indlade sig paa
at modtage fra nogen anden Myndig-
hed noget Arbeide, som, hvåd enten
det var forskjelligt fra eller af samme
Indhold som det af Storthinget over-
tagne, maatte udelukke dette sidstes
Fuldførelse efter -Storthingsbeslutnin-
gens Ordlyd og i dens Aand. Havde
Komiteens Medlemmer indvilget i det
kongelige Kommissorium, vilde de der-
med have opfattet Regjeringsmagtens
Paabud som noget, der havde til sin
Virkning Ophævelse af Storthingets
Beslutning, altsaa som noget af større
Vægt og Betydning end denne. De
vilde derved have undladt den Pligt,
som deres Stilling som Storthingets
Tillidsmænd paalagde dem, nemlig at
hævde Folkerepræsentationens Værdig-
hed og konstitutionelle Ret.

Komiteens enstemmige Indstilling
(um Arbeidet millom dei tvo Storting)
hvilte paa Overbevisningen om den
foreslaaede Foranstaltnings Retmæs-
sighed i enhver Henseende, og Stor-
thingets Beslutning gik ud fra den
samme Forudsætning.

Heri maatte Komiteen for sit Ved-
kommende se et absolut Forbud mod
i nogen Henseende at acceptere ei
Paalæg fra Regjeringen, der indeholdt
en Underkjendelse baade af Storthin-
gets Beslutning og af de Forudsætnin-
ger, hvorpaa den hvilte. Komiteen,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free