- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
35

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

5te Mars 1881.

|

yr

Fedraheimen.

gjekk inn i Forstova, og daa han
skulde inn i sjølve Skaalen, vilde han
fara stillt, av di han saag, at Bjørn
og Tord sat ved Elden, og no tenkte
Egil, at han paa ei liti Stund skulde
vinna seg æveleg Fridom. Men daa
han vilde stiga yver Treskelen, steig
han paa den Dusken, som han drog
etter seg, og daa han vilde setja fram
hin Foten, so var Dusken fast, og det
bar yverende med han, og han stupte
inn paa Golvet, og det vart slik Dunk,
liksom ein kastad ein flegen (faadd)
Nautekropp paa Golvet. Tord spratt
upp og spurde, kvat fyr ein Devel,
som for der. Bjørn spratt og upp og
sette paa han og fekk teket han, fyrr
han kom seg paa Føterne, og spurde
kven han var. Han svarad: ”Det er
Egil, Bjørn Venen min,” sagde han.
Bjørn spurde: ”Kyat fyr ein Egil?”
”Bgil fraa Aalftafjorden,” sagde hin.
Men :«daa Tord bøyrde gjetet Aalfta-
fjorden, sprang han upp og drog Sver-
det og vilde hogga han. Daa heldt
Bjørn Tord og bad han inkje vera so
snar til aa hogga Mannen. ”Me vil
fyrst faa Sanningi ut av han,” sagde
han. Daa sette dei Fotjarn paa Egil,
og um Kvelden, daa Folket kom heim
til Skaalen, sagde Egil, so alle høyrde
paa det, korleids han hadde ætlat seg
til aa fara aat. Der sat han um Natti,
daa det var Mord aa drepa ein Mann
um Natti, men um Morgonen leidde
dei han upp i Skardet — det heiter no
Egilsskardet*) — og drap han der. Paa
den Tid var det Log, soframt ein Mann
drap ein Træl fyr ein annan Mann, at
han skulde fara dit, som Trælen aatte
heime, og betala ut sjølv Betalingi fyr
Trælen**), 12 Øyrar Sylv, og han skulde
gjeva seg paa Vegen fyre den tridje
Soli etter Trælen var drepen, og s0-
framt Betalingi vart greidd etter Logi,
kunne ein inkje reisa Søksmaal fyr
Draapet. Daa Egil var drepen, vart
reidvikingarne samstellte um aa grei-
da Betalingi etter Logi, og dei tok ut

*) Det heiter so endaa.

**) Fyr ein Træl gav dei inkje Bot men
berre Gjald (d. e. Betaling).

30 Mann der fraa Leikskaalarne, og
det var framifraa Karar. Dei reid
nord um Heidi og var um Natti hjaa
Steintor paa Øyr, og han gjorde Lag
med dei, og dei var 60 Mann, daa dei
reid derfraa, og derfraa reid dei inn
um Fjordarne og var den andre Natti
paa Bakke hjaa Tormod, Broder hans
Steintor. Dei bad Frændarne sine,
Styr og Vermund, vera med paa Ferdi,
og daa var dei 80 Mann. . Daa sende
Steintor ein Mann til Helgafelll og
vilde vita, kvat Snorre Gode vilde taka
seg til, naar han spurde, at dei hadde
samlat so mykje Folk. Men daa Sen-

demannen kom til Helgafell, sat Snorre |

Gode i Høgsætet sitt, og alt var lik-
som ellers paa Garden, og Sendeman-
nen var like vis paa, kvat Snorre Gode
vilde gjera. Daa han kom ut paa
Bakke, sagde han til Steintor, korleids
det var paa Helgafell. Daa svarad
Steintor: ”Det var det, eg vona, at
Snorre vilde finna seg i det, som er
logleg Framferd, og soframt han inkje
fer inn til Aalftafjorden, daa skynar
eg inkje kvat me skal med alt detta
Mannskapet, for eg wil, at me skal
fara fredsamt aat, endaa me inkje vil
sleppa Saki, fyrr me driv ho igjenom,
so me naar vaar.loglege Rett. Eg
trur det er best, Tord Frænde,” segjer
han, ”at de Breidvikingarne er etter
her, for de og Torbrands-Sønerne hev
lettast fyr aa rjuka ihop. Tord sva-
rad: ”Det er visst, at eg skal fara,
og Torleiv Kimbe skal inkje hava det
aa spotta fyr, at eg inkje tore føra
Betaling: fyr Trælen” Daa sagde
Steintor til Brødrarne Bjørn og Arn-

bjørn: ”Eg vil, at de skal vera etter
med 20 Mann”. Bjørn svarar: ”Eg

skal inkje gjera meg meir fyre, enn
du tykkjer høvelegt, for aa faa fylgja
med deg, men eg hev aldri voret jagat
burt fyrr; eg tenkjer sagde han, at
Snorre vert djuptenkt fyr dykk; eg er
inkje framsynt, men eg hev som ein
Tanke um, at det kjem til aa ganga
so paa denne Ferdi, at fyrr me finst
hernest, skal du merka, at du hev
inkje for stort Mannskap,” Steintor
svarad: ”Eg skal nok finna paa Raad

fyr oss, so-lenge eg er med, um eg
inkje er so djuptenkt som Snorre
Gode”. ”Ja det kann du gjerne fyr
meg”, sagde Bjørn, Dermed reid Stein-
tor og hine av fraa Bakke og hadde
innpaa 60 Mann. (Meir.)

«Den sjuende Far i Husi*,
(Av John Lie).
Kor æ so ansvare no for vaart styre?
De æ vel ”ki høgbrot aa spyrje seg fyre.

Du spyre, aa so fær detti svar:
De æ inki hjaa meg, du fær gange ti far.

Du
Aa

gjenge fraa ein ti den andre far,
allesta fær du de same svar.

Du bli forfælte, skynnar ”ki snusi;
Seist kjæm du ti ”sjuende faren i husi”.

Kan han ha ansvar, den gamle fedgjen,
Som hæng i eit eldgamalt honn paa veggjen?!

Du spyre likvel, de kostar "ki mei,
Han pip" — de kan tyda baa ja aa nei.

Du tenkjer: riksbygnaden sig snart i grusi,
Ska han styre, denne ”sjuende fa’ren i husi !”

Du tenkjer: de likare va aa begrav’n,
Mi kan inki vente ”kon meire av’n!

Hadde Chr. Brun Rett:

(Brevsending fraa Telemark).

Christofer Brun fortalde oss nyleg
um Prestarue, hoss dei ofte er laga;
han hev vorte motsagd; men me .Bon-
defolk, som med eigne Augo og Øyro
hev set og høyrt mykje av desse ”Pre-
stesynderne,” — me hev lika godt det
Brun sae. Og dersom me mo gjorde
det me skulde og kunde, so studde me
uppunder Ordi hans medslik ei Mengd
av ”Skildringar fraa Kvardaeslive”, at
ingen lenger skulde koma og segja, at
Brun hadde fare med Fjas. Men det
bør me gjera. Lat det no eingong koma
sterkt og aalvorlegt fram i Lande, kva
me Bønder hev røynt i denne Vegen.
Det hev vore ned-ulka lengje nok. Fekk
dei det med svart paa kvitt under Navns
Nevning fraa alle Kantar av Landet —

og det kunde dei faa, for her er Stoff

nok —, 80 skal eg undrast paa, um Pre-
stebladi lenger kunde døyve det ned
med Snakk um ”Overdrivelser” og um
”enkelte Undtagelser”.

godt! lat oss gaa! men berre for eit
Minutt, og lat oss snu att strakst.”

Columba treiv Handi hennar og utan
aa svara sette ho iveg med slik Fart,
at Miss Lydia snaudt vann fylgja. Som
væl var, stansa Columba snart og sa:
"Lat oss ikkje gaa lenger, fyrr me hev
gjeve der eit Teikn; me kunde hellest
bli fagna med eit Byrseskot.” Ho tok
paa blistre millom Fingranne; strakst
etter høyrdest Hundegøying, og Forpo-
sten aat Røvaranne drygde ikkje med
an Syne seg. Det var vaar gamle gode
Kjenning, Brusco, som strakst kjende att
Columba og tok paa seg aa vera Førar.
Etter mange Krokar paa den tronge
Skogstigen fekk dei endeleg sjaa tvo
Menn, væpna til Tennanne.

"Er det De, Brandolaceio?” spurde
Columba. ”Kor er Bror min?”
”Herinne!”. svara Røvaren. ”Men

gakk stillt; han søv. Det er fyrste Gon-
gen, sia han fekk Skote. Du levande
Gud! Ein ser godt, at der den Vonde
kjem fram, gjer eit Kvinnfolk det
Sama.

Dei tvo Kvinnur nærma seg vart
og fekk Auga paa Orso, som laag paa
ein Haug av Ormegras med eit Ull-
klæde yver seg; ved Sida brann ein Eld,
som dei klokeleg hadde bygt ei liti Stein-

borg. ikring for aa døyva Skine. Orso
var overs bleik, og dei høyrde, Bringa
hans gjekk tungt. Columba sette seg
ved Sida og saag paa han utan aa tala,
med Hendenne ihoplagde, liksom ho bad i
Aanden. Miss Lydia klemde Lumedu-
ken for Augo og trykkte seg tett inn-
att Columba; men ender og Gong lyfta
ho Hovude for aa sjaa paa den særde
yver Åksli aat Columba. Eit Kvarter
gjekk utan at nokon av dei opna Mun-
nen. Paa eit Teikn av Pastoren hadde
Brandolaccio og han sjølv drege seg inn
i Skogen, til stor Lette for Miss Lydia.
For fyrste Gong totte ho, at dei store
Skjeggi og heile Bunaden aat Røvyaranne
hadde altfor mykje ”Lokalfarge.”

Til Slutt rørde Orso paa seg. - Strakst
bøygde Columba seg yver han, kysste
han fleire Gonger, dyngde paa han med
Spursmaal um Saare, og korleids han
hadde det, og um han turyte noko. Han
svara. at han hadde det so godt som
moglegt, og so spurde han i sin Tur,
um Miss Nevil endaa var i Pietranera,
og um ho hadde skrive til han. (Co-
lumba krøkte seg yver Bror sin og
gjøymde heilt burt Fylgje sitt: hellest
vilde Myrkre ha gjort det vondt aa
kjenne Miss Lydia. Columba heldt den

eine Haandi aat Miss Nevill og lyftel

med den andre Hovude aat den særde
litt upp.

”Nei, Bror, ho hev ikkje gjeve meg
noko Brev til Dykk . . .; men De tenkjer
altid paa Miss Nevil. Br De so glad
i henne?”

”Um eg er glad 1 henne, Columba!

. Men ho... ho sviyyrder meg kan-
hende no!”

Miss Nevill freista aa draga Haandi
til seg att; men det var ikkje lett aa
koma laus, naar Columba evreip til; kor
liti og fin Haandi var, aatte ho ei Kraft,
som me hev set fleire Prov paa.

”Svivyrde Dykk! etter det, som De
hev gjort?” ropa Columba ...”Tverti-
mot, ho talar berre godt um Dykk...
Aa, Orso! Be kunde ha mange Tine
an fortelja um ho.”

Haandi vilde heile Tidi burt, men
Columba drog ho berre nærmare og nær-
mare aat Orso.

”Men kvifor svarar ho meg ikkje

daa? ...’Ei einaste Line vilde ha vore
nok"!

Columba drog i Haandi aat Miss
Lydia og slutta med aa leggje ho i

Haandi aat Bror sin. So spratt ho upp
og sette i aa læ. ”Orso, agta deg for
aa snakke vondt um Miss Lydia; ho
skynar korsikansk framifraa godt.”

Det hev vore Fraasegner fyrr i Bladi
fraa mange Kantar — men reint for
fane — um desse stakkars Soknepavarne,
som knapt nok duger til aa gjera si
snaude Plikt eingong, men naar det
gjeld Offer, Hovudtiend og ”Reide”, so
er det Gutar, som kann Leksa si. Daa
lyt det vera beste Slag og fullaste Maal,
endaa der kann vera nok av ”Lette
(Lettkorn) i Preika au,” som ein Mann
her i Kvitseid sa eingong. Det er slett
ikkje Synd, um dei vart skrivne um.
Naar dei stend offentleg, fær dei finne
seg i offentleg Umtale. Og ”frimodige
Ytringar” er tillatne, veit me. Kvwi
skal Ein ikkje segja Sanningji, naar
Striden fyrst hev byrja? Det vert ikkje
godt fyrr. Og det er ingen, som negtar
dei aa forsvara seg.

Hell fær me Rett paa nokon annan
Maate, t. D. ved aa tala med dei um det?
Nei du skal hava Takk.

Difor so berre skriv; for det monar
meir. Du vil dermed gjera ei god Gjer-
ning, mot Prestarne, mot Framtidi, mot
dine eigne Bönn.

Ja kanskje du hev havt ein god
Prest? det maa du vera glad for. Det
er Gudskjelov ikkje alle slike, som dei
eg hev set. Men det hjelper no ikkje.
Prestar som dei, eg tenkjer paa, skulde
ikkje finnast I Kristi: Kyrkja, og finst
dei der, so maa dei anten ut, elder og
maa dei læra aa folka seg. Her maa
”Prestetugt” til. Og den fær me øva
sjølve, naar ingen annan vil. å

Dei kann vera gode til aa preike;
men dei skjemmer det ut att med Wram-
ferdi si hellest, liksom Mjølkekui, som
spenner Mjølki si ned. Be hev sjølv.
so mang ei Gong høyrt Folk hev sagt
um Presten sin som so: ”Aa ja, han
meiner ikkje so stort med det, han se-
gjer, han held; — eg høyrde at han
kravde etter Reida og tordna og skjemde
so det var fælt, fyrr han gjekk i Kyr-
kja”. Og annat slikt. Ee hev røynt
det same sjølv ein Gong. Presten stod
og tala so inderleg: veent og greet sjølv,
so rørd syntest han vera; men etterpaa
— fekk eg høyre Mannen drive Forret-
ningar, og, strakst var det som den
gjilde Preika var gløymd. Bin Mann
fortalde meg eingong: ”Eg skulde inn
til Presten, fyre Messa tok til, og tinge
Jordfesting for vesle Baane mitt, som
hadde døytt. He veit ikkje hoss det
var laga, ev totte det var so vondt” —
sa Mannen —, ”for daa eg kom inn og
hadde sagt Ærende mitt, so glaup han
meg; —eg hadde ikkje betalt Reida!
Og endaa var ikkje Tidi til dette ute
endaa.” Slikt ojeng for seg, og det
gjer utruleg mykje vondt.

Her finst noko her uppe, som heiter
Hovudtiend. Av kvar ein, som gifter
seg (fyrste Gongen), skal Presten hava
ein Pengesum; Logji segjer, at denne
Summen ikkje maa vera yver 64 Kr.;
men eg veit, at her hev vore tekje en-
daa meir, altso beintfram ulogleg. Ee
hev spurt etter, men aldri fengje full
Greide paa, kvi det ’skal koste so mykje
meir aa gifte seg her enn andre Stader.
Det var Ein, som fortalde meg — og
det var ein Mann, som skulde vita det
at denne Tiende skreiv seg ifraa Re-
formasjonstidi. Daa den ”nye Trui”

ressvne

Miss Lydia drog strakst til seg Haandi
og stama fram nokre Ord, som ingen
forstod. Orso trudde han dröymde.

”De her, Miss Nevil? Gud! kor
hev De vaaga det? Nei! kor lykkeleg
De gjer meg!” Han reiste seg med
stort Stræv freista aa nærme seg
til ho.

”Eg var med Syster Dykkar... for
at dei ikkje skulde mistenkja ho for aa
gaa hit... og 80 vilde eg og ... sjaa.
korleids . ... Aa! kor vondt De hev det
her!” (Meir.)

og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free