- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
46

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

Fedraheimen.

26de Mars 1881.

Dei vanlege Her-Utgivterna vil
etter den nye Herskipnaden verta paa
Lag 5,620,000 Krunor. Ifjor bevilgde
Storthinget 6,145,950 Kr. Ilaar hev
Regjeringi kravt 6,650,000 Kr.

Den nye Skipnaden vil soleids kosta
Statskassa paa Lag det same som den
noverande, men so vil me for dei same
Pengarne faa ein so myket betre, ster-
kare og større Her en no.

Kor er Justitsdepartementet!

Eit av tvo, meiner Morgenbladet:
vil ikkje Storthinget gjeva seg god-
viljugt, so maa og skal det tvingast
til aa gjeva seg. Fridomen skal ty-
nast.

Aa bruka Trugsmaal mot No-
rigs Rikes Storthing, bruka Trugs-
maal mot det for aa faa det til aa
bøygja sine Meiningar elder vika av
fraa den Vegen, som det held for den
«rette til Landsens Framgang og Frelse,
— kva heiter det? og kor høyrer det
heime?

Dersom ”Fedraheimen” vilde segja
som so: Eit av tvo, vil ikkje Konge-
magti gjeva seg, so gjer Folket Revo-
lusjon! — so vart ”Fedrh.” sett under
Tiltale. Kva gjer Departementet med
”Morgenbladet”, naar det i mest like-
framme Ord hotar Thinget med
Ufred ?

— Dersom ”Fedraheimen” vilde
segja som so: Kongen tenkjer paa
aa gjera Statskup, —so kom ”Fedrh”.
i Naudi. Og det med god Grunn.
For det maa vera uloglegt aa skulda
Kongen for aa tenkja paa Logbrot og
Landsvik. Kva gjer Justitsdepar-
tementet med ”Morgenbladet”,
som 1 mest likeframme Ord segjer, at
Kongen (elder Statsraadarne) tenkjer
paa Statskup?

Grunnlogi $ 85 segjer:

”Den, der adlyder en Befaling,
hvis Hensigt er at forstyrre Storthin-
gets Frihed og Sikkerhed, gjør sig der-

ved skyldig i Forræderi mod Fædre-

landet.”

— Fedrarne i 1814 kunde ikkje
tenkja ein sovoren Tanke som at
nokon Nordmann sjølv skulde vilja
gjera Storthinget Mein. Fedrarne i
1814 tenkte berre paa den svenske
Kongen; honom var dei rædde; mot
honom galdt det aa tryggja seg. Di-
for sagde dei: ”hvo som adlyder en
Befaling—.” Dei tenkte med seg, at
um Kongen aldri so gjerna vilde Stor-
thinget til Livs, so vilde han ingen
Veg koma, naar han ingen fekk til aa
hjelpa seg. Og ingen vilde væl hjelpa
Kongen med slikt Arbeid, naar han
visste, at han dermed gjorde seg til
Fedrelandssvikar.

No ser det ut til, at me er komne
so langt, at me hev Menn, som utan
Kongepaalegg er istand til aa vilja

”forstyrre Storthingets Frihed”. Men
er den ein Landssvikar, som berre
lyder annan Manns Paalegg um aa

ufreda Storthinget, — kva er so den,
som sjølv vaagar eit sovoret Verk?

— Kriminalloven $ 25 samanført
med $ 24 segjer:

”Truer Nogen Storthinget ... med
Vold i Hensigt enten at forstyrre dets
Sammenkomster eller Friheden i dets
Overlægninger, ansees han med Straf-
arbeide i 4de Grad.” —

— Den, som segjer: eit av tvo,
anten gjev Storthinget upp sine Mei-
ningar og sin eigen Vilje og bøygjer
seg under ”Kongens” Meiningar og
Vilje, elder so kjem her ,ølger, hvor-
fra den Almægtige bevare os — er ikkje
han mogjen for Justitsen>

«Med smaa WMidleré

vinn Ein ikkje fram, meinte Johan

Sverdrup.
Nei, ikkje
leine.

med Smaa-Raader aa-

Men naar Ein hev med so smaa
Folk aa gjera som Selmers Regjering,
so lyt Ein visst taka Smaa - Raa-
derne med.

Ein maa slaa Folk med deira eigne

Vaapen.
Aa føra ”stor? Politikk — stor
Politikk aaleine — mot Selmer og

hans Menn vilde lite nytta, for Selmer
og hans Menn forstend ikkje det,
som er stort. Dei vilde segja som

Peer Gynt: ”Smerten er jo dog kun
moralsk”, — og sitja like tryggt.

For ”moralsk Smerte” bit ikkje stort
paa slike Naturar. Nei, dei maa hava
det so, at dei kann kjenna Svien etter
Synderne sine; daa kann det henda,
dei tek Vit til seg og ”gjer Bot”.

Er det ikkje rart,
at det berre er Storthinget, som skal
vera ”høimodigt” (elder stortenkt)?
Men so vil dei hava det.

Thinget skal vera stortenkt, — altid
stortenkt, d. v. s.: det skal elska sine
Fiendar meir enn seg sjølv, og naar
det hev Magti, skal det — ikkje bruka
henne.

Derimot Regjeringi?
som krev slikt av henne.

Der er ingen

Og ho fer daa helder ikkje med
slikt. Ho elskar paa god politisk Vis
Palle, men mest Troens egne”,
ho brukar Magti baade naar ho hev
henne og naar ho hellest ser seg Kans
til det.

— Men Thinget skal vera stor-
tenkt.

”Den vise gjev etter”, segjer Mor-
genbladet, naar det talar til Thinget.
”Det gjeld aa ikkje gjeva seg!” segjer
same Bladet, naar det talar til Regje-
ringi.

— og

Det er god Taktik — for politiske
Smaaborn daa.

Vaksne Folk skulde derimot kunna
sjaa, kor slikt ber av—!

Det ber dit, at no stend t. D. Bud-
stikken og innfører Einveldet paa
Grunnlag av Kielertraktaten.

Skam og Skade held Lag. Det
duger nok ikkje aa vera ”høimodig” i
Politikken, — iallfall ikkje i ein Poli-
tikk som denne norske.

Amerikabrev
(til ”Fedrh.”)

Roar 1881.

Hr. Bladstyrar! Her hev vore ein
hard Vinter, hardare enn han hev vore
paa lengje. Det er ikkje anna enn
Snøstorm paa Snøstorm, og det fyk
ihop Fenner, som er reint bisnelege.
Ikkje eingong dei sterke Eimhestarne
kann klara dei utpaa Præriarne, No
i ei 14 Dagars Tid hev ei heil Mengd
av Træn stae fast i Snøen. Paa eit
av dei var Bjørnstjerne Bjørnson
med. Han skulde halda Foredrag i
Decorah, men kom ikkje lenger enn
til Nora Spring; der køyrde dei seg
fast i ein Snøskavl. Det var kome
mange til Decorah for aa høyra paa
han; men dei kom leidt uti det; ikkje
fekk dei høyra Bjørnson, og ikkje
kunde dei sleppa utor Byen att; for
Træni kunde ikkje koma fram.

Ja, du kann tru ber er Røre um
Bjørnson no. Folk er plent uppifraæ
etter aa høyra han, og vert som upp-
glødde, naar dei høyrern. Dei er
”all igjenom Øyra”, so lengje han ta-
lar, og so snart han stansar litt for
aa draga Pusten, so bryt det fram
ein Storm av Samtykke, av Klapping
og Tramping, so Ein kan tenkja at
Husi vil ramla ned. Men endaa Folk
er so glade, i han, at dei reiser lange
Vegjer for aa høyra han, so fær han
ikkje vera i Fred for Motstandsmenn. -
Han vert forfylgd — av paa Lag same
Folki her som heime. Det er Pre-
starne, dei same som var so glade
Kr. Janson og baud han heim til seg
som Gjest, men som no kallar han.
”Fritenkjar”, ”Kristusfornegtar”, ”Heid-
ning” 0. 8.:b., etter at han sagde dei San-
ningi, daa han hadde lært dei aa
kjenna. Desse Kararne kved no same
Visa um Bjørnson. Ein Prest skreiv
eit Stykkje i ”Norden” og sa, at Folk
maatte ikkje høyra han. Høyrer du Fo-
redragje hans um Profetarne og klappar
til det, so er det ”den nedrigste Forneg-
telse af Kristus”, fordi Bjørnson segjer,
at den nyare Tidi hev gjort slike Upp-
dagingar, at det maa væra tvillaust,

Columba.
Korsikansk Förteljing etter Prosper Mérimée,
(Framhald).

Voni um aa raaka dei vidgjetne Rø-
varanne, Columba hadde nemnt, syntest
gjera Verkning paa Skyttaranune. Ser-
sjanten, som heile Tidi forbanna Korpo-
ral Taupin, den Hunden av ein Fransk-
mann, gav Ordre til aa marsera, og den
litle Flokken hans tok Vegen til Pie-
tranera. Em Skyttar vilde taka Armen
aat Miss Lydia; men Columba støytte
han burt: ”Henne skal ingen røre!
Trur De, me tenkjer paa aa ryme?” sa
ho. ”Kom hit, kjære Lydia, styd deg
paa meg og graat ikkje som eit Barn.
Dette her er eit Bvyentyr, men Enden
vil vera god; um ein halv Time skal
me sitja ved Kvellsmaten. For min Part
, døyr eg av Lengt etter den”.

”Kya vil Folk tenkje um meg?” sa
Miss Lydia laagt.

”Dei vil tenkje, De bev kome paa
Villeras i Skogen, det er alt”.

”Kva vil Præfekten segja! ...
framfor alt, kva vil Far segja?”

”Præfekten? ... Bed honom halda
seg til Embætte sitt! — Far Dykkar?

e

05

. Åa døme etter den Maaten, De tala
med Orso paa, skulde eg tru, det var
De, som hadde noko aa segja honom”.

Miss Nevill klembde henne i Armen
utan aa svara.

”Er det ikkje so”, kviskra Columba
i Øyra paa benne, ”at Bror min er
verd aa elske?” Br De ikkje litt glad
i han?”

”Aa, Columba”, svara Miss Nevill,
og smilte so tryllt ho var, ”kordu hev
narra meg, eg, som hadde so god ei Tru
til deg!”

Columba lagde Årmen um Live hen-
nar og kysste ho paa Panna: - ”Kjære
Syster mi, tilgjev De meg?” sa ho
laagt.

+ "Bg er vel nøydd til det, du faar-
lege Syster;” svara Lydia og gav henne
Kyssen att.

Præfekten og Kongens Prokurør
budde hjaa Medhjelparen i Pietranera,
og Obersten, som var overlag uroleg
for Dotteri, kom for tjugande Gongen
og spurde etter nytt, daa ein Skyttar
kom til Byen. Han var | send av
Sersjanten som Snarbod og gav den
heile Forteljingi um den gruselege Kam-
pen mot Røvaranne. Sannt nok ingen
var drepen elder særd, men dei hadde

teke ei Gryte, ei Rye og tvo Gjentur,
som var, sa han, Kjærastar hell Spæjarar
for Røvaramne. Etter dette kom dei
tvo Fanganne fram midt i den væpna
Vakti. Ein kann tenkje seg kor Columba
saag: smilande ut, kor skjemd Lydia var,
kor Præfekten var forstøkkt og Obersten
full av Undring. —Prokurøren gjorde
seg ei Skalkemoro av aa lata Miss Ly-
dia gjenomgaa eit Slags Forhøyr og
slutta ikkje fyrr han hadde fengje henne
reint fortryllt.

”Bg tenkjer”, sa Præfekten, ”at me
godt kann sleppe dei baae tvo. Desse
Frøknenne hev vore ute aa driye; ingen-
ting er meir naturlegt paa ei fager
Aarstid; dei hev av eit Hende møtt ein
fager, ung, særd Mann — endaa meir
naturlegt.” So tok han Columba til-
sides: ”Frøken”, sa han, ”De kann late

Bror Dykkar faa vita, at Saki hans
snur seg betre, enn eg kunde vona.

Undersøkningi av Liki og Utsagni aat
Obersten provar, at han berre hev for-
svara seg, og at han hev vore einsaman
i Striden. Alt vil rette seg, men han
lyt ut or Skogen so fort han kann og
yvergjeva seg som Fange”.

Klokka var mest ll um Kvellen daa
Obersten, Dotter hans og Columba sette

seg tilbords framfor ein koldna Kveils-
mat, Columba aat med god Mathug og
gjorde Narr av Præfekten, Prokurøren
og Skyttaranne. Obersten aat, men sa
ikkje Orde, og saag heile Tidi paa Dot-
teri som ikkje lyfte Augo fraa Bord-
disken. Endeleg sae Han mildt, men
aalvorlegt paa engel:

”Lydia, du hev altso fest deg til
della Rebbia?”

?Ja, Far, fraa idag av”,
rodnande, men fast i Maale.

So lyfte ho APP Augo og daa ho
ikkje saag noko Teikn til Vreide i Far
sins Andlit kasta ho seg 1 Fange hans
og kysste han, som væl upplærde Frøk-
ner vilde gjera i liknande Tilfelle.

”Det var paa Tidi”, sa Obersten;
”det er ein gild Gut. Men ved Gud!
me vil ikkje stana lenger i dette for-
dømde Lande hans; elder so negtar
aa samtykkje”.

”Eg kann ikkje engelsk”, sae Columba,
som hadde høyrt paa dei; med den stør-
ste Nyfikna; ”men eg vaagar, velt,
kva de talar um”.

”Me talar um,” svara Obersten, ”at
me vil taka Dykk med paa ei Ferd til
Irland”

”Dit vil eg gjerne vera med; og eg

svara ho

eg

oj 4
eg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free