- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
47

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

him

Eg

Er JE

EE EE an EE NØ,

26de Mars 1881.

Fedraheimen.

47

at sume av Bøkerne i Bibelen ikkje
er ægte, ”En stor Langmodighed af
Gud var det, at han ikke lod Helvede
aabne sit Gab og sluge dem midt un-
der Latteren og Bifaldet?, osb. osb.
At Bjørnson ”ikkje er i Sanning” fær
Ein naturligvis og høyra. For Bjørn-
son segjer i Foredrage, at han ikkje
hev tekje paa den kristne Trui i seg
sjølv; men Presten meiner, at det hev
han just gjort, og det ”plumpt? dertil.
Andre, som hev høyrt Bjørnson, segjer
no noko anna. Dei segjer, at er no-
kon sann og ærleg og segjer det han
meiner, so maa det vera Bjørnson.
Og eg trur ikkje, Presten fær Folk til
aa tru noko anna.

Seinare hev ein annan Prest — ein
gamall ein — skrive eit Stykkje i
”Evangelisk-luthersk Kirketidende” —
Organe for Prestarne her — og fare
fram paa same Visi. Meiningi med
Foredrage er, segjer han, aa faa Folk
til aa fornegta Kristus. Naar Bjørn-
son talar um Politik; so avtek han
alle dei Gudsord, som handlar um
Raadsmagti (Øvrigheden) og spottar
med det, som Gud hev lært oss aa
agta og vyrda, og naar han talar um
Profetarne, daa ”slær han Kristus like
i Andlite og segjer ’tvideg’!” 0. s. fr.
—- Heve du høyrt Maken, at ein Prest
vil innbilla Amerikanarar, at den,
som er imot Kongedøme, er imot
Gud! — Jau der skal han koma langt.
Og i det heile vil nok Folk bry seg
lite um det han segjer um Bjørnson;
for dei veit, at han aldrig hev høyrt
eit Foredrag av Bjørnson. Han er av
dei, som paa Fyrehaand hev avgjort
med seg sjølve, at dei vil vera hans
Motstandarar.

Her er nok av Fritenkjarar her,
som gjeng fram paa ein annan Maate
enn Bjørnson. —Kvi lyfter Prestarne
ikkje si Røyst mot dei? Er det berre
den store Forkynnaren av eit nytt
Livssyn, han, som krev Sanning og
Ærlegdom av dei, — er det berre
han dei hatar?

Kvi læt dei ikkje alle, som vil,
fritt høyra Motstandaren deira, og so
kunde dei sjølve stiga fram etterpaa

og visa klaart og greidt, at Motstan-
daren foor med Fjas og Lygn? —
Kann du ikkje det, so preikar dei
sjølve imot Sanningi. XX.

Vestmannalaget

byd tvo hundrad Krunor fyre
den beste Lærebok i Landkunna
(Geographie) paa Landsmaalet, Aasens
Form. — Boki skulde vera lagleg til
Lærebok i Folkeskulen og paa Stor-
leik umkrmg 15 trykte Ark (240 Si-
dor) vanlegt Oktav. Handskrifter
maa vera innsende innan lste
Mai 1882.

Bergen, den 17de Mars 1881.

, Stjorni.

Ifjor baud Laget hundrad Krunor
fyre den beste Bibelsoga. Tri Hand-
skrifter ero innkomne. Det skal sei-
nare verda kunngjort, kven si Bok
Domsmendi vil velja.

Det ser ud til, at Vestmannalaget
kjem til aa arbeida godt paa den nye
Maaten. Den etterlyste Læreboki i
Landkunna er likevæl kanskje nokot
stor til Lærebok aat Folkeskulen.
Men vert Boki god, kann Ein — um

so er — altid faa ut ei ny og stut-
tare Utgaava’ av henne til Lærebok.
Bladst.

Normanssong etter Tidshövi.
(John Lie).

Stort Norgi æ, utta- å inna-lands,

Det ser mi klårt av vårt styres glans;

For styre tvo millionar personar

De kostar firti å seks millionar.

Norgi æ stort, hev ei ypperleg hær,

Kvort aar sine seks millionar ho slær.

Norgi æ stort; fyr floten gjev ljod!

Sine tvo millionar i mak han slo.

Norgi æ stort, hev eit ellev-manns
riksråd,

Som driv politikk ette fin-fine kliks-råd.

Norgi æ stort, de ser me av Skuldi; —

D’æ storfolks vis å sløsa mæ gulli. >

Stærkt æ Norgi, de må du vel vite,

Um ”kloden end rokkes”, do styre site.

Hurra! vårt styre æ støtt som fjell,

Aa likso lettvinnt i alt sit stell!

Brevsending.

Stavangerkanten l4de Marts 1881.

[ Höyland paa Jaren hev det voret
haldet fleire Folkemötei Vinter, som du
væl hev höyrt. ”Den politiske Situasjo-
nen” hev voret dryftad, og det rett
aalvorlegt; for her er baade reine Eids-
vollsmenn og reine Novembermenn. No
skulde dei i siste Möte röysta yver ein
Takk-Adresse til Mennerne fraa den 9de
Juni. Ordstyraren, Sakförar Oftedal,
forklarad daa, kva det var, Statsmag-
terne striddest um, og kva det var, Men-
nerne av Øde Juni hadde gjort: slegjet
fast Folkets Rett yver Grunnloven.

Fraa Högre vart framhaldet, at Bon-
den — ikkje var Kar til aa tyda Grunn-
loven; det laag for högt for han. ”Det
vart sagt um gamle Ueland og det, at
han ikkje forstod seg paa Logsaker”,
svarad Oftedal til dette. Det var ein-
gong, Ueland var sjuk; so kom Futen
— det var ein gudeleg Mann — og
vilde sjaa um han. So segjer Futen:
”Du Ueland! naar du no kjem inn i
Storthinget att, so maa du endeleg ikkje
leggja deg uti Lovgjevningsarbeidet, for
det forstend du deg ikkje paa!” —
Denne Visa um, at Bonden ikkje for-
stod seg paa Politikk, var gamal og
utbrukt.

Lenger ut i Mötet vart det ordat
innpaa um, at Grunnloven nok ikkje
just var framkomen so fritt, at Karl
Johan og Sveusken nok og hadde havt
eit Ord i Laget — o. s. fr. Til Svar
paa dette vart uppleset Ord og Uttalar
fraa fleire av dei Mennerne i 1814, som
var med paa aa avtala Samfestet med
Sverig; — og dei Ordi tydde nok ikkje
paa det, at Nordmennerne i 1814 hadde
latet seg segja av Svensken! ”Anten
Grunnloven av d17de Mai og Norigs
nasjonale Rett ukrenkt, elder so Krig
til siste Mann!” — so talar Mennerne i
1814 med Karl Johan og hans svenske
Bajonettar ikring Øyro paa seg.

Til Mötet var samlat mange Folk;
daa det leid frampaa Kvelden, so lang-
veges Folk laut tenkja paa Heimvegjen
bad dei um aa faa röysta yver Adressen.
Men Novembermennerne hadde endaa
$o annt med aa beda um Ordet, so det
reint saag ut til, — anten at dei hadde
spart upp Visdomen sin til slutt, elder
og-at dei vilde tröytta Folk ut, so dei
gjekk, fyrr det kom til Avröysting. For
det saag ut til, at dei liberale var dei
sterkaste. —

Med yver 100 Röyster mot 9 vart
slik Adresse vedtekjen: ”En större For-
Forsamling paa Gan i Höyland bringer

Storthingsmajoriteten af Yde Juni hjer-
telig Tak for dens kjække og fædrelands-
sindede Holdning ved at værne om
Grundloven til Bevarelse af vor Frihed
og Selystændighed. Særlig takkes Stor-
thinespræsident Sverdrup for hans ufor-
trödne Arbeide til Folkets Vel, og ön-
skes snarlig Helbredelse”.

— Her hev voret ein uvanleg streng
Vinter, so det skal vera vandt aa min-
nast Maken. Det er og sjeldan det
spyrst, at Folk frys ihel paa desse Kan-
tar; men i Aar bev det hendt. No sist
Maandag’ var ein Arbeidsmann ute og
ferdast og hadde Son sin med seg. Daa
Guten vart tröytt av aa gaa 1 Snö og
Vind, tok Mannen han paa Ryggen.
Men Snöfoket vart so tjukkt, at han
foor villt, og daa han hadde gjenget og
kavat langt um lengje, sansad ban, at
Guten var stivfrosen. Utmödd som han
var, og forstökkt som ein kann vita
han vart, lagde han Guten fraa seg. Han
fann endeleg fram til Folk og fekk Hjelp
med etter Guten; men der var natur-
legvis ikkje Tanke um Liv daa lenger.

ES Ja

Rettingar.: I f. No. S. 1, Bolk 2,
stend: ”3 Aar hev Statsrevisionen”, les:
yfaar hev Statsrevisionen.” Lenger
nede i same Bolken: Satens Gangverk”,
les: Statens Gongverk. S. I Bolk
4: ”— naar ein aalmenneleg Mann gran-
skad”, les ”oranskar, — 8. 2, Bolk I:
”Saki vert direkte framlagd for Pro-
tokolkomiteen”, les: Saki vert deretter
framlagd—, o. fl. (Stykket ”Fraa Thin-
get II var skrivet 8—14 Dagar fyrr
det kom i Bladet; ”Ymist godt Arbeid”
derimot i same Vika. Det er i mange
Maatar ille, at Bladet vert prentat paa
ein. annan Stad enn der Redaktionen er;
men no skal det daa, som væl er, snart
verta slutt med dette).

Kristiania, den 25de Mars.

Odelsthinget hev halde paa med Ut-
skiftingslog fraa om Laurdagen til no
om Torsdagen. I denne Logi er alt
om Utskiftingi samla i Hop. Og so er
det ymse Brigde. Utskiftingsretten fær
soleids i fleire Stykkje meir Magt, det
vert lettare aa faa utlöyst Bruksret 0. m.

Nokre andre Smaalogjer er au ved-
tekne, om Omskriving til metrisk Maal
og Vigt, om Innlöysning av Ølretter og
om Hav-Fisket i Trondheinsfylki.

Byarne. Det hev voret utsett eit
Ord um, at ein av dei större Byarne

mem

skal vera surella (Syster) Columba.
Skal me handtakast”.

”Denne Gongen skal me kyssast”, sa
Obersten.

XX.

Nokre Maanadar etter Dobbeltraaka-
ren, som hadde klomsa heile Pietranera
(som Bladi sa), foor ein ung Mann til-
hest ut fraa Bastia ved Middagsleite.
Venstre Armen var i Bind. Han tok
Vegen mot Landsbyen Cardo, som er so
kjennd for Kjella si; um Sumaren held
ho dei kjælne Byfolki med kostelegt
Vatn. Ei ung Kvinne, stor av Skap-
ning og merkjelag fager, fylgde han paa
ein liten svart Hest, som ein Kjennar
skulde ha funne baade sterk og fin; —
ved eit elder anna usælt Hende var det
eine Øyre sundskore. I Landsbyen sprang
den unge Kvinna lettvinnt ned av He-
sten: so hjelpte ho Fylgjesveinen sin
ned og løyste fleire tunge Ferdaskrep-
pur fraa Sadelbygjelen. Hestanne leet
dei ein Bonde taka vare paa og tok
sjølve Vegen til Fjelle, med di dei fylgde
ein overlag bratt Stig, som ikkje syntest
aa kunne føre nokonstad av. Den unge
Kvinna bar Skræppunne gjøymde under
Mezzaroen. Mannen bar ei Byrse med
tvo Pipur. Dei stana paa ein av dei

høge Hauganne paa Kversiofjelle, og
baae tvo sette seg paa Grase. Dei tot-
test vente paa nokon, for dei saag alt 1
eit mot Fjelle, og den unge Dama raad-
spurde ofte ei litt Gullklokke, kanhende
likso mykje for aa sjaa den fagre Klokka,
ho berre syntest ha aatt ei liti Stud,
som for aa sjaa, kva Tidi leid. Dei
venta ikkje lengje Him Hund kom
farande or Skogen; daa den unge Dama
ropa Brusco, skunda han seg fram for
aa helse paa dei. Ditt etter kom tvo
skjeggjutte Menn til Syne med Byrsa
under Årmen, Patronbelte um Live og
Pistolen ved Sida. Dei fillute og bøtte
Klædi braut sterkt av mot dei olitrande
Vaapni. For alt det, at desse fire tyde-
leg var av mykje ulik Stand, møttest
dei likevæl heimslegt og som gamle
Vener:

”No, Ors" Anton”!" sa den eldste av
Røvaranne aat den unge Mannen; no
er Saki Dykkar slutt. Tillykke! Eg
er leid for at Sakføraren ikkje er her paa
Øy1 lenger, so eg kunde sjaa kor han
rasar. Men Armen?”

”Um femten Dagar kann eg taka
Binde av, hev deisagt,” svara den unge.
— ”Brando, Guten min, eg skal fara
til Italia imorgon; eg vil segja deg Far-
vel og like eins Hr. Pastoren”.

”De hev, mykje til Hastverk”, sae
Brandolaceio. "De slepp fri igaar og
fer av Lande imorgon?”

”Me hev noko aa gjera”, sae den
unge Dama. ”Mine Herrar, eg hev tekje
med Kvellsmat; et og gløym ikkje Ve-
nen min, Brusco”.

”De forkjæler Brusco, Frøken Co-
lumba, men han er ikkje utaksam. De
skal sjaa. Her, Brusco!” — han rette
Byrsa si ut, ”byks for Barricinianne!”
Brusco vart standande urørleg, slikka
seg um Munnen og glaapa paa Herren
sin. ”Byks for della Rebbianne!” Og
han bykste tvo Fot høgare enn det
turvtest. .

”Lyd etter, Vener”, sa Orso, ”De
driv eit laakt Handverk; og um De ikkje
kjem til slutte paa den Staden dernede*).
er det beste, som kann raame Dykk
aa falle i Skogen for ei Politikule.

”Naa væl!” sa Castriconi, ”det er
em Daude likso god som ein annan, og
betre enn Feberen, som drep Dykk i
Sengji, me” Ervinganne stend rundt
ikring og yler — av Sorg elder Gleda.
Naar ein, som me, er vane til frisk Luft,
finst det ikkje noko verre enn aa døy

*Y Rettarstaden aat Bastia.

i dei Holunne, som Folke vaart kallar
Landsbyar”.

”Bg vilde gjerne”, heldt Orso fram,
”sjaa Dykk fara fraa dette Lande. .
og leva eit rolegt Liv. Til Dømes! Kvi-
for fer De ikkje til Sardinia og slær
Dykk ned som fleire av Lagsmennenne
Dykkar hev gjort? Pg kunde lette Dykk
Ferdi”.

"Til Sardinia?” ropa Brandolaceio.
Istos Sardos! Gjev F— take dei med
Maale deira! Det er altfor laakt Lae
for oss”.

”Der finnst ikkje Utvegjer paa Sar-
dinia”, lae Theologen til. ”Ee for min
Part svivyrder Sardiniaranne. Til aa
gjera Jagt paa Røvarar hev dei Hest-
folk; det er nok til aa teikne baade
Røvarar og Land*). Fy for den Stygge,
Sardiniarar! Det er ein Ting, eg un-
drast paa, Hr. della Rebbia, og det er,
at De, som er ein Mann med Smak og
Kunnskap, ikkje vil halda fram med
Live i Skogen, etter at De fyrst hev
prøyt det.” (Meir).

*) Det vil segja, at Røvarar, som læt seg
taka av Hestfolk er Naut, og at Hest-
folk som forfylgjer Røvarar, ikkje hev
stor Von um aa finne dei. d

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free