- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
53

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheim

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

2)

———>>=— 08 > 0>>—————

Bit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No 14 |

Fr der ge 1881.

Aare.

ER TS NN SSNSRDSPN

Torkjell og GER,

Forteljing fraa Bondebygdi av Har.

L

Torkjell vår so gla i Ingebjørg. For
Ingebjørg var au so ven, at ho ikkje
kunde venare vera; de totte daa visst
Torkjell; han tenkte ikkje paa anna
hell Ingebjørg, kor han sveiv. Men so
ein Dag sagde Mor hans te han, at
han aldri maatte tenkje meir paa In-
gebjørg, for han maatte ikkje hava
ho likevæl, sagde ho; for de vart berre
Misjamnen; de bar aldri te. Men daa
Torkjell høyrde dette. vart han so su-
tefull, at han nær hadde graate. Daa
vert eg ulukkeleg, eg, Mor, sagde han,
fær eg ikkje ho; for ho er baade so
ven og so 20, aldri kann eg gløyme
ho; daa fær eg ikkje ei morosam Stund
i Væri meir. Aa ja, Ungdomsliten han
er nok ven, sagde Mori. men han fal-
mar som Lauv um Hausten. Og den
Suti gjev seg væl med Tii; de er mange
som hev-freista det og kome vælutor
de. Men no skal du berre loya meg
de, at du fer ikkje te Ingebjørg i Su-
mar, og er de daa so, at ho gløymer
deg, so tarv hell ikkje du tenkje meir
paa ho. Han er so ymis Kvendehugen,
han sviv som ei Røyr for Vinden, og
du veit ikkje, kor stø Ingebjørg hell
kann vera. Og gløymer ho deg for
Andre, so var de Sjølvvils-verk aa
laupe meir etter ho. Ja de skulde
han gjerne, sagde han, for Mor hans
var so vitug, at han lydde ho strakst,
og.no var han heiltupp gla. for de ho
ikkje lagde verre paa. Men no skal

du ikkje segja nokon Ting, berre fara

som du aldri gaar*) ho, sagde Mori,
so er ikkje ho hell bundi ved nokon
Ting. Ja de lova han; de fall honom
so lett aa gjera de, endaa han tenkte
nok au, de vilde verte tungt aa vera
so lengje ifraa Ingebjørg, og tyngst
endaa kanskje aa laast som ham aldri
gaadde «ho; men han visste de med
sjølve seg, at ho vilde aldri svike, og
de sagde han au ved Mor si. Ho er

- trugji som Bergje ho, Mor, sagde han;

aldri i Væri vil ho svike meg. —
Ja de fær me no sjaa daa, sagde ho
berre.

PE
Der paa Bergje var de ein ny Te-
nestgut, het Odd; de var sodan ein
snjaal Kar, djerv i Ori, men løynen i
Hugen, og vyrde ikkje, kva han gjore.
So var de ein Sundag, han vilde te
Brekke og vitje seg; de var der han

*) gaa: anse, agte.

hadde tent fyrr. Brynhild Brekke
hadde mange Døttrar, som ho hadde
fenge væl burtgifta, og no hadde ho
att ei, som ho hadde tenkt te Torkjell
Bergje; de hadde vore mest som sam-
snakka med Bergjekjeringi dette all
Tii. No hadde ho vore fælt harm, daa.
ho hadde høyrt, at Torkjell foor etter
Ingebjørg Kaasi. Men ho litte seg te
Odd. Ho ba han upp paa Lofte, skjenkte
han og fagna han væl, og so sagde
ho de ved han paa Slutten, at kunde
han vende Hugen te Ingebjørg fraa
Torkjell, so skulde ho gjeva han ein
Klæning fraa Topp te Taa og endaa
tie Dalar attpaa. De var ikkje mis-
bjoande de. meinte han, og blinksa
med Augo. Ja de var de same au,
um han berre kunde faa Torkjell te
aa tru, at Ingebjørg ikkje brydde seg
um han, sagde ho. Aa jau, han fekk
daa freiste.

II. :

So var de uti Høyönni. ein Gong;
daa var Hestanne burtkomne paa Ber-
gje. Dei leita i alle Hagar, men inkje
fann; dei skyna, at dei hadde stroke
te Fjells, for de var varmt og ufriskt
paa Heimebeite. Men de var nok Odd
som hadde valda de; han hadde vore
uppe ei heil Nott og jaga dei uppte:
de var han, som var ute med Raaene
sine. 80 lagde han seg sjuk heime;
daa kunde ikkje han fara te Fjells
paa Øykjeleiting. naar han var soso
voren. So laut Torkjell i Veg. Han
strauk heimate um Laurdagskvelden,
so han kunde hava Helgi fyre seg.

Daa han hadde gjenge ei Ti, fekk
han Spurlag paa Hestanne; de var
Nokre, som hadde set dei langt inn-
paa Heii ved ein Støyl, som het Øy-
garsstøylen, og der meinte dei, at dei
visst gjekk endaa; for der var so gildt

eit Beite. Øygarsstøylen laag noko
einslengd inni ein liten Kvelv; paa

den Støylen visste han, Ingebjørg sat
eismall. Jau Hestanne fann han; dei
gjekk burti nokre grøne Haller, ikkje
langt derifraa. Men han tenkte ikkje
so mykje paa Hestanne daa, han tenkte
meir paa Ingebjørg; han tottest vera
so sæl for de han visste, at ho var so
nære, og han ynskte berre, at han
hadde maått tala ved ho au; men de
var so vondslegt, — Lovnas-Ori te Mor
si vilde han ikkje brjote. Men um
han berre kunde koma te aå sjaa ho,
— de var de daa visst ikkje noko gale
i. De var ein liten Nut ende upp for
Støylen, der klauv han uppi; men de
var noko Bjørkeskog attfyre, so han
ikkje kunde sjaa ned. Daa høyrde

—————————annn ananas

han eitt, som song; Ljoen krulla seg
so vent uppetter Lu. Aa jau, der høy-
rer eg Maale paa Gjenta mi,
han ved seg sjølv, daa vart han so
gla; og fyrr han sjølv visste av de,
var han alt langt nedi Bjørkeskogen,
smaug varleg nedetter og løynde seg
millom Buskur og Tre; — aa jau de
var rett ho; ho sat paa ein Stein att-
med Støylen med Bundingi i Haandi
og Veslepus strauk seg so blidt upp-
ad ho; —han kjende ho fulla væl.
Men au, han kvakk mest, lo var daa
so bleik, og de var som de ikkje fall
seg noko for ho, totte han; rett som
ho sat sleppte ho Bundingi ut or
Haandi og stirde berre ende ut, ho
sukka plent og drog Pusten djupt.
No høyrde han au greileg de ho song.

Ai, ai, ai, her hev tungleg gjenge,

mitt kaate Hjarta hev Suti fenge:

al; al, ai, her hev gjenge te,

de er djupe Veitur i Hjarta mi.

Kjærleikssuti, ai ai, den klemmer, ,

de fær dei greiaste Gjentunn kjenne;

Kjærleikssuti den klemmer fælt,

de fær Andre prøve so væl som eg.

Aa Herregud tenkte han, du lid
vondt for meg, men eg skal ikkje svike
deg; aa at eg ikkje no fær tala med
deg eit Or. Men daa hadde han mest
Hug te aa springe fram og fortelje ho.
at paa han kunde ho lite, men han
laut halde seg likevæl; for de hadde
han lova Mor si. — Der laag han daa
og aldri torde lea paa seg. alt te Soli
tok te sige og Kvelden kom.

Daa reis han endeleg upp, fann
Hestanne og gav seg paa Heimvegen.
De var so stillt og so vent frametter
Heii, han totte han hadde aldri set de
venare, Kjyne kom fraa Beiti og Bjøl-
lunne kjyngde so fint burti Lianne.
Dagen tok te avliast; nedi Langeda-
len var det reint døkkt, Furuskogen
laag so svart og vi som ein stor Sjø;
men Kveldljosken laag paa Himelen
blank og rau, og Soli skjein øvst paa
Nutanne endaa; de var som ein gyllt
Krans laag halvt ikring. Han rei so
lett burtetter; han var so gla i Hugen.
Han var so sæl fordi han hadde fenge
set att ho; han visste de, at ho var
trugji, men so totte han au So vondt,
at han ikkje fekk tala med ho, at han
nær hadde snutt; men endaa verre
tenkte han de laut vera for ho. De
maatte svive tungsame Tankar for ho
no; ho kunde ikkje vita kva ho skul-
de tru.

Daa han kom innaat nokre store
Haugar, vart han var noko; de kom
Folk; han høyrde Hestetramp, kaat
Laatt og Felespil. Han drog seg unda.

sagde

NNN SND

han vilde ikkje møte Nokon no. Snart
kunde han høyre dei tala. ”Jau eg
forpliktar meg paa de, Gut, no skal
Ingebjørg verta gla, naar de vert so
folksamt paa Støylen”, ropa ein, daa
dei kom uppaa Bruni. Torkjell bleikna;
men fysst daa dei hadde fare framum,
vaaga han rise upp og sjaa etter dei,
— daa, kjende han greitt Hesten te
Knut Hauge, og han saag, at dei tok
Vegen imot Øygarsstøylen. Han vart
standande som burtgløymd. Betre deg
Ingebjørg, sagde han. Aa nei, de er
Ingen i Væri daarar deg; daa var
han viss paa de. Men snart kom de
braatt paa’n so vonde Tankar; kanskje
de var desse, du gjekk og sveiv og
sytte for, tenkte han. Men so slo han
de burt i de att, at dei kunde vilja
lenger au, dei; de kunde godt vera
andre, som het Ingebjørg burtigjenom
Støylanne, endaa han var ikkje go te
aa slaa stor Liten te dette hell. Men
um de au var te Ingebjørg mi, tenkte
han daa, so vinn de Ingen Hugen
hennar, fyrr han kjem Guten hennar
eigjen, og han skal au visst koma.
Soleis trøysta han upp seg sjølv, og
sat og kva so smaatt, med han rei
nedgjenom Lu.

Men likevæl var han usæl, daa han
kom heim, sleppte berre Hestanne upp
i Hagen og gjekk sta lagde seg paa
Laaven. Soleis ansa han ikkje paa, at
Odd var burte. For Odd hadde nok
vore med i den Færi, Torkjell hadde
møtt; men daa var de so dimt og langt
ifraa, at han ikkje hadde kjennt han;
de var Odd, som hadde sett Knut
Hauge paa Vegen au, han brydde seg
ikkje meir um ho, Torkjell no, sagde
han. Men Knut hadde lenge fare faa-
fengt etter Ingebjørg.

TAVE

Daa desse no kom fram te Støylen,
sagde Odd. at han skulde upp og leite
etter Hestanne, som var burtkomne;
han hadde fare iveg Torkjell au, sagde
han, men det hadde væl bore paa ein
annan Kant med han; men no hadde
han rekkt dei eit Stykkje uppetter, han,
sagde han, so han vontest dei laut
vera paa desse Leier. So spurde han
se um ho hadde sett noko te
dei. Jau, du treffte «det lagleg daa,
sagde ho, for Hestanne gjeng burti
Kvelven hera, dei; der heve dei gjenge
i all Dag, og dei er der visst endaa.
Ja Odd gjekk ivegen, men um eit Bil
kom han att og sagde, at han hadde
ikkje funne dei; men eg saag Slag
etter em Kar, sagde han; han hev
nok alt vore der Torkjell. er det Von.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free