- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
54

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54

Fedraheimen.

de April 1881.

Han var ikkje innum her daa, sagde

han so halvhøgt burtaat Ingebjørg.
Nei her hev han ikkje vore, sagde ho.
Men daa ho hadde sagt dette, fekk ho
so braatt ein Tunge, ho totte mest, ho
skulde kovne. Aa han veit væl, kor
han vil fara innum, den Guten, sagde
Knut og skratta. Men Ingebjørg skunda
seg og sette fram Maten, som ho hadde
laga te, og daa sprang ho ut og upp
i Heii og gjøymde seg og gav seg
te aa graate. Ho kunde ikkje tenkje
ut um nokon Ting; det vart so flo-
kutt for ho; ho berre sat og greet
og stri-greet. Der sat ho heile Naatti
utetter og torde ikkje vaage seg fram;
bo. høyrde berre, kor dei styra og
staaka ned paa Støylen og foor og
huva all Sta; endeleg langt um lengje
foor dei daa av att.

Men. Odd tokk Sprange beinast
heim, og um Morgonen gat han ikkje
Ore, berre letst som Inkje var:

(Meir).

Eit Aalvorsord
fraa Landsmenn i Amerika.

Nordmenn !

Eg såg i eit blad ber um dagen,
at Bj. Bjørnson, i foredraget sitt um
Norigs politiske tilstand, talar um Jo-
han Sverdrup og hans livsforhold, og
at han i slutten av foredragje manar
Norskarne her upp til aa reisa ein
subskription til studnad for denne
mannen. Eg kvakk, då eg såg det. Bg
visste, at Nordmennerne var seige og
seine, når det galdt politik, det
galdt framstig i riksstell åndsliv
og når det galdt å hævde sine rettende;
men eg visste ikkje, at dei var seine,
når det galdt æresaker; nei, då tenkte
eg, dei var framfuse nok. Eg trudde
dei var so ærekjære, at dei helder
vilde lata liv og blod enn få ein flekk
paa æra si. Slikt nokot heve dei ial-
fall ord fyre; og eg veit, at so hev
det voret fyrr; men dette her ser no-
kot myrkt ut. Og det er visst, at kjem
Norskamerikanararne fram med sin
subskription, fyrr dei derheime hev gjort
sin skyldnad fullt ut (og det kann nok

når

og

hende, for folket her lærer å smida,
medan jarnet er varmt) — so set de
ein historisk skamflekk på dikkon sjølve
som aller kan vaskast av, ikkje ein-
gong med dei djervaste tiltak. Og ein
slik flekk er ieid å bera for dei, som
etter kjem og. Ein burde ikkje turva
minna Nordmennerne um slike Ting.
Men eg vilde segja dette, for at de
kann passe dikkon. Her i landet hev
me lært å ikkje vera fullt so daude
og seige av oss. Og de kann lita på,
at når Bjørnson på sin eldfulle måte
held saki fram her, so vert folk upp-
glødde og harmfulle, og daa kann det
henda, at det snart vert for seint for
dikkon der heime. Difyr var det godt,
um de fekk augo upp, so de kunde
arbeida i tide.
For dette er ei nasjonal sak.
XIL

Trollet, som vilde byggja seg inne.

(Politisk Eventyr av T...)

”Do not try with the elephant,
when you cannot stop å mouse!”

”Buh!? sa Bergtrollet, ”no vil eg
byggja meg ein Mur!” — for det var
so audslegt aa liggja slik vidopen for
all Verdi. Ein laut verja um Heimen
sin! Og ut sende det Dvergar og
Smaatroll og Haugtussar til aa brjote
Stein aat seg, endaa Smaakreket likad
ille paa Leiken og totte dei hadde
gagnlegare Ting aa gjera. ”Det er
uvitugt aa koma med sovoret,” murra
ein Dverg; — ”helst i denne Tidi !” sagde
ein annan. ”Dersom Ein endaa kunde
berge heile Eigedomen med slik ein
Mur!” meinte ein Tussekall, ”men det
vert berre aa byggja Borg tor DBerg-
troll-Hola!” ”Ja var det endaa Berg-
ing for den!” sagde eit Smaatroll. Trol-
let vart raudt i Luggen av aa høyra
paa denne Murringi, fræste og bles og
beit seg i Skjegget, gav seg so til aa
mana og ropa paa Tuftar og Draugar
at dei skulde gjera Staak rundt Hau-
gar og Hamrar, so Motlegget ikkje
skulde høyrast; og det gjorde dei og;
for Tuftekallarne og Draugarne stend

allstødt paa Bergtroll-Sida. Og
vart fælt til Staak, so Smaatrolli til-
slutt vart rædde og gj gjorde som Trollet
vilde.

Daa vart det eit Styr og eit Stræv
med Steinbrjoting og Byggjing; Smaa-
trolli sleit og sveittad; men Draugarne
”førde Tilsyn” og hadde det godt, for

dei stend allstødt paa Troll-Sida, dei;

— og so vart Muren ferdig.

Daa totte Bergtrollet, at det stod
væl til. ”No vil eg leggja meg til aa
sova”, sagde det, ”for no kann korkje
Russ elder Rise naa meg!” Og dermed
sov det, og sov godt.

Men so var det ein Dag, det kom
farande em Kraamkar, tenkte paa
ingen Ting, vilde berre inn i Troll-
Hola og selja Kraam. Fraa Risebygdi
var han, men var sjølv berre ein liten

Tufs og visste ikkje meir um den
gilde Troll-Muren enn den som aldri

var til. Og so skulde det høva so ille,
at plent den Dagen var det slik ei
fæl Myrkjeskodd, at Kraamkaren kunde
ikkje sjaa Neven for Tennerne dess-
meir. Og so gjekk Kraamkaren beint
paa Muren.

— Ja, han kjende nok nokot, som
krislad ’n paa Nosi og! — og han

tenkte med seg: kva til Dunderen
er dette? Men so kjende han, at det
gav seg unda, og so skaut han seg
fram so jamt og smaatt, ettersom det
best vilde glida. No er desse Kraan-
kararne nokot tunge bak, forskuld den
Skreppa dei allstødt gjeng og ber paa,
og rett som han slik skaut seg fram
og fram, kjende han, at Broki hans
hakad seg fast i nokot. ”Jaja,” tenkte
Kraamkaren, ”eg kann gjerne kvila meg

her eit Bil; naar Skoddi lettar, kjem
eg nok laus att!” So laag han og

sov eit Bil: tillslutt drøymde han, at
han datt ned av eitkvart, og so vak-
nad han. Og daa han so skulde sjaa
seg ikring, so saag han, at han i
Skoddi hadde gjenget — tvers igjenom
ein Mur. Daa forstod han, kva som
hadde kraslat han paa Nosi og heft
seg fast i Broki hans! Han undrast
mykje paa dette, kjende fyrst etter paa
Nosi si; nei den var heil: kjende so

det

etter paa Broki si; nei den var og
heil! ”Dette var mykje til rar Mur”,
sagde Kraamkaren.

Og daa han kom inn i Troll-Hola,
sagde han det same ein Gong til: ”dette
var mykje til rar Mur!” Og Smaa-
troll og Dvergar og Haugtussar dei
kniste og lo og hadde si største Moro:
for dei hadde fraa gamalt av ein Ol-
hug til denne Muren. : Daa vaknad
Trollet og høyrde paa Svallet; men
daa kan du tru det vart i Godlag!
”Hadde du voret ein Rise og ikkje

slikt eit Krek av ein Kar, so skulde
eg skotet deg ihel, der du laag og

raut nedpaa Murkanten!”
til Kraamkaren. ”Ja — ja”, meinte
Tufsen, ”men ein Rise hadde no, væl
ikkje lagt seg til aa rjota ned paa
Murkanten, han, vil eg tru!” Og han
lo og gjekk, og Smaatrolli smuskad
og lo, dei med.

sagde det

Men Trollet sat og beit seg i Skjeg-
get og saag paa den store Muren sin.
”Hadde endaa berre Broki hans riv-
nat!” sagde Trollet. —

Åsehehoug som Grunnlovsfortolkar.

Glansen er nok for lengje sidan
gjengen av den ”store Statslæraren”
vaar; dei hev voret etter han baade
den eine og den. andre og vist, kor
det hekk ihop med Storleiken og Stats-
rettslæra hans. Her um Dagen hadde
Kaptein Krogh fat i han og synte
han fram. Det viste seg daa som
vanleg, at — tvo Sidur i Aschehougs
Bok slær kvarandre ihel. Paa den
eine Sida stod, at det var rett at
Storthinget innsette parlamentariske.
Kommissionar; men paa den andre
Sida stod der, at dette daa maatte
gjerast i Lovs Form. I slikt meinte
Krogh kunde der ikkje vera Aalvor.

Her brast Fortolkningi hans Asche-
houg, og her brast Modet hans og.
Han braut inn i Talen og vilde hava
Hjelp mot Kaptein Krogh . av Præsi-
denten. Men Præsidenten meinte Nei,
han. — Det var som du skulde høyrt

Columba.

Korsikansk Forteljing etter Prosper Mérimée.
(Slutten). i
”Men”, sa Orso og smilte, ”daa eg
hadde den Hugnaden aa vera Bordg;je-
sten Dykkar, var eg ikkje vidare istand
til aa verdsetja det herlege i Skoglive
Dykkar og Sidunne mine verkjer enno,
naar eg minnest ei fager Nott, daa eg
laag som ei Pakke tvers yver ein Hest
utan Sadel, som Venen min Brandolac-
€10 Styrde”.

”Men Fagnaden ved aa sleppe unda,”
tok Castriconi uppatt; ”reknar De daa
den for ikkje noko? Kor kann de vera
utan Kjensle for det huetakande i ein
fullkomen Fridom under eit Vedrlag so
fagert som vaart?” Med denne Skræ-
maren (han peika paa Byrsa) er Ein
Konge yveralt so langt som Kula rekk.
Kin gjev Paabod, Ein refser Urett.
Det er ein stor moralsk Fagnad, Herre,
og So stort Gaman, at me ikkje kann
vera det forutan. For eit herlegt Liv

. hev ikkje ein vandrande Riddar, naar
han er betre væpna og hev meir Vit
enn Don Quixote? Høyr her; Fyrre-
dagen fekk eg vita, at Morbror aat den

vesle Lilla Luigi, den gamle Guikaren,
ikkje vilde gjeva ho Heimanfylgje;
skreiv til han, — utan Trugsmaal,
er ikkje min Skikk aa truge;
— Mannen vart strakst vunnen: han
hev gift ho burt. Bg hev gjort tvo
Ungfolk sæle. Tru meg, Hr. Orso, in-
genting kann liknast med Røvarlive.
Haa! De hadde kanhende vorte ein av
vaare, hadde det ikkje vore for den
Engleuderinna, som eg berre hev set ein

eg
det

og sjaa

lytt av, men som alle i Bastia talar
um med Beundring”.
”Versyster mi skal bli, likar ikkje|:

Skogen”, sa Columba og lo: ”den er ho
altfor rædd”

”Altso vil De stana her?” sa Orso.
”Væl! seg meg, um eg kann vera Dykk

til Nytte i noko”.

”Nei”, sa Brandolaceio, "anna enn
um De vil minnast oss litt av og fil.
De hev dyngt paa oss med godt. Der

hev Chilina fengje ei Medeift, og for
aa setja ho heilt iveg, trengst det berre
at Venen min, Pastoren, skriv eit Brev
utan Trugsmaal. Me veit, at Bygslaren
Dykkar vil gjeva oss Brad og Krut,
det me treng; altso Farvel. Bg vonar
aa sjaa Dykk att her paa Korsika endan
ein Gong”.

”T ei trong Vending”

8”, sa Orso, kann

nokre Gullstykkje gjera god Nytte. No
som me er gamle Kjenningar, vil De
ikkje negte meg aa taka imot denne litle
Gaava til Avskil”.

”Ikkje Pengar millom oss, Løytnant,”
sa Brandolaccio fast.

”Pengar gjer alt i Verdi”, så Castri-
coni: ”men i Skogen prisar ein ikkje
anna enn elt modigt Hjarta og ei Byrse,
som ikkje skyt imist.”

"Be vil ikkje fara fraa Dykk”, sa

Orso, "utan aa gjeva Dykk eitkvart til
Minne. lat oss höyre, kva eg kann
gjeva deg, Brando!”

Röyaren klaadde i Hoyude og
sende eit Augnekast paa skakke til Byrsa
hans Orso.

PAY
seg

”For Pokker, po tnant ...um eg
vaaga . . . men nei... . De held Vor mykje
paa ho...” ;

”Kva er det, du meiner?”

”Ingenting . . . det er ingenting ...

Dertil treng ein aa kjenne Maaten aa
bruka ho paa. Beg tenkjer alltid paa
denne forb-— Dobbeltraakaren, og det
med ei Haand ... Haa! slikt læt seg
ikkje gjera tvo Gonger”.

"Er det Byrsa ber, du vil ha?...
Du skal faa ho; men bruk ho det mind-
ste, du kann”.

”Haa! Fe vil ikkje lova aa bruka

ho som De; men ver roleg; naar ein
annan hev den Byrsa, so Fan De segja
Dykk sjölv, at Brando Sevilli er ferdig
med alt Vaapenbruk”.

”Og’ De, Castriconi;
gjeva Dykk?”

”Naar De endeleg: vil gjeva meg eit
slikt haandfast Minne, so vil eg utan
Krus beda Dykk sende meg ein Horats*)

kva skal eg

i so lite Format som mogleg. Det vil
vera Moro aa hava, og det il hindre,
at eg gløymer Latinen. Det er ei liti
ei i Bastia, nedmed Hamni, som sel
Cigarar; gjev Boki til henne, so fær eg
ho nok!”

”De skal faa ein Elgevir**), lærde
Herre! det finnst just ein millom dei
Bøkenne, eg tenkte aa taka med. Væl,
Vener! Me ér nøydde til aa skiljast.
Eit Handtak. Um De ein Dag tenkjer
paa Sardinia, so skriv til meg; Sakfø-
rar N. vil segja Dykk Bustaden min paa
Fastlande”.

”Løytnant”, sa Brandolaccio, ”imorgo,

*) 9: ei Utgaave av den gamle romerske
Skalden.

**) Elgevir er Namne paa ei vidkjennd
Prentarætt, som (1592—1680) iser i Am-
sterdam og Leyden prenta Bøker, mest
Klassikarar i framifraa gode Utgaavur.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free