Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
60
i
Fedraheimen.
16de April 1881.
s0, at det er Innknipingarne i Fol-
kets Rett, som maa vera endefram
nemnde for aa kunna godtakast!
All Verdens Lærdom hjelper ikkje
her. Enden paa Spursmaalet er og
vert dette, um Norig er eit fritt Land,
elder um det er hærvunnet og under-
trykt av Svensken 1 1814.
Hadde dei 6 lærde Herrarne sva-
rat paa det Spursmaalet, so hadde dei
komet mykje lenger enn dei no kjem,
med alt det Snakket dei held um
”Plenarbeslutningar”, ”logiske Grun-
nar” og Lovkrokar!
”Sanktionsretten, som overhovedet
de kongelige Rettigheder i det kon-
stitutionelle Monarki, har ikke til Op-
gave at være et Redskab for Kongens
personlige Vilje”. stend det S. 11.
Endeleg ein sann Setning og mil-
lom all ”Lærdomen!”.
— Men her er ein annan Setning,
som minner um ”Budstikka” att:
”Der kan ingensomhelst Slutning
drages ... til de sædvanlige Storthings
Raadighed over Grundlovsforandringer
fra den Erklæring; som Storthinget
.. åfgav under 19de Novbr. 1814:
at Grundloven efter sin Natur ikke kan
henhøre blandt de Love, der udfordre
Kongens Sanktion for at blive Lov”.
— Aa jau; er Grunnloven ”etter
sin Natur” slik, at han ikkje ”kann
høyra med” til dei Lovarne, som ”krev
kongeleg Sanktion”, — so krev han
ikkje kongeleg Sanmktion daa væl! Det
er ein rar Maate dei hev aa lesa paa,
desse Juristarne. Dei les alt det, som
dei likar; men det, som dei ikkje li-
kar, det kann dei plent ikkje sjaa
elder skilja.
ren, som sit i dei, maatru.
Dei 6 Professorarne hev havt eit
svært Stræv med aa bortfortolka $ 112,
baade det um, at ”det tilkjem Stor-
thinget aa avgjera” —, og det at alle
Grunnlovsforslag skal kunngjerast fyr
Folket 3 Aar fyre nytt Val, — at
dette nemleg ikkje inneheld, at det
nyvalde Thinget fær nokor Fullmagt
av Folket til aa avgjera dei framsette
Forslagi, slik som me hev trutt fyrr.
Men –- det er som det ikkje fell seg
for dei. Du les og les og vert like
klok, — ’og endaa er det ikkje annat
som stend her, enn det me hev leset
og høyrt hundrad Gonger fyrr fraa
den Sida. Det er so underlegt med
: det: Tøv er Tøv. um det so vert tøvt
uppatt aldri so lengje.
Det vil gaa so fælt fort med Grunn-
lovysforandringar, dersom Kongen ikkje
fær Veto, segjer dei 6 Juristarne,
”naar det skal være tilladt at slutte
fra Erfaringen siden 1814”, legg dei
til. ”Erfaringen siden 1814” lærer oss,
at naar det gjeld vigtigare Grunnlovs-
forslag; so gjeng dei so seint, at Folk,
som hev voret med og sett dei fram,
stundom fær Tid til aa verta so gamle,
at naar Forslagi endeleg eingong gjeng
igjenom, — so segjer dei same Ka-
rarne ”Veto!” —-
Dei 6 Juristarne finn, at der er
praktiske Grunnar, som talar for, at
Kongen bør hava absolut Veto. Naa
ja, — 80 legg Saki fram for Fol-
ket! Set tram Forslag um det! Far
Det er Prokuratornatu-.
fram paa logleg Vis; men ligg ikkje
her og smett og smøyg med ”Fortolk-
ningar” og Revekrokar som ein Lom-
metjuv! Set fram for Folket det For-
slaget, at Kongen bør hava absolut
Veto klaart og greidt; legg fram Grun-
narne for dette; seg, kor faarlegt og
ille det kann vera, at han ikkje her
det, og lat so Folket — det frie norske
Folket — sjølv faa avgjera Saki! Fol-
ket vil ikkje — ? So set Forslaget fram
paa nytt. De trur sjølv, at det gjeng
so fort og lett med aa forandra Grunn-
loven. Set Forslaget fram og prøv!
Lat oss tenkja oss, at Kongen hev
Veto i Grunnlovssaker.
Vil han daa altid bruka det? Nei.
Stundom vil han sanktionera Grunn-
lovsavgjerderne strakst.
Naar vil han sanktionera Grunn-
lovsavgjerderne strakst? Det vil han
gjera, naar Forslaget gjev Kongen
meir Magt enn ha» hev, naar det altso
gjeng ut paa aa minka Folkemagti,
elder naar det gjeng ut paa aa ”ut-
vikla Unionen” d. e. gjeva Norig meir
og meir inn under Sverig.
Daa vil Kongen sanktionera strakst.
Iallfall med den Regjeringsmaaten,
som no er uppe i dette Landet.
Men naar det er eit Forslag, som
vil vera gagnlegt for Folket, for
Folkets Rett, for Fridomen, for
Sjølvstendet og Folkeæra, — so vil
Kongemagti segja nei, — nei og nei,
ikkje tri Gonger, ikkje ti Gonger, men
hundrad Gonger, jå all Tid; — for
det kann Kongemagti i dette Landet
gjera, av di ho hev eit annat og ster-
kare Land i Bakhaandi, um det knip.
— Skal det no vera slik ein Bate
aa faa eit sovoret Veto innført? Eit
Veto, som ikkje gjev den minste Tryg-
gjing mot folkefiendtlege og fridoms-
faarlege Forslag, men som kann sten-
gja æveleg for det beste og største av
det, som Folket sjølv kunde ynskja
og vilja? (Meir).
Diktarbøn.
Til deg, du’strenge Songmøy,
av Naudi eg ropar og bed.
Det er daa du, som eingong
hev gjort meg til Versesmed.
Ja høyr meg! for det er du, som
til Versesmed hev meg gjort.
Og alle dei andre Gudar,
— ’dei vyrder meg iukje stort.
Dei andre store Gudar,
dei lær aat mi Diktarsut.
Høyr meg, du strenge Songmøy!
eg er daa din eigen Gut.
Høyr meg, uaar Tankarne trøytnar,
og Ordi flyt seigt som Lim.
Send meg daa Syner fagre,
og ...send meg gode Rim!
Ja send meg fagre Syner
og send meg gode Rim!
so Diktet strakst kann strøyma
plent som ein Sildestim!
Dei Ordi er vrange og late,
vil nauveleg laga seg.
Aa, lær dei Trolli dansa!
og send dei so hit til meg.
«da lær dei Trolli dansa
paa rette og lette Bein!
No er dei som Gampar tunge
og klumpne som Kampestein.
I Vers dei tek seg ut som
ein Borgar-Eksersis.
Dei kann ikkje halda Lina
paa nokon Verdsens Vis.
- Men lær dei du aa marsera —
og dansa i Ring og Rad.
daa skal her verta Gaman!
daa skal eg forma Kvad!
— Det er mi Bøn, du strenge,
den Bøni, eg heitast bed.
Høyr meg og hjelp meg, du som
hev gjort meg til Versesmed.
Høyr meg og hjelp meg, du som
til Versesmed hev meg gjort!
— For alle dei andre Gudar,
dei vyrder meg ikkje stort.
19,
Kristiania, den 16de April.
Storthinget hev sjenge igjenom Uni-
versitetsbudsjettet. Det var ikkje so
stort det var ulike Meiningar om. Yng-
var Nielsen vilde hava 1000 Krunor
omfram det vanlege til den ethnografiske
Samlingi til aa kaupa inn Klædebu-
naådar for fraa Landet; men Fleirtalet
i Nemndi vilde ikkje ganga inn paa
det. Essendrop sette fram Forslag
om Bevilging i Tinget. Rinde totte
det var rart, at dei skulde lika so godt
Klædi fraa Landsbyedi, naar dei ikkje
brydde seg om Tankarne som kom
derifraa. Han meinte au. det, at det
kunde vera forvitnelegt aa kaupa Klæ-
debunadar fraa Byarne og konservera
deim. Forslaget fall med 58 R. mot 49.
Til Seminariarne heve Tinget be-
vilga mest som vanleg. Det vilde ikkje
ganga inn paa aa gjera Læretidi Saar-
leg. Joh. Sverdrup sagde at dermed
vilde dei ovanifraa sjaa til aa faa dana
Lærararne til aa hava ei einaste Meining,
so dei kunde lita paa deim. Det var ikkje
godt at Lærararne tok imot all Lærdomen
sin paa Seminariarne: ein borde ikkje
minska Konkurrensen. Fin kjem ingen
Veg med eit Styre, som held alt likt
og jamnt og ikkje let den gode Givnad
koma fram.
Der er ogsaa bevilga til Amtsskular,
Folkehøgskular, Kveldskular o. m., men
ikkje noko til Utdanings-Kursus for
Lærarar — er det noko att fraa det som
fyrr er bevilga til slike, so kann Skule-
styret taka det.
Det er bevilea Pensionar til Prestar
og Preste-Enkjor. Å
vart sett til
Løni til Ivar Aasen
3000 Kr. om Aaret — fyrr var ho
2400.
Storthingsmann Å. M. Ølsen-Skog er
daaen. Fyrste Varamann, Bonde O.T.
Fagerliddal, er sjuk, so han kann ikkje
koma, di er. 2dre Mann, Kyrkjesongar
i Kvedfjord, L. B. Drevland innkalla.
Kongen er no heilt frisk att og hev
tekje yver Styret.
. Chr. Friele, Styraren for Morgenbla-
det, hev havt ei 5aars gamall Sak med
Storthingsmannen, Kapt. Jacobsen,
som han hadde skjellt uti Bladet. Høg-
sterett hev no dømt honom for det til
aa bøta 100 Krunor til Rikskassa og
betala Jacobsen 800 Krunor i Saksut-
gifter.
Dei ryske Keisarmørdarne er dømde
til aa avlivast ved Hengine. Dei hei-
ter Russakov, Mikailov, Halfmann, Ki-
balsik, Sofia Petrovska, Jeljabov.
Frankrike hev fengje seg Ufred med
Tunis.
Om den greske Grendsa vert det væl
no snart ei Aygjerd — elder Ufred. Dei
held kyar paa si Line, Grækland og
Turkland. No hev Stormagterne sagt
til det greske Styre, at det lyt taka ved
den Turkarne set; ellest vil dei ikkje
bry seg meir om heile den græske Saki.
Det er vel det rimelegaste at Grækarne
giv. seg.
Rispur. ø
Ein hadde stoli. So vart han dømd til
15 Dagars Vatn og Braud. Daa Skrivaren
kjære Skrivar! du kann vel mkje forvenda
Domen slik at det blir Brennevin og Braud,
so skal eg helder sitja dubbelt so lengje!”
O. s. b.
I Førsdal hadde dei ein Prest heitte Bock.
Daa han reiste, fekk dei ein, som heitte
Høy. Daa sagde ein Førsdøl: ”Vrangt skal
det allstødt vera; da me hadde Bock, hadde
me ikkje Høy, og daa me fekk Høy, hadde
me ikkje Bock att!”
Ein, som skulde takast til Soldat, skapte
seg dauvhøyrd for aa sleppa. Dei baskad
med han paa mange Vis; men det monad
inkje: dauvhøyrd var han og dauvhöyrd vart.
han. Daa kviskrad Doktoren til han so halv-
høgt — dei andre maatte ikkje höyra —
”Vil du gjeva meg eit Pund Smör, so skal
du sleppe!” ”Ja misæl vil eg det!” — svarad
Guten. Han höyrde det likevæl!
Visguten. (Segn fraa Hallingdal). Dæ var
ein, dei kalla Vis-Guten; han visste meir enn
anna Folk. So var dæ ein Gong, dæ vart
burte ein liten Ungje, som hadde gjenge uti
Garden valtra, og slettikkje var dæ Raa aa
finna att Ungen, ko dei leitte og spurde. So
reiste Far aat Ungen til Visguten og kom
dit so mot Kvelden. Som daa Mannen hadde
uppmuntra sitt Ærend*), so sa Visguten dæ:
”Ja, i Kveld kann eg ikkje segja deg dæ;
men du fær burt og faa deg Hus einkvarstad
til i Morgo, so skal eg segja deg dæ”. Man-
nen var framand, og Kvelden var dæ med;
han gjekk burtpaa Laaven og la seg der i
ei Ron. Som de daa leid mot Dagen, kom
Visguten med ned paa Laaven og til aa
mana paa den Slemme, og Laaven grisna i
kvart Veggjemot, daa den Vonde kom. ”Ko
er dæ du vil meg no?” sa han og var høy-
rand*’-til so gryten og vill, som no ikkje var
aa undrast paa held, naar han vart brydd
so tidleg paa Morgonkvisten. ”Aa”, sa
som ikkje finn att ein liten Unge”. ”Aa”,
sa den Slemme, ”Ungen ligg i den Timber-
lunna uti Garden hans, og Far aat Ungen
ligg burti denne Roni”. ”Du fær brekke eit
Bein paa han daa”, sa Visguten. ”Nei eg
hev ikkje Magt til dæ," sa hin; ”han la seg
ikkje her i nokon vond Tanke.” Dermed
skildest dei aat, og Mannen foor heim og
fann Ungen i Timberlunna.
*) Stend so hjaa Indsendaren.
Lysingar.
For
Meierier & Landmænd.
Fra S. Barnekows teknisk-chemiske Fa-
brik i Malmø anbefales:
Smørfarve.
Dstefarve.
Gsteløbeextrakt paa Fl-
sker & i større Kvanta hos
Wilhelm Lund.
Eneudsælger for Skien og Telema:
Fuldstændig -Priseourant pr. Post franco.
7 V 1
Ved Vonheim
holdes Skole for voksne Gjenter tre Mine-
der, begynder den 19de Mai Eftmdd. Beta-
lingen Kr. 4 (ved kortere Ophold Kr. 6)
Måneden for Skolen og Kr. 16 for Hu *
Kost. Lagen og Håndklæder må medtelu
helst også Sengklæder, Halvten til dobbelt
Seng; ellers betales for disse Kr. 4 for hele
Tiden. Gjenterne må hjelpe til i Huset.
Lærere er Fr. Hansen og I. Bøhn; Chr.
Brun holder en Del Foredrag. En Lærer-
mnde vejleder i Håndarbeide. Indmeldinger
inden lste Mai til Bøhn, Foldbu ved Lille-
hammer.
Til Amerika
kostar Fedraheimen Kr. 5.30 for Aaret.
Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.
las Domen upp for honom, sa han: ”Aa-
Visguten, ”dæ kom ein Mann her i Kveld, ,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>