- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
83

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

E

98de Mar 1881.

Fedraheimen.

83

TE EE NE EE EE AO GN

kunde ein segja var Gaspar Contarini;
— Poole segjer um han, at ingenting var
— ukjennt for han, korkje av det, som

Folk hadde funnet ut, elder av det,

— som dei hadde lært av den guddome-
; lege Naaden; og so hadde han ein stor
| Prydnad til: Dygdi.

Spør me no, kva det var for ein
-Grunntanke, desse Mennenne møttest
i, so er det iser den Læra um ”Rett-
— ferdiggjørelsen”, som Luther og kom
— inn paa, og som i Grunnen var den,
som vekkte heile den protestantiske
Rørsla til Liv. Contarini skreiv sjølv
eit lite Skrift um «det Emnet, eit Skrift,
-— som Poole ikkje kann rosa nok. ”Du
— hev dreget fram denne Glimesteinen,
som Kyrkja halvt-so gjøymde”. segjer
han til Contarini. Poole sjølv finn,

at Bibelen i sin djupaste Samanheng
| ikkje preikar anna hell denne Læra;

han prisar Venen sin sæl, som hev
fengjet taka aat med aa draga fram

i Dager denne ”heilage, fruktrike,

umissalide Sanningi. Til den Flokken,
som slog seg til dei, høyrde og ein

Mann, heitte M. A. Flaminio. Han
budde ei -Stund hjaa Poole; Contarini
vilde taka han med seg til Tyskland.
Høyr her, kor klaart han forkynner
denne same Læra: - ”Evangelie”, segjer

han i eit Brev, ”er ikkje annat hell
den sæle Tidendi, at Guds Son, klædd
i vaart Kjøt, hev fullnøgt den evige
Rettvisa nat Fader sin. * Den, som trur
Mette, gjeng inn i Guds Rike; han nyt
av den aalmenne Tilgjeving; han vert
fraa ein kjøteleg Skapning til em aan-

Ab I

PE PE DN

deleg, fraa eit Barn av Vreide til eit
Barnav Naade”. Ein kann knapt finna
meir ”lutherske” Ordelag.

Heiltupp som ei literær Meining
hell eit literært Straumdrag breidde
denne Tanken seg ut yver ein stor Lut
P av Italia.

Endaa i det lettlivde Neapel vart
ho spreidd, jamvel av ein Spaniamann,
Johann Valdez, Skrivar hjaa Under-
kongen. Dessverre er Skrifterne hans
heiltupp burtkomne; men um det. som
Motstandaraune lastad han for, hev
me eit mykje greidt Vitnemaal. Ikring
Aaret 1540 kom det ei liti Bok ut

ibland Folk, ”Um Kristi Vælg gjerning”.
I ei Inkvisitionsmelding stend det um
denne Boki, at ho ”handlar um Rett-
ferdiggjørelsen paa ein Maate, som er
svært hyggjeleg for Kjøt og Blod,
riv ned paa gode Gjerningar og alt
Mannsverk og byggjer berre paa Trui;*
og daa nettupp dette var eit Punkt,
som mange Prestefolk og Klosterbrø-
rar tvilad um i den Tidi, vart Boki
vidt utspreidd. Ein hev ofte spurt
etter, kven det væl kann ha voret, som
hev sett upp denne Boki. Men denne
Inkvisitionsmeldingi segjer det mest
ende ut, og ialfall tydeleg nok. ”Det
var ein Munk fraa San Severino, ein
Læresvein av Valdez: Flaminio hev
set igjenom ho”. Denne Boki er altso
skuivi av ein Læresvein og Ven av
Valdez; ho vart baade vidgjengd og
vidspurd og gjorde denne wukatholske
Læra um ”Retferdiggjørelsen” godt
likad i heile Italia ei Tid. I Neapel
hadde denne Læra ein sjeldsynt Fram-
gang, ikke berre hjaa Adelen og dei
lærde, men og hjaa vanlegt Folk. Det
nemnde Inkvisitionsskrifte synest mest
aa gjera altfor mykje av det, naar det
segjer, at 3000 Skulelærarar trudde
paa den Lærdomen. Men um det so
var færre, kor stor ei Magt maatte
bo ikkje likevæl faa yver Ungdom og
Folk!

Likso stor Framgang fekk den nye
Læra i Modena. Bispen sjølv, Morone.

ein god Ven av Poole og Contarini,
studde den nye Læra. Etter hans

endeframme Paabod vart Boki um ”Kri-
sti Vælgjerning” prentad. og spreidd
i Mengd; Kapellanen hans, Don Giro-
lamo da Modena, var Formannen for
ein Høgskule, der denne Læra raadde
fritt.

Likevæl vart ikkje desse Italiamen-
nerne slike Protestantar som dei tyske.
Dei hadde nokre av dei Meiningarne.
som vart raadande i Tyskland; dei
freistad og aa grunna Læra si paa
Bibelen. Men at dei hev tenkt like
eins i alle andre Stykkje og, det kann
ein ikkje segja. Kjennsla av Einska-
pen i Kyrkja var altfor djup, Vyrd-
naden for Paven altfor inngrodd og

mange katholske Skikkar hekk altfor
mykje ihop med Folkehugen deira til
dess. at dei so lett skulde ha snutt
seg burt fraa det gamle.

Flaminio- skreiv ei Tydning av
Davidssalmerne, som i Trui hev vorte
godkjend av protestantiske Bokmenn;
men just den same Boki skreiv han
eit Fyreord til, der han kallar Paven
”Vaktaren og Fyrsten for all Heilag-
dom, Guds Riksformann paa Jordi”.

Ein Jærd Benediktinarmunk, Giovan
Battista Folengo, skriv, at all Rettfer-
diggjering er av Naade; han talar
jamvel um Nytten av Syndi, so det
ikkje er fritt for at Ein maa tru, at
han tenkjer paa Skaden av gode
Gjerningar; han talar sterkt mot aa
tru paa Faste, ideleg Bøn, Messe og
Skriftemaal, ja paa Presteskapet sjølv,
paa Tonsur og Mitra. Likevæl døydde
han, uppimot seksti Aar gamall, i all
Ro 1 det same Benediktinerklosteret,
som han hadde gjenget inn is daa han
vår seksten Aar.

Soleids var det ei Grense innanum
Katholiktrui, som dei i Italia ikkje
gjekk yver. Med Preste- og Munke-
skapet lagde dei seg ikkje i open Strid;
Pavens Magt og Rett rørde dei aldri.
Aa skiljast fraa Kyrkja heldt desse
Folk tor det verste som kunde henda.
”Ingen Rotenskap kann vera so stor,
at han gjev Ein Rett til aa falla fraa
det heilage Samfunde”, sagde em av
dei, som i eit serskilt Skrift mana
Protestantanne til aa ikkje tenkja paa
noko slikt. ”Var det ikkje hetre aa
bøta det, ein hadde, enn aa tru seg
til uvisse Freistnadar paa aa skapa
nokot nytt? Berre paa det skulde
ein tenkja, korleids den gamle Byg-
ningen kunne bøtast og friast fraa dei
gamle Lyti”.

Men med desse Tillempninganne
hadde den nye Læra ei stor Magt i

Italia. Det var ei Meining, som sette
heile Landet 1, Rørsla fraa Ende til

annan gjenom alle Kyrinsar. Men endaa

var Romarkyrkja for sterk.

slike Toppar ser ein stundom ein By,
Se Leivingar av gamle mauriske Slott
«hell Taarn, som liknar Ørnereir han-
gande pa Fa ellsida. For ein Motsetning
til det grøne Dalanne nedanfor med
Myrtur Rosur, Orangar og Fikur!
Lanes med dei djupe Avgrunnanne bug-
tar Vegen seg: fram tan Rekkyverk, og
ofte ser ein her ein svart Kross, som
«ser Staden, der ein er drepen, og vit-
Aar um, kor utrygt Lande ikringom er.
Stnndom vaakar ein og paa ei grøn
«Slett mellom Bergi, dar ein ser ein
|- Flokk ville, kraftige, stolte andalusiske
« Oksar tumle seg; ukjende med Folk
få kastar dei olme Augo etter dei reisande.
å Slike Bygder høver for den Mengdi med
- Røvarar, som fyrr hev husera her, og
som det vert fortalt ei Mengd med -ro-
mantiske Sogur um. Til dette kjem
f dei talrike Sogunne fraa Maurartidi,
Å som er knytte til mangfolduge Stader i
f lande her. Alt er her storslegt, allestad
togur, Eventyr, Poesi.

På Sierra Morena, "den myrke Fjell-
f garder n*, skil Millom-Spania fraa Sud-
spania, det aude og flate la Mancha fraa
det herlege Andalusia. Breiddi er 5—6
Miler; paa Nordsida mot den kastilianske
Høgsletta er det ikke høgt, berre 400
Fot: det ville Hunde-Skare,

og

Despena- |

perror, inn paa Sletta; paa Andalusia-
Sida derimod lyfter det seg likso mange
tusund Fot; der hallar det jamnt ned
mot Sletta og er tildels tekkt med
skiftelanse, bleikgrøne Oljeskogar. Langs
med Guadalquivir framum Sevilla er
Lande grorsamt og rett væl dyrka, endaa
det ikkje her hellder skortar paa aude,
sandutte Moar. Burtimot Have, der som
Elvi vidkar seg, hev ho for det meste flate,
kjeidsame Eng gjer ikring seg, der ein ser
talrike Flokkar av Hestar og Bufe beitar.

Det er altso ein overlag stor Skilnad
paa. Naturen i dei ymse Landskap.
Oftaste finst Folke i Spania samla i
Byanne, som etter Storleiken og Rangen
hellest hev ulike Namn: Aldeo, den
ringeste Landsbyen, Pueblo, ein større,
Villa, By med ei Kyrkje, Cindad med
fleire Kyrkjur, Capital, Hovudstad, og
Corte, Kongebustad. Kringum dei
største Byanne finst det meste dyrka
Lande, som snart byter um med ubygde
og udyrka Vidder, som liknar Øydemar-
kjer. Usle forsømde Vegjer, um dei
fortener det Namne, fører gjenom. desse,
men allerverst er dei nær ved Byanne,
der dei nyttast mest utan aa bli aabøtte.
Endaa dei ofte er i ein gvuseleg Stand,
fer likevel Vognerne so snøggt avstad,
at ein mest maa tru, som ein vreisande

iNpania gjorde, at det finst eit særskilt
Godvætte, som held si Haand yver dei
og hjelper dei yver Stokk og Stein, so
det ikkje hender paa langt nær so mange
Ulykkur med Volting og slikt, som ein
skulde tru. — Stundom spring eit Par
velvæpna Menn upp bak paa Vogni
og fylgjer ho eit langt Stykkje, iser
millom Fjelllandskap og faarlege Sta-
der, t. D. Sierra Morenå; Förtlaman-
nen, som ikkje kjenner Tilstandi, kjen-
ner seg kannhende uhyggjeleg til Mods
ei Stund og kjem til aa tenkja paa dei
mange Åaerip, som slike Stader: fyrr
ofte hev vore Vitne til: men der er
ingen Grunn til aa uroast; det er
skikkelege Politifolk, som mnetupp skal
verja dei * reisande og fylgja Vogni
yver Vidderne. Sia dette Politikorpse
vart dana heile Lande yver, hev Rø-
varskapen vorte mykje sjeldnare. Ein
deler gjerne Cigaranne sine med desse
gode Folki, som er overlag svære
til aa røykje som alle Spaniarar. Ikkje
i noko Land finst det slik ein Fridom
med ”Tobaksrøyking; dei røykjer endaa
1 Teatri og dei offentlege Kontori, og
dei segjer for sannt, at endaa Kvinn-
folki, — iser den ældre Flokken av dei —
i Løyndom ofte slepper seg til aa bruka
Pipa. (Meir).

Vaar Politik
— han er so fæl,
han mest kann harme ein ihel!
Ja mangei Gong, so leid,
tilfreds eg sat
vest i ein Stat,
ha meg litt Mat, Å
Hus, Seng og Fat
der paa en Prærie breid.

Vert Stridens Ende det tilslut
at alt skal gjerast absolut,

so ut med Kon” og Bonn.

Sel Garden daa

til ”Gossar blaa”,

og lat oss so

paa Landnam gaa,

den heile Million.

Det ingen paa oss undrast maa,
me freista bli til segja so.

Sjaa berre Høgres Stræv

med aa faa sprengt,

slengt, hengt og dengt

og bortfortolkad, krenkt og renet
vaart dyre Fridomsbrev!

Men Gudskjelov! me veit det væl,
og det veit Folket, kvar ei Sjæl:
Dei ingen Framgang fær.

Kann Deild bli flutt

og Retten snutt?

Nei Falskheiti paa Hals tilslutt
sin eigen Herre slær!

nei! —

Eid

Her gjeld ei baade ja og
Me svoret hev ein beilag
vaar Grunnlov vera tru.
Kjem dei med Magt,
som det er sagt,
me gjer ei Pakt og stend paa Vakt
med Bajonet og Kru..

Em Telebonde.

Ben Mannen,
som styrer Staten Massachusetts, ein
Stat paa ? Millionar, den Mannen hev
4000 Dollars (15000 Kr.) um Aaret.
Den Mannen, som ikkje styrer

Kongeriket Norig — ein Stat paa knapt

2 Millionar —, men som berre er Son
aat den, som styrer dette store og rike

Landet, — han hev, for aa vera
Son aat Far sin, — 30,000 Kronur
um Åaret.

Og so vil dei no, at denne Mannen,

som altso ikkje styrer Landet, men
som berre er Non aat han, som styrer
Landet, — han skal no hava 50,000
Kr. til.

— Dei veit kva dei vil! Veto vil dei
hava, Veto i Grunnlovssaker, Veto i
Pengesaker, Veto i det eine og Veto i
det andre, — og so Pengar attpaa.
Veto og Pengar, Magt og Pengar, alt
vil dei hava, og Folket skal ofra —

og takka til.
Stang var stor; men Selmer er
større. Selmer er makalaus. Det er

ingen som veit, kor langt ban kann
driva deti dette Landet. Men — Stor-
thinget er størst. For det kann nok
segja Nei til baade Vetoet og Pengarne.
Det skulde Statsminister Selmer hugsa!

Rikspeningen og Administrasjonen.

For nokre Aar sidan vardt det
sagt og skrivet mykje um ein Mann,
som i ei kommunal Sak plent gjekk
yver Bekkjen etter Vatn. Det var
Gasdirektøren i Kristiania, han strauk
yver til England etter den nye Gas-
kjetlen, endaa det vart sagt, at Ny-
lands Verkstad vilde skaffat Kjetlen

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free