- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
84

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ryper senter

PE

84

Fedraheimen.

28de Mar 1881.

likso billegt som Engelskmannen, og
endaa at det Arbeidet kanskje vilde
bergat Verkstaden fraa aa stansa, som
han straskt etter maatte gjera.

Men daa var det dei større Garan-

-tiar, ein fekk i England, som laut vera

Skuldklut for Aatferdi. Aa jau, me
hev fulla set no seinare, korleids det
stend med dei utlandske Garantiarne!
Administrationen vaar er no slik
laga, at han støt vil hava flust med
Pening aa rusla med; men aa gjera
nokot for det innlandske Arbeidet, so
Folket kunde faa Magt og Merg til
aa bera dei store og veksande Skatte-
byrderne, — aa nei. - Lat Pengarne
gaa til Utlandet. Me kjenner det.
No hev me t. D. ei Mengd med
Tak- og Mursteinsverk i Norig. Dei
leverer i det Heile fullgode Varur. So
skulde Ein venta, at desse fekk god

Avsetning naar der Gong paa Gong

vert bevilgat svære Pengar til offent-
lege Bygningar, som væl lyt hava
Takstein einkvarstaden ifraa, kor som
er. Men det hev gjengje ymist med
dette; for til dei fleste Statsbygningar
hev dei tekjet Stein — fraa Utlandet.

Er det *Garantiarne*, som er ute
og spøkjer der og tru?

Um nokon vilde paastaa det, so
lyt eg fortelja, at ein fullt *kompetent*
Mann hev sagt meg, at all den Mengd
av Stein, som no nyleg vart kaupt
fraa Flensborg til Daarekista paa Eik
ved Kristiansand, er mykje kleinare
enn norsk Murstein.

Men fraa Utlandet skal det koma.
Administrationen trivst visst ikkje
utan. Det er eit forunderlegt Stell.
Norig maa vera det rikaste Landet

under Soli.

«Kanskje det tilslutt kunde løna seg
aa innføra fraa Utlandet — ein heil
ny Administrasjon og? Tr

Kristiania, den 27de Mai.
Storthinget hev gjort sitt! 40,000
Mann, som fyrr var berre halve Bor-
garar i Landet, hev no fengjet Røyste-
rett, og meir kann me vel ikkje krevja
paa ein Gong.
- Me vilde helst havt det Daa-Søren-
senske Forslaget. og det vilde væl dei
fleste. Men me fær finna oss i, at
slikt gjeng fram i smaae Steg. Det
er ikkje Raad med det. Berre det
gjeng, so maa me vera fornøgde.
Det var fagert og merkjelegt, at

Røysterettssaki var uppe og vart av-

gjord paa ein so vidt god Maate, just
i dei same Dagarne som me heldt
Fest for Wergeland. Storthinget og

gjenom det Nasjonen kunde aldri høg-

tidat hans Minne paa nokon betre
fagrare og sannare Maate. Helder
ikkje kunde Storthinget høgtida Fri-
domsfesten betre enn ved aa arbeida
paa aa faa Røysteretten vidkad. Det
var i Sanning aa ”byggja Eidsvolls-
verket” og ”verja Arven fraa Fed-
rarne”.

Det Storthinget, som hev Æra
av Storverket fraa 9de Juni 1880 og
av aa ha ført fram Røysterettssaki
den 20de Mai 1881, vil minnast æveleg
med Takk og Æra i det norske Fol-
ket.

Etter -Røysterettsstatistikken av
1877 var det daa paa Lag 140,000,
som hadde Røysterett, nemleg:

Paa Landet: ....- 115,000
T Byamnes-. pi 25 24.500
falt: 139,500

Etter Storthingsavgjerdi av ?20de
Mai 1881 skal ikring 40,000 Mann nye
faa Retten, nemleg:

26.500
12,000
Ialt: 38.500

Legg me dette ihop, fær me:
141,500
36,500
Ialt i Landet: 178,000.

Som me ser, hev Aukingi voret
etter Maateu størst i Byarne (36,500
no mot 24,500 i 1877). Men Landet
hev naturlegvis enno som fyrr den store
Yvervigti; for me er enno som fyrr —
eit Folk av Bønder”.

Morgenbladet, som naturlegvis er
i Ulag yver heile Saki, likar ikkje
dette, at Landet er so sterkt. Mor-
genbladet vil hava Byarne upp! Men
Bladet gløymer, at Mennerne paa Eids-
voll bygde Norigs Fridom paa Bonde-
standen, og slik som me hev det i alle
Maatar, og slik som Byarne enno er hjaa
OSS, S0 maa me vera hjartans glade for
det. Fekk Morgenbladet sin Vilje, —
so vilde Kristianiagrosserararne elder
By-Arbeidsherrarne kunna faa fleire
Røyster, enn Landet hadde godt av.
Me kjenner so ymist til dei Herrarne
etter alt det. som er hendt 1 dei sei-
nare Aari. —

Storthinget hev hellest voret so
raust mot Byarne som nokon med
Grunn kann krevja. Aukingi i Byarne
hev voret dobbelt so stor som Aukingi
paa Landet, so det skal ingen segja
annat, enn at Storthinget hev tøygt
seg so langt som det kunde. Stor-
thinget er ikkje partiskt mot Byarne;
det berre held fram i same Leidi som

Mennerne paa Eidsvoll: Storthinget
held seg til Grunnloven. Kristiania

hev fengje 5000 nye Røysterettsmenn,
so her vert meir enn dobbelt so mange
Røysterettige som fyrr. Drammen
hev fengje 1000, Bergen 800, Trond-
heim 600, Kristiansand 500, Stavanger
400 nye.

Storthinget hev gjort sitt! Og det
vedtekne Forslaget er Grunnlov.

Det trengst berre ein Ting no, for
at denne nye Grunnloven skal faa full
Kraft og Gildskap ute i Livet, og det
er, at han vert ”promulgerad” elder
kunngjort. Og det skal etter vanleg
Riksskikk Regjeringi gjera.

Vil kanskje Regjeringi segja nei;
vil Regjeringi prøva aa negta oss den
Retten, som Folksens Raad etter Loven
gav oss? — Det skulde Regjeringi helst
ikkje gjera.

Men dersom ho gjer det, so vil
væl Thinget fylgja same rolege, kon-
servative Skikken som fyrr: venta med
Promulgationen, til dess Folket hev
uttalat seg paa nytt um Saki gjenom
Thingvyali. For Storthinget hev altid
faret varlegt fram i desse Ting, av
di det veit, at i Grunnlovsspursmaal
er det ikkje Thinget aaleine, men sjølve
Veljarfolket, som hev Retten til aa

avgjera; og difor er det klokt aa
spyrja Veljarfolket uppatt, naar det
gjeld ei vigtig Sak, og naar der er
Strid millom Statsmagterne”, fyrr
Thinget sjølv gjeng til Promulgasjon
elder offentleg Kunngjering.

Men dersom Regjeringi gjer sin
Skyldnad og promulgerar Loven, so at
Ein altso av det maa tru, at der ikkje
lenger er meir enn ei Meining um den
Saki i Landet, so vil Loven strakst
treda i Kraft, og so vil alle dei, som
etter Loven no hev Stemmerett, strakst
kunna bruka han jamsides med dei
”gamle”. Vil Regjeringi meinka og
seinka oss i dette? — Det skulde Re-
gjeringi ikkje gjera: for me hev ven-
tat baade lengje og væl paa denne
Retten, og no daa me hev fengje han
av Thinget vaart, so vilde me nok
helst faa bruka han strakst utan aa
ræddast for Vas og Vringel fraa
”Embættsmagti”.

— Men Regjeringi fær gjera som
ho sjølv synest og lev Vit til, og sjølv
fær ho taka Andsvaret. Storthinget
skal i alle Tilfelle hava Takk for sitt
gode Verk, og naar rette Tidi kjem,
so veit me visst, at Thinget — um so
skal vera — greider Saki heilt ut.
slik som me veit at det hev baade
Retten og Magti til aa gjera, og som
det og bør gjera, so snart det veit, at
det hev Stormengdi av Folket med seg.

For Nasjonaliteten er Stortinget vaar
sterke og vakne Våkt, so visst som
det — etter Wergeland — er ”Frihedens
Cherubim”.

Paa nytt hev Storthinget lagt si
sterke Vigsl og sitt kraftige Samtykke
til det store Arbeidet, som alt lengje
hev voret uppe, og som gjeng dess
meir rolegt, stødt og stillt, di meir
det fær Framgang: Arbeidet: for aa
hjelpa vaart folkelege Tungemaal fram
til sin Rett her i Landet. —

Professorposten i Norsk er
upprettad med 83 mot 30 Røyster.

Og dei 30, som røystad imot, gjorde
ikkje dette, fordi dei var imot Folke-
maalet. Sume av dei gjorde det, fordi
dei meinte, at Ivar Aasen burde
hava Posten istadenfor Hans Ross*);
men dei andre, som ikkje vilde hava
nokon Professorpost, vilde iallfall gjeva
Ross Løn for aa reisa ikring og samla
inn Kunnskap um Folkemaalet. Ein
kann altso tryggt segja, at heile Thin-
get denne Gongen gav den nasjonale
Maalsaki sitt Samtykke og si Tilslut-
ning; — kvart Parti paa sin Maate;
men med var dei alle.

Og naar me er komne so langt —
og det paa ein einaste Mannsalder —
so er det væl ikkje lenger nokon som
tvilar paa, at Landet eingong vil sjaa
den Dagen, daa det med full San-
ning kann segjast, at ,nørskt er Norig,
norskt?!

Me tek sidan inn Ordskiftet um
denne Saki fraa ”Storthingstidende”.

*) Dei visste væl ikkje, at gamle Aasen
ikkje vilde vera Professor. Hadde han
berre viljat, so hadde han voret Profes-
sor for lengje sidan. Som væl er, hey
Thinget just i Aar hugsat Nasjonens
Skyldnad mod honom og, nemleg ved
av eiget Tiltak aa auka Løni til denne
makalause Maalmeisteren og norske
Skalden.

Postbudsjettet er fastsett i Stortinget.
Posten gjev 1700000 i Inntekt, men Ut-
giyterne er 1900000.

Marinebudsjettet er ferdigt fraa Tin-
get. Det vart vedtekje etter Innstil-
lingen.

Av sØplysningsvesenets Understøttelses-
Fonds Særbudsjet” er bevilga: Løner til
Prestar o. fl. 90,950 Kr., Pensionar o.
m. 405,6904, Gaavor (”Gratialer”) 1800,
til Aalmugskulen i ymse Bygder 4884,
til Amtsskulekassorne 871,000, ymist
Skulestell 1500 Kr., Seminari 105,000
til Utdaning av Lærarinnor 11760,
høgre Aalmugskular og Lærarskular
21,000, til Upplæring av Lappar og
Kvænar i ”norsk” (d. e. dansk) 27,400,
Reiseløn for Lærarar 2400, Kveldskular
188,275.50, Ferdapengar for —Prestar
ved Fiski 4700, til Prestegardar og Kjyr-
kjor 42,800, ymist 6,840.50 —
1,286,000 Kr. !

Ein Ley om ”visse (gamle) Heftelsers
Udslettelse af Pantebøgerne” er vedtekjen
i Odelstinget.

Handverksloven ber Odelstinget ar
tekje slik som han kom fraa Lagt AN

Endeleg cr her kome Varme i å 1
I Amerika kom han for ein 14 Daxua:
sidan. Den llte døydde det 71 Ny
York av Solstyng.

i

Å. Hølaas hev vorte Formann i Kri-
stiania Arbeidar-Samfund.

Kristofer Jansøm heldt eit Fyredrag
um det amerikanske Demokrati i Kri-
stiania Årbeidarsamfund no om Tysda-
gen. Salen var mest full, og dei gav
den største Samhug til Talen.

Dei nye Folketings-Vali i Danmark.
Den danske VFyrsteministeren Estrup
uppløyste Folketinget fordi han ikkje
fekk Vinstre-fleirtallet med paa nokre
Bevilgningar. No hev dei havt nyt Val,

og der hey Vinstre vunnet 5 — kanskje
7 — nye Val-Krinsar, Høgre hev tapt
5 og vunnet 4, ”de moderate” hev tapt

4 og vonleg vunnet 2, ”de udtrae”
hev tapt 2 og ”Løsgjængerne” (SL
ringsmennerne) 2. * Det einaste Partic
som hev vunnet paa Hr. Estrups Man.,
øvre, er altso Vinstre, — skriv d. Mrgbl.

Grekenland og Turkland hev no vorte
samde om Grendsa.

I Frankrike hev Folketinget vedtekje
ein Lov om Valmaaten soleids, at i kvart
Fylke (Departement) skal alle Veljar-
arne røysta paa so mange Tingmenner
som det skal vera i Fylket. Fyrr hev
det vore so mange Valkrinsar i Fylket,

som det skulde vera Tingmenner.

Rusland. Kjeisaren tottest ei Tid vera
uviss paa um han skulde fara fram i
det gamle Faret elder gjeva Folket Fri-
dom. Some av Raadgjevarne hans talde
honom til det eine, some til det andre.
Etter at han no hev valt, hev den Manr,
som ein trudde kunde greidt Flokar
der aust, Ministeren for Riksens ind!
Stell, Loris Melikov, tekje Avskil, op:

å * /
General Ignatiev, som «var den som
førde Landet inn 1 siste Ufreden og

soleids heve volde so mykje vondt, hev
kome i Staden hans, og likeeins hev fleire
Absolutistar fylgt etter andre av Mini-
starne, som gjekk fraa Embætti sine av
same Grunn som Melikov. Det arme

Landet! Der vert vel frametter det same
som fyrr: Mord og WMordfreistingar

nedanfraa — Avrettingar og Hardstyre
ovanfraa.

Lysingar*

Restbehoidningen af
Rörlæggerfirmaet Olsen & Cos.
kursbo’s. Varebeholdning
realiseres inden kort Tid til end yderligere
nedsatte Priser fra Torvgaden No. 26, inderst
i Gaarden.

Kon-

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

|

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free