- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
86

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

Fedraheimen.

4de Juni 1881.

sterk, at der var større Samkjensla
millom Menn av same Stand enn mil-
lom Menn av det same Folket. Ein
engelsk Riddar kjende seg meir i Sam-
fund med ein spansk Riddar enn med
ein engelsk Borgar. Likeeins var der
meir Hat millom Samfundsklassarne
enn millom Folki. Kvart Lag stridde
for sine Formaal. Adelen slost snart
med Kongarne, snart med Borgararne
elder Bønderne. Dei liveigne sette seg
upp mot Herrarne, Lensherrar og Va-
sallar slost, og Kyrkja førde Krig med
Baal og Brand mot dei, som ikkje
hadde den rette Trui.

Under all denne Striden var det
ymse Ting som gjorde, at alle dei
Smaariki, som Lensvæsenet batt ihop
til store Rike, nærmad seg til kvar-
andre, so alle Smaa-/Ætterne paa Slut-
ten kom til aa kjenna seg som eit
Folk. I England vart det engelske
Maalet raadande, i Frankrike det
franske o. s. fr. Og naar det eine
Riket hadde Ufred med det andre,
vart det større Samkjensla millom alle
Landskap i kvart Rike. Men daa
Utviklingi var komi so langt, vart
Lensvæsenet, som fyrr hadde voret
den ”Jarn-Lekkje”, som batt Bygderne
ihop, ei Hindring for den naturlege
Voksteren. —Lensvæsenet, med sine
Smaaherrar og sin Klasse- og Bygde-
politikk maatte tilslutt tynast, fyrr
den fulle nasjonale Finskapen kunde
vinna fram.

Fredrik Wilhelm I,

Konge av Preussen")

. Den fyrste Kongen av Preussen
var — segjer Soneson haus, Fredrik 2
— ein glimesjuk Mann og ein Uppøy-
dar, so Mesteparten av Statsinntek-
terne gjekk med til Hofhaldet hans.
Men er Fa’ren ein Øydar, so vert So-
1en ein Knipar, og Fredrik Wilhelm
I var i alle Maatar plent ei Motset-
ning til Far sin.

Strakst han vart Konge, innrettad

*) Etter Kapt. Petersen i ”Hist. Arkiv”,

ban Hoffet paa den knipnaste Maaten.
Hans eigne Born maatte stundom gaa
svoltne fraa Bordet. Sjølv gjekk han
i Aarevis med den same blaae Klæ-
deskjolen, og naar den var utsliten,
gjøymde han dei gamle Koparknap-
parne til Bruk i ein ny. Dei store
Parykkarne, som Folk brukte i den
Tidi. totte han var for dyre, og so
innførde han ”Pisken” (ei Haarfletta i
Nakken) og Haarpungen. Sendemen-
nerne hans i Utlandet livde so ringt,
at dei vart reint til Spott. Sende-
mannen i Haag, Lucius, fellte ein Gong
nokre Tre i ein Hage, som Kongen
av Preussen aatte, for aa faa Ved til
Huset; men snart etter kom det eit
Kongebrev, som til Straff drog av eit
heilt Aars Løn for den arme Mannen.

Der var wuppsett ei fast Mat-Lista
til kvar Dag for Hoffet, og Kongen
trugad Kokken sin paa Livet, dersom
han gjorde det minste Tillegget til
den daglege Kosten. Ein Dag, daa
han som vanleg sat og sov Middag ved
Kaminen, skvatt han upp av Svevnen
og sagde til Dronningi: ”Sofie, kva
kostar Eggi?” Dronningi, Stakkar,
laut tilstaa, at ho ikkje visste det;
Kongen vart sinnad og meinte paa,
at ho tilslutt vilde koma paa Fatik-
huset. Og so ropad han inn Gjenturne
fraa Kjøken og leet dei gjera Greida
tor dei daglege Utgifterne, Skilling for
Skilling, og tilslutt maatte dei sopa
og gjera reint der i Stova, so Dron-
ningi kunde sjaa, korleids det gjekk
til. 8 Thaler um Dagen hadde Kon-
gen bevilgat til Taffelpengar, og so
var det til 1738; men daa kom Kon-
gen paa, at Kokkarne hans visst
trekkte han upp, og so knappad han
av ’/), Thaler um Dagen og utgav sam-
stundes tvo Kjøken-Forordningar; den
eine segjer, at alle Kokkehjelparar og
Steikvendarar skal burt, daa dei berre
gjev Kokkarne Tilføre til aa lata seg:
den andre forbyd Kokkarne aa smaka
paa Rettarne, av di dei paa den Maa-
ten tilvender seg nokot av Maten fraa
Kongens Bord. Ein Gong vart det
kjøpt ei Tunna med Ostra for 10 Tha-
ler; Kongen jamrad seg av Naudi yver

den høge Prisen. So spør han Kleist,

ein av Yndlingarne hans, um desse.

dyre Ostrurne daa og var gode. Kleist
var tankelaus nok til aa segja, at dei
var reint framifraa. So vilde Kongen
vita, korleids Kleist kunde vita det,
og so maatte Kleist tllstaa, at han
hadde gjenget gjenom Kjøken, daa dei
stellte med denne Ostra, og hadde
daa smakat paa ei. ”Godt”, segjer
Kongen, ”den som. hev etet upp ei,
kann eta upp Resten og so betala meg
mine 10 Thaler”. Og Kleist fekk
Ostretunna og maatte ut med Pen-
garne paa Flekken.

Fredrik Wilbelm var ein stor Skyt-
tar; men han skaut ikkje berre for
Moro Skyld, han gjorde det til ei For-
retning. Det Villtet, som vart fellt,
naar Hoffet var paa Veiding, vart ut-
skift til Adelen, Offiserarne og Bor-
garskapet, og desse laut betala det
etter den Prisen, Kongen sjølv sette.
Serskilt Moro hadde Kongen av aa
prakka paa Jødarne slikt Villt, som
dei etter Mose Lov ikkje maatte eta.
Soleids maatte Jødarne i Berlin ein
Gong kjøpa ikkje mindre enn 200 unge
Villsvin av Kongen.

Fredrik Wilhelm badde i det heile
eit godt Lag paa aa gjera all Ting i
Pengar. Han kjøpte store Adelsgods,
som ban paktad burt til Folk, som
paa ein Gong var Skattekrevjarar og
Domarar. Kunde so Bonden ikkje be-
tala Avgifterne sine paa Dagen, so vart
han strakst dømd til aa bøta. Det
var eit heilt Regelverk med Bøter for
alt Slag; kvart Mistak vart sett til
sin Pris. Aa hogga ned eit Tre kostad
so mykje, aa skjota ein Hare so mykje.
aa faa eit Barn utanfor Egteskap —
so mykje. Baronesse Kniphausen, den
rikaste Enkja i Berlin, hadde fengjet
eit Barn tro Aar etter at Mannen hen-
nar var daaen, og det kom paa henne.
Til henne skreiv Kongen med eigi
Haand, at for aa berga Æra si maatte
ho paa Timen og Stundi betala 30,000
Livres til Skatkammeret. Gjenom slike
Paafund var det, at Fredrik Wilhelm
i si 2Baarige Regjeringstid samlad ihop
20 Millionar Thaler i klingande Mynt,

som vart gjøymde i jarnslegne Tunnur
i Kjellaren i Slottet hans. men fekk
Føter aa gaa paa, daa Son hans vart
Konge etter honom.

Paa ein Kant var Fredrik Wil-
helm flus og ikkje paa Skilllingen, og
det var naar det galdt aa samla ihop
store Grenaderar (Soldatar av Liv-
Vakti). Utan aa tinga betalad han
700 Thaler for ein Mann paa 5 Fot
10 Tomar, elder 1000 Thaler for ein
paa 6 Fot. Men var det ein, som var
yver 6 Fot, daa kunde Fredrik Wilhelm
betala so mykje det skulde vera for
han. 5000 Gylden betalad han i Hyre-
pengar for ein Munk, ”store Josef”, og
dessutan 1500 Thaler i Skadebot til
Klosteret; for ein stor Italiamann; An-
dreas Capia, gav han 3000 Thaler, og
for ein 7 Fots Lrlending. som Sende-
mannen hans lagde Merke til paa Gata
i London, betalad hau 32,000 Livres.
elder meir enn dobbelt so mykje som
denne Sendemannen hans sjølv fekk
av den naadige Herren sin. Dotter
aat Kongen var gift med Markgreven
av Baireuth, ho vart sjuk og trengde
ein dugeleg Dokter fraa Berlin. Daa
raadde Krunprinsen Syster si til aa
senda Fa’ren nokre lange Karar til
Livvakti hans; gjorde ho det, so kunde
ho beda han um kva ho vilde.

Soldat-Hyrarar og Spekulantar gjekk
ut og inn i Kongsgarden og baud Kon-
gen sine Varur: dei store Soldat-Émni,
og Kongen var so galen etter dei, at
berre han kunde faa dei, var han
likesæl, kva Maate han fekk dei paa.
Ein Adelsmann, som var dømd av med
Livet, vart frikjøpt med tvo lange
Karar som Kongen fekk til ”Garden”
sin; Kongen af Danmark, som paa
ingen Maate kunde faa Fredrik Wil-
helm til aa utlevera den Mordaren,
som hadde drepet Grev Kristian
Rantzau, fekk strakst sm Vilje fram,

daa han sende Preusserkongen eit
halvt Tjug lange Hermannsemne i
yte. — Kurfyrsten av Sachsen hadde

fem elder seks ov-store Karar i Heren
sin; desse baud han Fredrik Wilhelm.
dersom han kunde faa i Byte nokre

Kunstsaker fraa Berlins Museum, og

Fraa Spania.
(Framhald.)

I faae Land, kanbende ikkje i noko,
er Bygde-Sjølvstendet so sterkt som
i Spania. Det bev tydelegt kome fram
i den seinaste Tidi i Stræve for aa
gjeva kvart Landskap Sjølvstende som
ein serskild Stat i ein Sambands-Repu-
blik. Spør du ein Mann, um han er
Spaniar, svarar han ja, men legg altid
til, at han er fraa det hell det Land-

skape, Catalan, Valenciano, Anda-

luzo osfr. Den eine Provinsbuen stræ-
var gjerne aa lyfta sitt eigje Landskap
upp paa Kostnaden av dei andre, og
likar aldri aa høyre at dei vert roste.
Naar dei kallar ein annan paisano,
Tandsmann, so meiner dei altid dermed,
at dei er fraa same Landskape.

Det segjer daa seg sjølv, at det er
likso stor Skilnad paa Folke som det
er paa Dandslage i dei ymse Landskapi.
Serleg hev Folke i Andalusia sitt eige
Lag — Namne paa dette Landskape min-
ner um dei gåmle Vandalanne (Vanda-
litia), men Folke sveiper ikkje stort
innpaa desse Villmennenne. Dei er i
Grunnen ikkje Spaniarar, men Maurar i
ny-spansk Klædebunad:; for Mesteparten

Kvinnur i Verdi.

er ætta fraa dei arabiske Segrvinna-
ranne; desse heldt seg lengst her; i
Murcia og Valenciafolke renn det ogso
mest arabisk Blod. Det austlandske
Upphave syner seg tydelegt i den le-
vande Hugsyni, som Andaluzia-Mannen
eig; han talar gjerne utan Vyre-
tanke og er drjug i Munnen, han er
god til aa skryte og driv det so vidt, at
han trur paa sine eigne hyener; han
er det for Spania som Gascognaren er
for Frankrike. Han hev gode Diktar-
Gaavur og kann laga velklingande Vers,
som han gjerne segjer fram for Fra-
mandfolk. Han er lystig og lettlivad,
allstødt full av Galskap, Slengjeord og
Lentur. Det vil ikkje mykje til, fyrr
han vert sinna, og tek svart til den
stygge Dolken, Navajaen, som ikkje
sjeldan gjev ein Mann Banesaar; men
han hev ogso lett for aa gløyme, er
snart god att, og kann i ein Blink vera
beste Venen aat den, som like i Fyre-
vegen «var Fienden hans. Alting byd
dette forkjælte Naturbarne aa njote Live.
Han hev allstødt ein blaa Himel over
seg, han. liver i Solskin og duftande
Ange, han hev dei kostelegaste Frukter,
med lite Arbeid berre, og dei fagraste
Naar det er so lett
for han aa faa det, ban treng til leva

av, kvi skulde han so arbeida hardt i
eit Verlag, der det jamleg er 30 Gra-
ders Varme Reaumur? Og dertil, se-
gjer Andalusiaren, lærer Guds Ord oss,
at mo kvar Dag skal beda um Braud!
Kvar Dag hev nok med si Plaage. Med
politisk Fridom er han likeglad — den
skal ikkje uroca han mykje; men den
personlege Fridomen sin er han i høga-
ste Grad var um; han vil vera fri som
Fugleni Lufti. Smugle gjer han gjerne,
slær det ikkje til for han, legg han til
med Røving ogso. Likyel kallar han
seg altid Helt, ikkje Brotsmann, han er
byre aa sjaa til, baade naar han gjeng
til Slaveskipe og til Galgjen. Fyrr
Vegpolitie vart skipa, var Andalusia den
vigtugaste Leikvollen for Røvarskapen
i Spania; Jose Maria, som Merimée hev
gjort vidgjeten, er eit ædlare Døme paa
dei andalusiske Røyaranne.
Andalusiaren likar likso lite aa bruke
se aandeleg som lekamleg, og minst
likar han den reine Tenking. Han
kjem med kvike Ord, men grundig er
han ikkje. Av di han er faakunnig, maa
han ofte segja: "Bg veit ikkje;" han
er svær til aa setja ut, difor kann ein
tidt høyre: ”Lat oss sjaa imorgon”.
Han er ytterleg religiøs, er mest glad
i Jomfru Maria og likar stor Stas. Han

er overs glad i all Slag Moro mest
Okseslagsmaal, Song og Dans. Slags-
maali hev her rett heime, og dei feste
Kjempunne er Andalusiarar. — Dansen
er utifraa fager og undarleg; dei dan-
sar ikkje berre med Beini, men med
Årmanne, Augo og heile Kroppen, og i
kvar Stelling ligg det ei Kjensle, som
vert sterkare og sterkare, og med den
Fakter og Svivingar. Dei er alltid
yndige og fint forma desse Holkedan-
sanne; det Sermerkte ved dei er tvillaust
kome fraa Mauraranne, og det, som gjer
Ferdemannen mest forbina er, at han
so ofte ser tryllande simple Bondegjen-
tur dansa dei so vent i dei simplaste
Landsby vertshus!

Andalusia- Kyinnunne vert haldne
for dei fagraste i Spania. Det er uneg-
teleg mykje sagt, men Spaniaranne segjer
det sjølv og kallar dei ”Sjæli i Samfun-
de vaart”, (alma de nuestra sociedad).
Dei er mindre i Vokster enn dei span-
ske Kvinnunne hellest, er gjerne litt
brunyorne (morenas), hev store, vene
glimande Augo, grann Vokster, overs
smaa Føter, yndige Fakter og fin Gonge.
Det tykke svære Haare treng ingen
Stas. Dei er blide, kjenslesame, livlege og
gilde aa røda med, true i Kjærleik; der-
til er dei tiltalande og elskelege, dei hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free