- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
90

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Å

90

Fedraheimen.

Ilte Juni 1881.

fekk dei Magti i Politikk, Handel og
alle moglege Ting. Dei dreiv i lange
Tideri Skugg og Skjul ein stor Han-
del og tente grust og livde forarge-
legt, daa dei hadde kuat all Motstand.
«Det lægre Presteskapet, som hadde
baade Tru og god Vilje, livde i stor
Armod og kunne ingenting gjera. Men
uppe paa Høgderne gjorde dei Stats-
bankerott og slog falsk Mynt, ikkje

- til aa betala Riksskuldi med, men til

aa halda Festar fyr. Ikkje betre
vart det sidan under Ludvig den l5de
(etterat den gode Ministeren Fleury
var daaen); Frillurne styrde Politik-
ken og sette kven dei vilde i Bastil-
len utan Forhøyr; Livet millom Hoff-
og Rikfolket vart reint skamlaust, men
Aalmugen sleit seg fordervad under
Hoveri-Arbeid og Skattar og døydde
som Flugur av Svelt og Naud, endaa
i dei beste Aaringar. —

— I heile Europa. vart Einyeldet
innført, so nær som i England, Polen
og Ungarn, som hadde ei avknappad
Kongemagt, og Republikarne Holland,
Sveits, Venedig, Genua, og nokre tyske
Byar. Men i desse Republikarne var
der eit Faamannsvelde, som Folk totte
ikkje var betre enn Einveldet og Em-
bættsmannsstyret. I denne Einvelde-
Tidi foor Styrararne aat med Folket
som med sin Eigedom, og dei, som
vart styrde, hadde ikkje Rett til aa
hava nokor Meining um, kven dei vilde
hava til aa styra seg. —

Det var desse Tider og Tilstand,
som tilslutt avlad fram Revolusjonen.

Misprentingar i f. No: ”Riddar-
log”, ”Handverkarlog? o. s. fr. ista-
denfor ”Riddarlag”, Handverkarlag”
OSE,

Store Menn
krev stort Rom. Høyr her ei Soga
fraa Sverig, som lyest utruleg, men
som er sann:

” Kungliga Slottet” i Stockholm hev
530 Rom. Meiningi med denne svære
Bygningi var nok — ettersom dei vil
vita, — at ikkje berre Kongehuset
skulde faa Rom der, men og alle cen-
trale Embættsverk i Riket.

Men av Embeættsverk hev det i
seinare Tid berre voret ”Høgste dom-
stolen”, som hev fenget Plass i den store
Kongeborgi. Resten av dei 530 Romi
hev Kongehuset sjølv utfyllt.

Og endaa Domstolen hev maatt
flutt fraa Høgd til Høgd og fraa Rom
til Rom. Men her i Vaar vart ”Høg-
ste domstolen” endefram utvist.
” Høgste domstolen” fekk sjaa aa finna
seg Hus einkvar annan Stad; Konge-
borgi med sine 530 Rom hadde ikkje
Plass for slikt som Landsens Høgste-
rett.

Kva var tids? Kvi kunde ikkje

»
Høgsteretten faa hava sine Rom i Kon-

geborgi som fyrr? Jau. Grunnen var
den, at H. K. H. Krunprinsen, han
kunde ikkje klaara seg med dei 20
Romi, som eingong Kong Oskar I
greidde seg med (Carl XV hadde en-
daa færre Rom), men H. K. H. Krun-
prinsen maatte hava 40 Rom til aa
bu i.

Og fordi at Krunprinsen ikkje

kunde klara seg med 20 Stovur, men
maatte hava 40, — difor var det, at
Riksens Høgsterett skulde setjast paa
Porten liksom ein brysam Leigar. — —

Stockholmsbrevsendaren til G. HE.

Sjøfarts- Tidwing segjer, at denne Soga
hev sett vondt Blod i Sverig, og at
dersom Riksdagen hadde visst um
dette, fyrr han bevilgad Tillegget til
Krunprinsløni, so hadde han likso væl

| som Nordmennerne sagt Nei til dette

Tillegget.

— Åa ja, det er rimelegt nok. Det
var med sju Sorger, at Tillegget vart
bevilgat likevæl. Og det er daa væl
ikkje alt, som eit Folk skal gleda seg
i, fordi um det kjem ”ovanifraa !”

Fit og annat.
arThs

Presiarne i Amerika er nok ofta av
eit annat Slag enn Prestarne her, som
me no skal høyra eit lite Døme paa.

Ein gamall Mann her ifraa Lan-
det hev vitja seg eit Aars Tid hjaa
Borni sine yver i Amerika. Ei Dotter
hans døydde, daa han var der burte,
og so skulde daa han vera med til
Presten og tinga Jordfesting. Dei kom
inn paa Prestegarden; der raakad dei
eit Kvende og spurde etter Presten.
”Ja, De fær nok drygja litegrand”,
svarad Kvinnfolket; ”Presten kjem
trast; han er berre burt i Fjoset og
molkar”. Og eit litet Bil etter kom
Presten, ermaskjurta og sveitt, berande
paa eit Spand med Mjølk. Det sette
han daa ifraa seg, og so gjekk han
inn 1 eit annat Rom med dei Framande
og greidde Ærendet deira. Den Pre-
sten var teologisk Kandidat ifraa Dan-
mark. —

Finst det nokon Prest her heime.
som vilde vaaga seg til aa molka ei
Ku? Aa nei. Ingen ”studert” Mann
i dette Landet vil brjota seg so smaa
som aa taka Haandi i sovoret Arbeid.
Dei snakkar um, at dei hev slik
”Vyrdnad for Arbeidet;” men naar det
kjem til Stykket, so vilde dei visst
helder brenna seg, enn dei vilde vera
med paa slikt. Dei vilde tru, at dei
misste heile Autoritetsglansen sin, ja
øydelagde sjølve ”Folkets Agtelse for
FEmbedsstanden”, um dei gav seg til
med sovoret.

— Men i Amerika vert nok dei
studerte Herrarne piska ut or slike
Fordomar. Og det raraste er, at det
ser ut til, at dei klarar seg godt som
Embættsmenn og Prestar like væl! Er
det ikkje forunderlegt?

— Det skulde ikkje vera Frista-
ten, som utrettar so store Ting?

Prestarne vaare vil vel segja som
so, at vistnok molkar dei ikkje Kyr;
men dei høyrer likevæl med til dei
”sanne Arbeidsfolk” 1 Landet.

Ja, dei gjer visst det.

Til Dømes ein Mann Som Presten
Storjohann, som var uppe her ein Sun-
dag i Festningskyrkja og preikad so
veldeleg mot ”Pressen”—! Honom
kann Ein kalla ein ”Arbeidsmann”.
Det er slike, som held Autoriteten uppe
i dette sæle Landet.

Det er sagt, at den vonde les Bi-

belen paa den Maaten, at han spring
yver det, som han ikkje likar. Men
aa fortolka Bibelordi paa slik Vis,
som Storjohann gjorde den Dagen, —
er ikkje det og nokot av same Slaget?

- Aahøyrarar i Dagbl. hev bedet
Presten taka Ordi sine i seg att. Men
Samfundet meiner, at det trengst ikkje.
For det er greidt, meiner Samf., at
Presten hev meint Morgenbladet, Bud-
stikken og slike Blad, av di Ordi hans
passar so godt paa dei. Eg trur no
ikkje, at Preikestoleu bør brukast paa
den Maaten, som Storjohann gjorde,
anten so det gjeld Høgre- elder Vin-
strebladi; — og dessutan fær ingen
meg til aa tru, at den gamle Fane-
Vigjaren fraa Gardermoen hev viljat
segja nokot vondt um dei Bladi, som
stend paa same Sida av det politiske
Kosteskaftet som han sjølv. Det vilde
ikkje vera likt Prestarne vaare det;
for Prestarne vaare er nok fyrst og
fremst Hans Majestæts Embættsmenn
jamsides med Futen, Skrivaren og
Kapteinen, og Hs. Majestæts Fmbætts-
menn heng for det meste svært godt
ihop, — heng ihop som — som eit ”Styr-
kebelte”. Ikkje eingong ein Friprest
som Storjohan vinn seg ut or ”Rin-
gen”.

Det eri Grunnen forunderlegt. Kor
hev det seg tru? Det skulde ikkje
vera Kongedømet, som utrettar so-
vorne Ting —?

ykikspeningen og Administrasjonen*.
Me kjenner no den gamle ”hævdede”
norske Styresmaaten. Fyrst halvt
Kjennskap og usætande Berekningar;
so ei stor, rund Bevilgning; so Til-
leggsbevilgning, fordi ”Beregninger-
ne have vist sig ikke at slaa til”,
og so endeleg til Slutt — ei ”Etter-
skotsbevilgning”. som Storthinget gjev
halvt i Sinne, halvt med ein lettande
Sukk, av di det no endeleg hev Von
um aa verta kvitt den Saki eingong.
Og i den Gleda yver, at Tingen hev
fengjet ein Fnde, gløymest so for det
meste heile Saki burt, tildess Statsre-
visjonen um so og so mange Åars Ven-
ting endeleg fær i Rekneskaparne og
legg Saki fram att til endeleg Avgjerd.
Og daa kjem ofte rare Ting for Da-
gen, — endaa det segjer seg sjølv, at
naar ei slik Sak er fleire Aar gamall,
so vil det vera mange Ting, som det
ikkje lenger er Raad aa faa Greida paa.

Det hender naturlegvis sjeldan, at
ei Bevilgning vert uppbrukt plent paa
Skillingen. Anten er der ”Overskri-
delse,” elder og er der ein ”Bespa-
relse.” Det er som det kann falla
med det.

Men anten der no er Yverskriding,
elder der er nokot tilovers — dette
sidste skulde daa altid dragast inn att
i Statskassa, kvar Skilling —, so vilde
det vel vera fælande godt, um Stats-
revisjonen fekk i Rekneskaparng so
strakst som det berre var Raad.

Storthinget vedtok ein Lov ifjor,
som hev gjort, at vanlege administra-
tive Rekneskapar kjem inn til Stats-
revisjonen nokot tidlegare enn fyrr.
Men desse store ”Anlægsregnskaber?
og slike, der det ofta gjeng dei største
Summarne til, og der Kontrollen er
verst aa føra, — kor gjeng det med dei?

I det heile vert det visst Uraad aa
faa Skikk paa Revisjonsverket vaart,
fyrr det heilt upp vert samlat i Stats-
revisjonen. At me skal hava baade
eit Revisjons-Departement og ein
Statsrevision, er vel det meinings-
lausaste, som kan vera. Tenkje seg
ein Administration, som baade brukar
Pengarne og fører Kontrollen! Ein
Fullmegtig, som reviderar sine eigne
Rekneskapar! Det er Bukken, som
gjæter Havresekken, det. Det er ein
Statsskik so barnsleg, at Ein skulde
tru han var innførd beint ifraa Mol-
boland.

Eit samanhengjande, velstellt Revi-
sionsverk, som er uavhengigt av Regje-
ringi, og som fær alle Rekneskaparne
strakst dei kjem inn, — det vilde hjelpa
godt paa Administrationen vaar. Mill.
å. vil ein daa kunna vera trygg paa,
at innsparde Pengar strakst vert inn-
dregne i Rikskassa. Fær slike inn-
sparde Summar staa for lengje;, — so
kann det altid henda, at det vert
Bruk for dei til eit elder annat, so
at det, som vert til Inntekt for Riks-
kassa, vert mindre enn det kunde
voret. — Det er ikkje greidt aa berga
Balsam 1 eit Hus, der det er so mange
Saar aa smyrja!— —

Bjørnstjerne Bjørnson fær ofte høyra,
at det er han. som fører Folket paa
galne Vegjer; og dei liberale paa si
Side fær høyra, at dei læt seg leida
blindt av Menn som han. Det er Par-
ti-Tyraniet, som styrer, vert det sagt.
Det er slik ei ægte Slingringsmanns-
Leksa. —

Men no her um Dagen maatte
Aftbl. tilstaa, som.sannt var, ati Saki
um Stangs Pensjon, der hadde B. PB.
talat for ”døve Øren.” Han, den store
Føraren og Forføraren, han, som dei
liberale blindt læt seg leida av, —

han talar for ”døve Øren!” — Fr det
ikkje forunderlegt?
Jau, — men det er nok sannt.

Naar B. B. elder nokon annan kjem
med ei reint personleg Ser-Meining,
som Folket i det heile ikkje forstend
elder kann vera med paa, — so lyt
baade B. B. og alle andre finna seg i
aa tala for dauve Øyro.

Folket og Fleirtallet trur ikkje meir
enn dei sjølve vil. Naar dei store
Mennerne arbeida paa nokot, som Folke-
fleirtalet finn er rett, — so vert dei
store Mennerne Folkets ”Førarar.”
Men naar dei i det eine elder det an-
dre gjeng ein Veg, som Folket ikkje
likar, — naa, so vert dei standande
”uhøyrde.”

— Men naar B. B. talad so fagert
som han gjorde for ein stor Pensjon
til Stang, so fekk han væl Takk for
det ifraa Høgre? Det skulde Ein tru.

Aa nei. So sterkt er ”Partityra-
niet” der, at det gjeng visst ikkje an
for nokon av deira Flokk aa segja
nokot godt um Bjørnson, um han so
hjelpte dei aldri so godt i ei einskild

Sak.

Minnest du den Løytnanten fraa ifjor
Sumar, han som kallad Soldatarne sine
for ”Satanar >” — Det hadde Løytnanten
etter Loven ikkje Rett til. Og Soldat-
arne lika det ikkje. Difor fekk dei
ein pennefør Mann av Kammeratarne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free