Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
98
Fedraheimen.
25de Juni 1881.
draga seg nedetter og flutte ned i
Dalarne, og no ser dei gamle Smaa-
byarne uppe i Høgdi undarlege ut.
Ein sknilde tru, at det hadde herjat
anten Pest elder Ufred der. Her og
kvar finn ein eit einslegt Hus. Tim-
bret i desse gamle Bygningarne er so
sterkt, at dei stend imot baade Regn
og Vind, og dei er reint graa og grøne
etter Regnet og er paa Leten just som
Landskapet. I kvart Hus er der ei
uhorveleg Skorsteins-Pipe av Graastein,
som stikk upp midt paa Taket liksom
eit Taarn. Ein ser andre Merke og
etter déi gamle Nybyggjararne. Daa
der var Nøgdi av Stein uppe i Fjellet,
sette dei upp Gjerde liksom. høge og
digre Murar, so ein skulde tru det var
Jutular; som hadde sett dei upp. Ein
kann sjaa, at det var godt Grjot i
Reyolutions-Mennerne. — Endaa den
Dag idag fær ein dei beste Murararne
fraa desse Fjellbygderne.
Her var Israel Potter fødd. Daa
han gjætte Far sins Sauder i Fjelli i
Ny-England, tenkte han visst minst
paa, at det skulde koma ein Dag, daa
dei skulde jaga han halve det gamle
England rundt som ein Upprørar og
Røming, og at han skulde koma fraa
den reine Fjell-Lufti i Heimlandet sitt
ned i den tjukke Skodda i London,
og at han, som var barnefødd utmed
den klaare og reine Housatons-Strau-
men skulde liva beste Manndoms-Al-
deren sin som ein stakars Tiggar ut-
med Tems-Elvi.
Israel Potter kom tidleg paa Vid-
vangen. Daa han var 18 Aar, hug-
lagde han ei Bondegjenta i Grannela-
get, men Faren totte ikkje ho var
høvelegt Gifte fyr han, og daa dei
slett ikkje kunne koma ihop, raadde
den stakars Guten seg til aa smetta
seg av og finna ein annan Heim og
andre Vener. Ein Sundag Morgon,
daa alt Folket var i Kyrkja, lagde
han alle Tølerne sine i eit Knyte, og
um Kvelden stal han seg åv. Det var
midt i Juli Maanad. Israel lagde seg
under eit Tre i Skogen og biad paa
Morgonen. Daa han vaknad og høyrde
Trei susad so vekjømelegt yver Hovu-
det paa seg, skalv kvar den Taag i
Hjartat hans, og Taarurne strøymde
ned etter Kinnerne paa han. Men
han tenkte paa, kor hard Faren var,
og korleids han var sviken i Kjærleiks-
Draumarne sine; og dermed tok han
Knytet og lagde av Garde.
Israel fekk seg Tenest paa tri
Maanar ein Stad, og til Løn skulde
han hava eit Stykkje Jord, men daa
dei tri Maanarne var ute, vart han
snytt og laut faa seg Tenest ein annan
Stad. Her lagde han seg upp nokre
Pengar, og sidan slo han seg paa
Skytteri. Der var flust med Daadyr
og Bjor; og det var ikkje lenge, fyrr
han hadde mykje Skinn aa selja. So
kaupte han seg Jord, bygde seg ei
Hytta, og paa tvo Aar rudde han upp
eit stort Stykkje, og kvar Veter var
han paa Skytteri. Daa dei tvo Aari
var gjengne, selde han Jordi si og tok
til aa handla med Indianararne, og
daa han han hadde tent mange Pen-
gar, fekk han Hug paa aa sjaa att
Kjærasten og Foreldri sine, som han
ikkje hadde høyrt fraa paa tri Aar.
Foreldri vart baade glade og forund-
rad, daa dei saag han, for dei trudde
han var daud; men Faren vilde ikkje
fra daa helder. Daa raadde Israel
seg til an fara tilSjøs; for soer det:
Ein usæl Mann, som er veiklyndt, vil
helst liva i ei Hytta i Skogen, men
er han djerv, tyr han seg helst: til
Havet. Storhavet vaskar yver so mykje
av Sorg og Klagur, og i denne Ende-
løysa av Rædsel kjem Sorgi og Suti
til den einskilde Mannen reint burt
liksom ein Drope Vatn.
Israel vandrad paa sin Fot til Pro-
vidence, Rhode Island, og fekk Hyre
med ein Slupp, som skulde gaa med
ei Kalk-Ladning til Antillarne. Tie
Dagar etter dei siglde ut, vart det
varmelaust i Skipet, og det var Uraad
aa sløkkja. Det var nettupp so vidt
Mannskpet fekk Tid til aa fara i Baa-
ten, og so dreiv dei umkring i tvo
Dagar. Endeleg kom dei um Bord
paa eit hollandsk Skip, som skulde til
Europa. Israel gjekk og grunded paa,
korleids det saag ut i Holland, og
um det let seg gjera aa veida Daadyr
og Bjor der, men so møtte dei em
amerikansk Brigg, og der kom han
um Bord, var i Afrika, og sidan vart
han Kvalfangar i Ishavet, men so tok
han til aa lengta heim til dei gamle
Fjelli og Kjærasten sin. Men daa han
kom heim, hadde ho gift seg med ein
amnan. Daa tok Israel til aa slita
og træla med Jordarbeid til aa døyva
Sorgi; men no høvde det so heppeleg
til, at der lagad seg til store Hendin-
gar, som var sterke nok til aa lækja
han fyr den vonlause Kjærleiken hans.
Det var i 1774. * Der hadde lenge
voret Usemja millom England og Ny-
bygderne, og no var det visst, at det
vilde koma til Ufred. I alle Byarne
i Ny-England skipad dei Kompanier
av Friviljuge, som heldt seg xreiduge
til aa draga ut. Israel gjekk inn i
Regimentet til Oberst John Patterson.
Det bar ihop fyrste Gongen ved Lek-
sington 18de April 1775, og det kom
Tidend um detta til Berkshire den
20de ved Middagstider. Israel gjekk
nett ved Plogen; han hadde endaa eit
Stykkje att aa pløgja; det gjorde han
fraa seg, tok Skreppa paa Ryggen og
Byrsa paa Aksli og gjekk til Boston
med Regimentet hans Patterson. Re-
gimentet - laag i flewe Dagar ikkje
langt fraa Charleston i Massachusetts.
Den 17de Juni vart 1000 Mann utsende
til aa hersetja Bunker-Hill. Dei tok
paa med aa setja upp ein Skanse etter
Soleglad, og daa Soli spratt, var
Skansen ferdug. Dei engelske Grena-
derarne svivyrde Fienden og gjekk
fram til Storm, langsamt og rvolegt,
men dei amerikanske Bønderne var
dugande Skyttarar og var ikkje vande
til aa kasta burt Krutet sitt faafengt,
og Byrsurne deira gjorde snart ljost
i dei engelske Raderne. Amerikanarne
skaut snart upp Munitionen sin, og
daa bar det ihop til Slaasting. Av
Amerikanarne var det ikkje ein av
tjuge, som hadde Bajonet paa Byrsa.
Berrhovdad og med uppbrette Ermar
for desse kjempesterke Bønderne fram
og slo um seg til høgre og vinstre og
rudde seg Veg gjenom Grenaderarne.
Best dei slost, fekk Israel med ein
Gong sjaa ein Kaarde, som sigtad etter
Beini hans. Han trudde det var ein
fallen Fiende, som vilde stinga endaa .
ein: Gong, og slo til Kaaren med Byr-
se-Kolven, men den Handi som heldt
Kaaren, var stivnad i Dauden. I same
Blinken sigtad ein annan Kaarde etter
Hovudet hans, men Engelsmannen
stupte fyr eit Slag av ein av Kame-
ratarne hans Israel. Men Israel slapp
ikkje beinheil fraa dette fæle Slaget.
Han fekk fire Saar, eit i Olbogen, eit i
Brystet, ei Kula i Halsen og ei i Fo-
ten ved Okla. Han kom paa Hospi-
talet i Cambridge, vartlækt og vende
snart att til Regimentet sitt.
(Meir).
sVaart nasjonale Stræv.
Etter som Bondepolitikken vaar hev
vakset og klaarnat i seg sjølv og fen-
gjet meir Tak paa sine eigne Tankar,
hev han og vortet meir og meir nasjo-
nal.
venta. So visst som Grunnloven hev
bygt Norigs Framtid psa Bonden, fordi
denne er mest bunden til Landet og
hev best Rot i Landsens Soga, — so
visst maatte og den Politikken, som
vaks fram av Eidsvollsverket gjenom
Bondens Arbeid, verta likso norsk
som han vart frilyndt.
Det same kann me skyna, naar me *
ser paa Motpartiet. Dette hev, sam-
stundes som det vaks meir og meir
nedetter i Frihug, vortet meir og
meir unorsk. Det hev havt den
same Kjensla som Boudepartiet: at her
i Laudet høyrde Fridomen og Norsk-
domen ihop. Og daa dei ikkje likad
Fridomen, maatte dei og vera imot
Norskdomen; for kom den til Magti,
so vart Bonden sterk, og so var det
ute med dei framande og deira Velde.
Embeættsstyre, absolut Veto, Sven-
skefjesk og Samrøringspolitikk — det
høyrer ihop som Rot og Legg. Men
paa den andre Sida stend Folkevelde,
Fridom, Norskdom og Sjølvstende; dei
høyrer og ihop. Den 17de Mai er ein
Fraa Spania.
(Framhald.)
Endaa hev me Kastilianaren att;
han maa reknast som Grunnformi for
den spanske Karakteren, liksom Lande
hans, det 2000 Fot høge ”Kastellande”,
er Grunnlage for det spanske Rike, turt,
utan Tre og KFuglesong, men likevel
fraudigt. Det er endaa noko att hjaa
han av den byrge Hidalgoen med den
store Kaarden og Munnskjegge, som er
vundet upp, slik som me kjenner han
fraa Gil Blas, byrg av Ætti og Fedr-
anne. Grandeza’en hans er endaa den
same; som Don Ranudo er han byreg av
Forfedranne midt i Armodi si. ”Fatik-
dom er ingi Skam”, segjer det kastili-
anske Ordtøkje. Arbeide fell tungt for
han; den høgste Njotingi er den aa slett
ikkje ha noko aa gjera. Tagall, stiv
og aalvorleg sit ban utanfor den for-
fallne Leirhytta si i ei sliti brun Kappe
og med spitsk Hat, og han er myrk aa
sjaa til, naar han imillom er so naadig
aa gjera Framandkaren ei Tenest mot
høg Betaling. Hev Sjauaren tent so
mange Skilling, som han treng til aa
halda Live.i seg med den Dagen, læt
han seg ikkje uroa for aa tene fleire.
”Eg hev tent min Real” (30 Øyrur),
segjer han, ”og kvar Dag hev nok med
si Plaage”. Den vesle Biten, som den
tarvelege og smaanøytne Kastilianaren
treng tilsin Livemaate, kann han faa seg
utan stort Stræv. MHellest er ban ærleg,
greidvoren og sannfarande og soleids
reint ulik Hovudstadsmannen, el Madri-
leno. Denne er lauslynd, ustød, galen
etter Moro, krjupande høfleg, karakter-
laus, ein rein Bløyting. Herkemugen i
Madrid er den verste i Spania.
Den store spanske Folkehelten Cid
er ein ægte Kastilianar, som ikkje fer
med Mildhug elder med evangelisk Elsk
til Næsten; han er lydig mot Religio-
nen paa vemaltestamentleg Vis, gjev-
mild og hjelpesam, men streng mot sine
Fiendar, hardhendt og hjartelaus. Han
læt soleids Mauraren Ben Gehaf brenne
livande i ein liten Eld, endaa han
hadde lova aa lata han faa hava baade
Liv og Embætt; han vilde dessmeir lata
Kona og Barne hans fara same Ferdi.
Lovgjevar er han ikkje, og helder ikkje
er han Far til nokon stor politisk Tanke;
han er berre Riddar og Kjempe, som
Tilnamne ”Campeador” viser. Men det
som iser hev gjort han til slik ein Fol-
kehelt og Namngjeting, det er, at han
som berre var ein. Privatmann, stridde
med sjølve Kongen, ja paa eigji Haand
heldt Krig med han. Daa det den Gon-
gen var Adelen, som var Folke, er det
inkje Under, at Cid, den stolte Adels-
mannen, vart so aalment likad og gjort
Høgtid av; Folkevisunne song um Stor-
verki hans, som vart fleire og fleire og
større og større, di lenger det leid; og
sjølve Mannen vart umdiktad ettersom
Adelen vaks og skifte Hug, so at han
fraa ein sjølvraaden, trassig, hardbalen
Riddarsmann tilsist vart ein from, lovly-
dig, dygdefull Hoffmann. Slik som me
no er god-til aa faa han utgraven 1
hans upphavlege Skapnad, er han eit
Mynster paa den ægte Kastilianaren,
slik som denne er den Dag i Dag med
sine Dygder og Lyte.
Rundt um i Spania, men helst i
sudlege Luten, finst det Taterar, som
dei her kallar Gitanos. I dei store By-
anne er der gjerna ein By-Del, som
desse Taterarne bur i; i Granada er det
soleids den Luten av den gamle Riddar-
byen (Albayeir), som vender ut mot
Alhambra. :
I Grunnen ligg denne ”Riddarbyen”
i Røysy men ser endaa forvitneleg ut
med dei mange underlege Taterbuenne.
Det er for det meste berre underjordiske
Holur, stundom med ei Pipe paa; ut
or eit Hol kryp daa dei svarte, skitne,
ville Folki fram gjenom Røyken, mea
den friske Voksteren hev breidt yver
all denne Ureinskapen og Useldomen
med den fagraste Grønska og gjøymer
den med Laurbær og Oypressur, Kjem-
pe-Aloer og Kaktus.
Daa Folki i dei ymse spanske Land-
skapi er so ulike, synest det vera vandt
aa setja upp den aalmenne spanske
Grunnformi hell gjeva ei Teikning av
”Spaniamannen”. Det er sagt, at Fol-
kekarakteren svarar til Naturen, til dei
ville taggutte Fjelli paa den eine Sta-
den og dei vide, skiftelause Slettenne
paa den andre; likeins er det sagt, at
han er ein Blanding av den vesterlandske
og austerlandske, og alt dette er utan
Tvil sannt. Det svarar og ihop med
den Maaten som Spaniafolket historisk
er tilkome paa, daa det er skapt gjenom
ei Blanding av keltiske, romanske og
gothiske Folk fraa Vesterlandi og ara-
bisk-mauriske far Austerlandi. — Det er
altso store Motsetningar i Folkehugen.
Aalvor og Vyrdskap stend ihop med
den største Letthug og Livslyst, kald
Djervskap med eldfull Byrgskap, djup
Ro med sjodande Blod. Endaa um eit
Ordskifte vert helder kvasst, gløymer
Det var daa og som ein kunde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>