- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
107

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

JE ER

9de Juli 1881.

Fedraheimen.

107

Fredrik Wilhelm I

Konge av Preussen.

(Framhald.)

Liksom Kongen sjølv dømde, so-
leids gjorde han ofta um dei Domarne,
som var avsagde av Retten. Ein Mann
skuldad Kona si for aa leva med
andre, men han kunde ikkje leggja
fram nokot Prov, og so avviste Retten
Saki. So vender Mannen seg til Kon-
gen, og han dømde 1 sin eigen Visdom
Kona skyldig og Ægteskapet uppløyst.
Og paa Foten av Domsbrevet skreiv
han: ”Min Dom er mykje rettvisare enn
den, som. dei Styvingarne i Retten hev
avsagt.” Sidan leet han baade Man-
nen og Kona og den, som ho var
mistenkt fyre, kalla inn for seg og
vilde tvinga denne siste til aa gifta
seg med den fraaskilde Kona, so Fyren
maatte røma sin Veg for aa sleppa
dette. Fin annan Gong, daa Retten
hadde avvist ei liknande Sak, skreiv
Kongen i Kanten av den Meldingi,
som derum vart innsend: *”Det er
likt til, at det finst lause Fuglar mil-
lom dei Herrarne i Konsistoriet. Det
skal vera meg ei Gleda, um Konurne
Dykkar vil gjera Dykk same Spikket,
so mange som de er. Kom so til
meg og klag Dykk! De skal faa Lov
til aa hanga med dei, med det gode
elder det vonde, det kann De lita paa!”

Det var ein Mann, som heitte Eck-
hard, som Kongen hadde komet til aa
lika. So vart denne Mannen gjord til
Adelsmann og utnemnd til Statsraad
og Riddar. Daa Mannen var ein reint
ukjend Kar, so vaagad vedkomande
Kollegrum paa audmjukaste Maaten
aa gjera Fyreteljmgar for Kongen mot
all denne Høgtidi. Kongen svarad:
”Det høge Kollegiet vil gjera so væl
og halda sine Grunnar for seg sjølv
og ikkje bry seg nokot med den vyr-
delege Eckhard, daa me i motsett
Tilfelle sjølv vil præsidera i Kollegiet
med ein god Stokk.” Og nedanunder
hadde Kongen teiknat av ein Galge
med ein hengd Mann i, og under den
stod: ”Fortent Løn til Kollegiet.”

Fredrik Wilhelm hadde 1 det heile

ein Tilhug for Folk av mindre godt
Slag og Folk av laagt Stand. Daa
Grumbkow*) var daaen, foreslog Riks-
raadarne fleire gode og høge Menn til
aa faa Posten etter honom, men Kon-
gen sagde: ”Det forstend ikkje de;
men eg veit av lang Røynd, at slike
Karar duger ikke til Forretningar.
Dei snakkar altid um ”Æra” si, naar
dei finn for godt aa vera ulydige. Det
bryr eg meg ikkje um, og difor vil eg
herretter berre taka Skarvebikkjur,
som eg kann kommandera yver utan
aa bry meg um, at dei knurrar.”

Kongen var glad i ax byggja og
vilde gjerna gjera Hovudstaden sin
større og leggja nye Gatur. Ein Dag
han gjekk gjenom Wilhelmsstrasse
kom han paa det, at det vilde taka
seg svært godt ut aa hava ein stor
og gild Bygning paa ein Stad der, og
samstundes hugsad han paa, at der
var ein Mann, Vernesobre heitte han,
som hadde voret Kasserar i ein Bank
i Amerika, men hadde bergat seg hit
til Berlin med 4 Millionar i Lumma.
Denne Mannen kallad daa Kongen tor
seg og paalagde honom aa byggja det
Slottet som vantad i den Gata. Man-
nen bad for seg; han hadde alt sett
upp ein gild Bygning fyrr der i Byen;
men Kongen sagde: ”Kanskje vil du
helder, at eg skal sende deg til Kon-
gen av Frankrike, so vert du hengd!”
Franskmannen maatte byggja Slottet.
Det kostad honom 2 Millionar og øyde-
lagde han reint; men Borgi vart sidan
kjøpt av Prinsesse Amalie, Syster aat
Krunprinsen, for 50,000 Livres.

So hadde Kongen bygt upp ein ny
Bydel, Dorotheenstadt, i Berlin; men
Dorotheenstadt var utan Innbuarar.
Daa Kongen kom etter dette, so tvin-
gad han ein Flokk av dei mest væl-
havande Borgararne i Berlin til aa
flytja fraa sine eigne Hus og ut. i dei
nye. I 1737 forordnad han, at alle
Bustaderne" 1 den gamle Byen, som
vende ut til Gata, skulde yverlatast
*) Feltmarskalk Friedr. Wilh. von Grumb-

kow var ein av dei, som Kongen likad

so godt, at han ikkje kunde segja Nei

til dei; han døyde 1739.

til Offiserarne 1 Heren, og at alle andre
som daa ikkje vilde bu paa Baksida,
skulde flytja ut til den nye Byen.
Endeleg fann han paa i 1738, for aa
faa den nye Byen paa Moten, at alle,
som aatte Hest og Vogn, skulde gjera
ein Kjøyretur paa Storgata der ute kvar
Sundag um Sumaren fraa Klokka 3
til 5; dei, som ikkje gjorde det, skulde
høta 150 Thaler. So kunde Ein daa
kvar Sundag der ute sjaa ei undarleg
Skreid: Slagtarvogner, Arbeidskjerrur,
Herskapskarossar og Hofvognar um
einannan, og dette heldt paa, so lengje
Kongen livde.

Ein endnu snaalare Leik heldt Kon-
gen ein Gong i Potsdam. Baron Pøll-
nitz var heimkomen fraa Frankrike og
var reint upp 1 Under yver Versailles
og Paris; mill. a. nemnde han den
Horgi av Stasvognar, som han hadde
set samla der paa dei store Hoffest-
dagarne. So fekk Kongen Hug paa
aa skalkeherma denne franske Stasen.
Han sende ut eit Regiment Husarar.
som skulde faa fat i alle dei Kjøyre-
Greidurne, som fanst ikring Berlin,
det same korleids dei var laga. Der-
efter leet han tilskipa ein offentleg Fest,
der han sjølv og heile Hoffet vilde vera
tilstades. Og som Dagen var komen
og Kongen hadde sett seg, so fekk
Ein ei Skrid aa sjaa, som Ein ikkje
letteleg skulde finna Maken til. Bon-
dekjerrur, Fraktvognar og Kræmar-
vognar av alle Slag og Skap, dregne
av dei verste Braffur og Fillegampar,
ruslad i Veg i endelause Rader saman
med Likvognar og andre underlege
Ferdagreidur; Kongen lo høgt av denne
Stasen og sagde til den franske Sen-
demannen Grey Rottenburg: ”Her er
mine Stasgatur og mitt Versailles; kann
Frankrike syna meg nokot liknande?”

Han hadde i det beile imot det,
som var franskt. Daa Baron Knip-
hausen kom heim fraa Paris og viste
seg ved Hoffet i ein gullsaumad Kjole
etter nyaste Parismote, leet Kongen
draga Kjolen av honom paa Flekken,
og ein av Skarprettar-Kararne fekk
Kjolen paa seg og maatte visa han

fram rundt i Byen med ein kongeleg
Paukeslagar etter seg.

Fredrik Vilhelm vanvyrde alt Bok-
stell, og Vitenskapen var honom ei Pest.
Tenkjaren Wolff vart landlyst, fordi
dei hadde sagt til Kongen, at av hans
Lærdomar kunde det dragast ut Grun-
nar til Orsaking for dei som rymde
fraa Hertenesta. Prinsarne maatte
ikkje læra Latin, og Lærararne deira
fekk av Stokken, dersom dei var uly-
dige i dette. Fredrik den lste hadde
grunnlagt eit Vitenskapssamlag og
gjort Leibnitz — ein kjend Tenkjar og
Lærd — til Formann der; Fredrik Wil-
helm gjorde Narren sin, Gundling, til
Forman i Samlaget*) og leet det
gjeva ut Statsalmanakka. Ein einaste
Gong spurde Kongen dei lærde til
Raads; han vilde vita kor det hadde
seg, at Champagnevinen.skumad. Men
daa dei lærde kravde 40 Flaskur Vin
for aa kunna gaa til Botns i Saki,
vart Kongen rædd og leet Saki fara.

(Meir).

Gråskiftet i Storthinget
um Professorlen til Hans Ross.
(Or ”Stortingstidende”.)

Roll: Jeg pleier altid som de fleste
i denne Sal at være med paa Bevilg-
niuger til Universitetet, og jeg har der-
for ondt for ikke at være med paa en
Bevilgning som denne, hvor det gjælder
en Post og et PForetagende, som maa
erkjendes at have stor Betydning for
vor hjemlige Videnskab og vort mnatio-
nale Liv. dJeg har, det tilstaar jeg, Be-
tænkelighed ligeoverfor den Form, som
Komiteens Pluralitet har valet; de Be-
tænkeligheder ere udtalte her før, de
ligger i Dagen. Jeg har ikke noget
stort Ønske om, at det skal blive Skik
i dette Land, at Storthinget udpeger
Professorerne. Jeg deler ikke Hr. Sverd-
rups Mening om, at denne Forsamling
er kompetent, end sige den mest kom-
petente, til at udvyælge Professorer. Jeg
tænker, at Valget af dem tryggest lig-
ger i Regjeringens Haand, efterat Uni-
versitetet er hørt. Jeg skulde derfor
* Gundling, Professor og Historiograf,
døydde 1731 og vart mnederaven i ei
Vintunna.

Fraa Spania.

(Slutten.)

Det, Fin minst kann lika hjaa Span-
jolen, er Aabrydskapen hans og Hemn-
sjuken og Hugen til ville Paafund ov
Øyentyr, som reint minner um Don
Nuixote, Kvendskapen, som minner um
Don Juan, og den religiøse Olmskapen,

som kallar Inkvisisionen og Filip den

2dre fram for Tanken. Væl hev den

katholske Trui hjaa dei fleste upplyste
Folk 1 seinste Tidi maatt vika for Fri-
tenkjarskap og Gudløyse (Atheisme);
men det store, faakunnige ”Folke” held
ho enno fast, og iser Kvinnfolki. Dei
gudelege Festferdenne, som meir likjest
paa Narrefestar enn paa kyrkjelege Høg-
tider med alt Jugle og Heidenskapen
sin, er Folke likevæl reint barnslegt
glade 1; for dei høver til Standpunkte.

Spanjolen held av Skodespel og
Dans. Han eig ein Rikdom baade av

det eine og det andre, likefraa Calderons
Drama til Passionsskodespeli, fraa la
danga prima — ein høgtideleg Runddans
fraa Gotertidi med Sang av kvar ein-
skild Dansar og Stev, som vert tekne
uppatt i Kor, liksom paa Færøyenne
og Island — til Sequidilla, den kvike

jota Valenciana med Sancho Pansa, og |

den eldfulle Fandango. Etter som det
er sagt, skulde den siste eingong for-
dømastav Konsistorium; han skulde vera
usømeleg og usedeleg; men daa dei
ærværdige Fedrenne vilde sjaa han, hose
han var, so han kunde døme i si eigi
Sak, vart dei rivne med, og dei maatte
kjenne han fri. Ikkje noko Folk hev so
uttrykksfulle Dansar som Spanjolanne.
For dei er Dansen eit Maalar-Bilæte,
som syner fram ei Endeløyse av Kjen-
slur, Voner og Ynskje. Den som ser,
vert riven .med, anten han vil elder ei,
og kann ikkje anna enn verta uppglødd.

Det er i Fyrstimne jamt noko mot-
burdsamt i den mannelege Byrgskapen
og aalyorlege Vyrdnaden, som Spaniolen
hev; det ligg moko kaldt, ofte reint
hotande i Åugo hans; men er fyrst Isen
broten, hev ein lært han aa kjenne, so
set ein Pris paa han. Han er hjelp-
sam utan aa vente Løn, ærekjær, sann,
tru, stød, herdig og ædrueleg.

I Selskapslive er det fritt og likt,
so det er ikkje so andre Stader. Dei
bryr seg ikkje so mykje um drustelege
Rom, Husbunad hell Klæde; det er
sjeldan Tapet paa Veggjenne, det finnst
inkje Omnar hell Kaminar; men der er
eit hyggjelegt Selskapsliv, naar ein um

Veterkyvellanne samlast kring el Bra-
sero, eit Messingkjerald med gloande
Kol, klappa fast med Oske. Her svallar
dei smaa Senoritas (Frøkner) lystigt, og
set Føtenne upp paa Kanten av Brase-
ro’en. I fine Hus ser ein ofte gjæve
Meisterverk av Oliemaalartavlur paa
Veggjenne, men dei herlege av Murillo
kverv allstødt meire og meire burt, mest
for engelsk Gull.

Liksom ein ikkje merkjer nokon
Standsskilnad i Kaffihus og paa Spaser-
veger, meddi Embættesmenner og ade-
lege sit ved Sida av Handverkarar og
Bønder, soleids er det og fritt og liketil
i Lag og Gilde (Tertullas). Det finst
ikkje noko tilstellt, endaa mindre noko
perte hjaa dei spanske Damunne; det
naturlege Løgje og Ynde deira tred
fram baade i Samtale og i den fine
Aatferdi og i Song og Dans. Dei hev
ikkje fengje ordentleg Skulegang og
Upplæring, men Naturi hev til Skade-
bot for det gjeve dei godt Vets Ære-
kjensle og Fedrelandskjærleik, og ein
møter her noko friskt og livlegt i alle
Kjenslur — anten det er Kjærleik hell
Hat, Aabryskap, religiøs hell fedrelandsk
Brennhug — som bryt fram utan Tvang
hell falsk Blygskap, i eldfulle Ord, ly-
nande Augnekast og talande, yndige

Rørslur. Hadde dei Daning, vilde dei
vera dei egjævaste Kvinnur paa Jordi.
Dei krev Offer, men er og istand til aa
gjeva Offer, og iser eig den ædle Kasti-
lia-Kvinna ei overhendig Viljekraft.

Det er eit usegjande Ynde yver
den unge Spania-Kvinna, naar ein ser
ho paa Spaservegen; men i dei høgre
Klassanne lever Kvinnunne reint for
seg sjølve, og hev ikkje noko aa gjera;
ikkje les dei, ikkje steller dei i Huse;
det høgste dei driv med, er Song, Spel
og Dans, og dei gjeng ikkje or Huse
utan dei skal i Messa, i Theatre hell paa
Spaservegen.

Det er endaa mykje usann Gudeleg-
heit att i den store Mengdi av ”Folke;”
det er den Magti, Katholicisma og In-
kvisitionen hev havt, som hev gjort det.
Maria er den eigentlege Guddomen aat
Spania fraa dei riddarlege Religions-
kampanne i Millomalderen, og Bilæti
hennar, som er prydde med Ædelsteinar
og Utsaumingar i Gull, er umaateleg
kostsame. —Kristusbilæti er derimot
mykje fatike, for Kristus er altid skildra
som den lidande med dei 5 Jarnnag-
lanne. Trufridomen i Spania hev like-
væl strakst gjort, at der er skipa ein
Del protestantiske Samfund i Madrid og
dei fleste større Byanne, og det er Von

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free