- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
117

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DE SE DEP AT

TETTE EAST nie. VEG 0 Es er

Fedraheimen.

———> >>> >>

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Eit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

5. Aarg.

No. 30. |

Israel Potter.

Utdrag etter Israel Potter, his fift»
g Y
years of eæile.)

(Framhald.)

”Korleids hev De det, Doktor Frank-
lin?” sagde Israel til Gubben, som
ikkje hadde snudd seg, daa han kom
inn.

”Aa, kjenner eg ein Ange fraa Vol-
larne i Amerika,” svarad Doktoren,
daa han høyrde denne endeframme
Tiltala, og braadsnudde seg. ”Ein
Samlending? Set Dykk ned, kjære
Herre! No, kvat nytt? Hev De nokot
aa melda meg?”

”Vast litt, Doktor,* sagde Israelog
gjekk tvert yver Stova til aa finna ein
Stol. Daa det ikkje var Matta paa
Golvet, som paa fransk Vis var baalt
og blankt som ein Spegel, gleid Israel
og hadde so nær stupt.

"No, no, det ser ut som De hev
mykje-godt høge Hælar paa Styvlarne”,
sagde den aalvorsame Mannen, som
berre brydde seg um slikt, som det
var Gagn i. ”Veit De daa ikkje, at
der er tvo Ulempur med denne Moten,
fyr det fyrste, at det gjeng mykje Lær
til, og at De lett kann brota av Dykk
Beinet? Men kjære vene, kva er det
De gjer? Gneg Styvlarne? Det er
toskutt aa bruka so tronge Styvlar.
Hadde Naturi viljat, at me skulde
gaa med tronge Styvlar, so hadde ho
sett Foten ihop av berre Bein elder
av Jarn, og ikkje av Bein og Kjøt.
Aa -— ja no ser eg; — kom med det !”

Franklin reiste seg, læste Døri og
hadde ned Gardinurne.

”Denne Gongen hev eg teket i
Mist,” sagde han til Israel. ”Dei høge
Hælarne Dykkar kjem nok ikkje av
Faafengd, men dei ser ut til aa vera
fulle av vigtige Ting.”

”Ja, reint fulle, Doktor,” sagde
Israel og flidde han Papiri. ”Det var
nettupp so vidt eg slapp fram med
dei.” Og dermed fortalde han til
Doktoren, at ein mistenkjeleg Mann
letst vilja kosta Styvlarne hans og vilde
skruva av Hælarne og stela dei dyre
Papiri fraa han.

”Gode Venen min,” sagde Visman-
nen, ”eg er rædd De hev voret ute
fyr mykje vondt, og at De soleids er
komen til aa mistenkja andre utan
Grunn. Denne Mannen, som De raa-
kad paa, var korkje meir elder mindre
enn ein stakars Sko-Kostar, som gjerne
vilde tena 10 Øyrur og ikkje gjorde
seg nokon Tanke um, korleids det
hekk ihop med dei høge Hælarne
Dykkar. Det er tidt likso galet aa

Kristiania
vera for mistenksam som aa vera for
godtruen.”

”Aa, eg er so leid fyrdi eg velte
Krukka hans og so flaug.”

”Kva Slag, hev De, som dei hev
brukat til aa fara i eit vigtigt Ærend,
utan Grunn velt Sverte-Krukka aat
ein stakars Mann, som inkje vondt
hadde gjort og som berre vilde arbeida
i sin Nærings-Veg ?”

”Ja, eg hev faret galet aat, Dok-
ter, det er visst og sannt, men eg
trudde, at denne Mannen vilde nokot
vondt.”

”Og fyr di De mistenkte honom
fyr at han vilde vondt, so hev De
sjølv gjort nokot galet. Detta er ein
laak Grunn. Tenk paa det, som eg
hev sagt Dykk, medan eg les desse
Papiri.”

Ein halv Time etter var Doktoren
ferdig, og so vende han seg til Israel
og skrubbad han, liksom han hadde
voret Far hans, fyr det, som han hadde
gjort, og tok upp tri smaa Mynter av
Pungen sin, og sagde til Israel, at
han skulde leita upp Mannen og gjeva
han Like fyr den Uretten, han hadde
gjort han. Sidan bad han Israel for-
telja alt, som hadde hendt han, og
daa han hadde høyrt Forteljingi hans,
sagde han:

”Eg tenkjer De vilde vera godt
fornøgd, um De kunne koma att til
Amerika. Kannhenda skal eg finna
paa ein Utveg til det.”

Augurne paa Israel glimad av
Gleda. Daa Vismanneu saag det,
sagde han:

”Det er uvisst, kva som kann henda.
De skal aldri lita for visst paa nokot,
og De lyt venja Dykk til ikkje aa
missa Modet, naar De ser, at det bryg-
gjer ihop til nokot vondt. Detta hev
Livet lært meg, min ærlege Ven.”

Israel grein nokot, paa Lag liksom
ein Matkrok, som dei held ein Rosin-
Pudding upp fyr Augurne paa og so
tek han burt med same.

”Eg tenkjer, at eg um ei tvo tri
Dagar kann senda Dykk attende til
England med nye Papir. I so Fall
lyt De gjera ei Reis til, og daa skal
me sjaa, um me kann finna paa ein
Utveg til aa senda Dykk til Amerika.”

Israel takkad fint, men Franklin
vilde ikkje høyra paa det og sagde:

”Ein kann aldri fulltakka Gud,
Venen min, men Menneskje skal* me
ikke takka meir enn godt gjer. Kann
eg faa sendt Dykk attende til Amerika,
hev eg berre gjort ein Lut av det,
eg er skyldig aa gjera som Utsending
fraa Faderslandet vaart. De skylder

den 80te Juli 1881.

TIER

meg ikkje annat enn berre dei tri
smaa Mynterne som eg gav Dykk.
Istadenfyr aa betala dei til meg skal
De, naar De kjem heim, gjeva dei til
den fyrste Soldat-Enkja, De møter.
Ikkje gløym det, det er ei Gjeld.
Desse tri Smaamynterne er paa Lag
ein Fjordepart av ein Dollar i améri-
kanske Pengar, ein Fjordepart av ein
Dollar, hugs godt paa det.
saker, Venen min, skal De altid vera
smaagrann; det kvittar eit, um De
skylder til ein Frende elder Framand,
til ein Bonde elder ein Konge.”

”Godt, Doktor; daa det er so naud-
turvelegt aa vera smaa-grann 1 Pen-
gesaker, so vil eg gjeva Dykk Pengarne
att. Venerne mine i Brentford hev
voret so rauste paa Handi, so eg hev
nok til aa bøta den vesle Skaden, eg
hev gjort. Eg tok imot dei Pengarne
for eg trudde det ikkje var rett aa
segja nei, daa De baud meg dei so
venleg.”

” Ærlege Venen min, eg likar godt,
at De snakkar so endefram,” sagde
Doktoren. ”Eg skal taka Pengarne
att.”

«Utan Rentur vel, Doktor,* sagde
Israel.

«Gode Venen min,* sagde Franklin,
”spøk aldri i Pengesaker. Aldri spøk
i Likferd elder i Forretningar. Denne
Saki oss imillom er ein Smaating, men
der kann liggja store Grunnsetningar
i Smaating. Gaa stad no paa Timen
og gjer upp med Sko-Kostaren, og
kom so hit att; her skal De faa eit
Rom, som De kann bu i, so lenge De
er i Paris.”

”Men eg skulde nok hava Hug til
aa titta paa Byen, fyrr eg fer att til
England.”

”Fyrst Forretningar, sidan Moro.
De lyt balda Dykk fyr Dykk sjølv i
Romet Dykkar, liksom De var Fangen
min, radt til De reiser. Gaa stad no
og finn Sko-Kostaren. Høyr, hev De
netupp den Sum, De skal gjeva han,
i Smaapengar? Tak ikkje alle Pen-
garne Dykkar upp av Lomma paa
Gata; tel etter Pengarne, det er fransk
og ikkje engelsk Mynt, De skal betala
han med. Godt, desse tri Smaapeng-
arne kann vera nok.”

”Kann eg stana og eta nokot paa
Vegen, Doktor?”

”Nei, det er ein Uvane aa eta ute,
naar ein kann eta heime; kom attende
strakst og et med meg.”

Ei Stund etter kom Israel attende
og sette seg til Bords med Doktoren.
Det var uvand Kost, kokt Lammekjøt

og grøne Erter. Ei Flaske med eit

I Penge-|,

Slags fargelaust Drikke stod utmed
den ærverduge Utsendingen.

”Lat meg fylla Glasset Dykkar,”
sagde Doktoren.

”Gud forlate meg, det er reine
klaare Vatnet,” sagde Israel daa han
kjende paa det.

”Reint Vatn er god Drykk fyr
uvandt Folk,” sagde Doktoren.

”Ja, men Woodcock gav meg Frukt-
Vin, og White-Whaltbam baud meg
Vin og Brennevin.”

”Godt, ærlege Venen min; men so-
framt De likar Frukt-Vin og Vin og
Brennevin, so lyt De venta med aa
drikka det, til De kjem tilbakars att
tll England. Hjaa meg fær De berre
klaare Vatnet aa drikka.”

(Meir.)

Fredrik Wilhelm I

Konge av Preussen.

(Framhald.)

I Fristunderne sine dreiv Kongen
so smaatt med Maalarkunst. Ein
Kunstnar av laag Rang, Haber, blan-
dad Fargar aat honom og underviste
han for ein Gylden um Timen. For
«det meste sette Kongen seg til Maalar-
brettet etter Middagsmaten og sovnad
der; men fyrr Penselen datt ut or
Haandi hans, gjorde han i Halvsvev-
nen ei Mengd med underlege Striker
i Kross og Krok yver det paatekife
Bilætet. Naar so Kongen vaknad og
saag desse Krossarne og Krokarne,
vart han vond og skuldad Læraren
for, at han hadde gjort det. Og so
fekk daa Læraren tidt smaka Stokken.
Maalingi hadde Kongen i Grunnen
berre Moro av, naar han var giktsjuk;
difor sette han under Maalarstykki
sine: ”Fredericus in tormentis pinæit”
(Fredrik maalad det under Sjukdom).
Dertil lagde Læraren med tettpaa
usynleg Skrift: ”quæ infligebat” (det,
som er innpaaklint).

Hoffmennerne fann naturlegvis Maa-
larstykki aat Kongen framifraa gode
og roste dei det beste dei hadde lært.
Soteids roste eingong Baron Pøllnitz
eit nytt kongelegt Maalarstykke; men
so spør Kongen han, kor mykje han
trudde, det Stykket kunde vera verdt
i Handelen. Pøllnitz svarad, at det
ikkje leet seg betala med Pengar; men
skulde ein endeleg nemna ein Sum,
so vilde 100 Dukatar vera reint Røvar-
kjøp. ”Det er godt, Pøllnitz,” segjer
Kongen med ein Spesmil; ”du kann
taka det for eit halvt hundrad. Du
er ein Mann, som forstend deg paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free