- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
118

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118

Fedraheimen.

30te Juli 1881.

Maaling, og eg hev lengje tenkt paa
aa visa deg ein Godvilje!”

Fredrik Wilhelm var paa sin Maate
gudeleg. Kvar Ettermiddag las han
upp for Huslyden sin eit Stykkje av
ei Bønebok, og daa maatte alle høyra
paa honom, liksom det var ein Apostel,
som talad. Deretter stemde ein Kam-
mertenar upp ein Salme, og alle Borni
maatte syngja med. Aa ryma fraa
Hertenesta var etter Kongens Meining
det verste av alle Brotsmaal; 1 eit
Brev kallar han det for Djevelens
Verk og segjer, at slikt kann aldri
eit Guds Barn gjera.

Vaarherre gjeld i Preussen mest
som ein Hær-Gud, som ikkje synest
hava annat aa gjera enn aa sjaa paa
Preussens Bate og gjera Preusserher-
skararne til Viljes; — dette er og
nokot, som skriv seg fraa denne Tidi.
Fredrik II var Atheist; men han agtad
seg væl fyr aa lata den preussiske
Stats-Guden koma i Gløymeboki. Væl
var det litet Bruk for han i Fredstid;
men vart det Ufred, so vart han fram-
teken og liksom ført medi Slaget; for
det var honom, som Folk og Hær
skulde takka for Sigeren.

Fredrik Wilhelm I var strengt sed-
sam. Eingong, han vår i Dresden,
fann Kurfyrst August av Saksen paa,
at han vilde setja han paa Prøve, —
førde han so ein Kveld inni eit ovfint
Rom, og der var det eit Forheng, som
vart dreget til Sides. Innanfyre saag
daa Fredrik Wilhelm eit straalande
upplyst Soverom, og der, paa ei Lega
av Silkebøgjend, laag Grevinne Orzel-
ska, Frilla aat Kurfyrsten. Men Fred-
rik Wilhelm flaug ut reint forskræmd
og meinte paa, at han vilde fara sin
Veg paa Stundi, dersom han ikkje
skulde vera trygg for slike Paafund.

Derimot var han glad i Tobak, Øl
og Vin. Kvar Kveld heldt han ”To-
baks-Kollegium? i Lag med sine beste
Venner. Her maatte ingen uroa han.
I ein avbakeleg Fløy ut til Spree-Elvi
laag dette Kollegie-Romet, som var
tilbutt som eit vanlegt Vertshus. Ei
Lampa hekk under Loftet, ein svær
Jarn-Omn stod og sprakad og brakad
1 ei Kraa, og eit langt Bord av Fure-
tre med Benkjer paa baae Sidur fyllte
det meste av Romet. Ved den eine
Enden av Bordet stod Armstolen aat
Kongen, ved den andre ein annan slik
Stol aat Gundling, Hoffnarren. Her
sat daa Kongen og heldt Hoff med
Pipa i Munnen og Ølkrusi framfyr
seg, og her vart Despoten til Menneske.

Fredrik Wilhelm var ein likso hard
Husfar som ”Landsfader,” og av Borni
hans var det tvo, som han var reint
hatig paa: Fredrik, eldste Son hans,
og Dotteri Wilhelmine, som sidan vart
gift med Markgreven av Baireuth.
Det er ikkje greidt aa segja, kva det
kom av, at han hadde lagt denne blide
og fine unge Gjenta for Hat. Kanskje
kom det av ei Trulovingsgreia. Dron-
ningi vilde, at Wilhelmine skulde hava
Prinsen av Wales, og det hadde Kon-
gen helder ikkje nokot imot. Men so
fekk han høyra, at Kongen av Eng-
land, Far til Prinsen, ikkje brydde
seg nokot sers um aa koma i Skyld-
skap med ”Korporal Speissrot? (so
kallad den engelske Kongen Fredrik

Wilhelm), og so vart daa denne rasande
galen og vilde ikkje høyra meir um
dette Giftarmaalet. Og so reiv han
daa Sinnet sitt ut paa den arme Prin-
sessa. Daa ho sidan skulde burtgif-
tast, vilde han gjeva henne ein liten
Markgreve av Brandenburg-Schwedt,
som ikkje aatte nokot Land, og som
dertil ikkje var fri han drakk. Dotteri
sette seg imot dette og fekk Medhald
av Moer si.

Prinsessa hev sjølv sidan skrivet
upp sine Minne fraa denne Tidi, og
dei er slike, at hadde ho ikkje skrivet
dei sjølv, so vilde ingen tru dei. Ho
og Bror hennar saag ikkje Kongen
utan ved Maaltiderne, og i desse Stun-
derne var dei-reint som paa ein Pine-
benk. Kongen kallad henne aldri for
annat enn ”den engelske Kanalje,” og
Son sin kallad han ”Slyngelen Frits.”
Han nøydde dei til aa eta slik Mat,
som dei ikkje hadde godt av elder
ikkje kunde lika, so at dei ofta ved
Bordet maatte gjeva det fraa seg att
alt, — fortel Prinsessa. Var det ein
liten Ting, han vart vill fyre, so heiv
han etter dei med Fat og Tallerkar,
og stundom hadde han Moro av aa
lata dei svelta. ”Kongen lagde sjølv
fyre av Rettarne til alle, so nær som
til Bror min og meg,” skriv Wilhelmine.
”Me fekk inkje nokot; var der nokot
att i Fati, naar dei andre hadde fen-
get, so sputtad han paa det, for at
me ikkje skulde eta det.”

Ein Dag, daa Prinsessa stod fraa
Bordet og kom til aa gaa framum
Stolen aat Kongen, treiv han Staven
sin og slog etter henne. Ho vart so
rædd, at ho flaug ut og so burt gje-
nom alle dei lange Slottsgangarne i
den isande Kulden, so ho vart sjuk
og fekk Feber, og tilslutt Koppurne.
Daa Faeren fekk vita dette, stengde
han henne inne i Romi hennar, og
ingen maatte koma til henne utan
Lærarinna hennar. Der laag ho daa
i eit iskaldt Rom. Supa, ho fekk aa
liva av, var ikkje annat enn Vatn med
Salt i, og bad ho um nokot annat,
vart det svarat, at Supa var lagat etter
Kongens Paabod. Naar ho sovnad
utpaa Morgonstundi, vart ho vekkt av
Tromma utanfor Vindaugo; for Kon-
gen vilde helder taka Livet av Dotter
si enn lata Trommurne sine tigja.

Daa Prinsessa ein Gong til hadde
sagt Nei til Markgreven av Schwedt,
raakad Kongen henne ein Dag uven-
tande inne hjaa Dronningi. Prinsessa
rymde av attum ein Omns-Skjerm;
Kongen etter og vilde slaa henne. Ho
tok si Tilflugt til Lærarinna si, og
denne stellte seg upp framfyre henne;
men Kongen trengde paa, so Lærar-
inna maatte draga seg meir og meir
attende og Prinsessa like eins, til dess
ho var mest komi heilt upp til Kamin-
Elden. ”Eg krympad meg ihop bak
um Madam Sonsfeld,” fortel ho, ”like
langt fraa Staven og fraa Elden; han
stod og yverhyljad meg med Vondord
og prøvde aa faa Tak i Haaret mitt.
Eg laag paa Golvet mest steikt; det
tok til aa brenna i Klædi mine, og
det kunde teket ein speleg Ende; men
so vart Kongen trøytt og gjekk sin
Veg utan aa segja eit Ord.*

Endeleg gav Fredrik Wilhelm henne

burt til Markgreven av Baireuth; men
nokor Heimanfylgje vilde han ikkje
gjeva henne. Alt i alt hadde ho 800
Thaler um Aaret aa liva av. Sidan
bad Faeren henne ender og Gong heim
til Berlin, men var imot henne som
fyrr, ja hadde Moro av aa spotta
henne, fordi ho var fatik, og taka imot
henne som ho var ei Tiggarkona.
”Haa, haa, er du der,” sagde Kongen,
”det var Moro aa sjaa deg att” og
so heldt han eit Ljos uppimot meg,”
fortel ho ein Stad. ”Du hev forand-
rat deg svært,” sagde han. ”Ja, eg
hev vondt av deg; det er vel berre so
vidt du hev Maten til Munns, og hadde
du ikkje meg, maatte du ut og tigga;
men eg er og ein fatik Mann, som
ikkje hev stort aa gjeva burt. Eg
skal gjera kva eg kann, og ei 10—12
Gylden kann eg væl altid vera av
med.” So vende han seg til Dronningi:
”Og du,” sagde han, ”fær gjeva henne
ein Kjole so ender og daa; det Stak-
karstinget hev knapt Skjorta paa
Kroppen.”

At Kongen ikkje likad Son sin,
kann ein helder forklara. Prinsen viste
Sans for Lesning og Tenkjing og kunde
ikkje altid løyna sin Mothug for den
Uppfostringsmaaten, Faeren brukad,
og so lagde Kongen tilslutt Hat til
Guten. ”Det er ein liten Sprett,” sagde
Kongen, ”og ein Filosoff, som vil
skjemma ut heile mitt Verk.” Fyrst
forbaud han han aa lesa; naar han
raakad Son sin med ei Bok, kastad
han Boki paa Elden. Krunprinsen var
glad i Musikk og blees paa Fløyte;
Faeren slog med eigi Haand fleire av
Fløyturne hans sund paa Ryggen av
Grenaderarne sine. Ein Skulelærar i
Potsdam hadde ei Dotter, som og kunde
spela; Prinsen og ho spelad Duettar
saman. Kongen trudde strakst, at det
var nokot galet, dei hadde for seg, og
leet piska Gjenta gjenom Gaturne i
Byen og sidan setja henne paa ”Spin-
nehuset” i 3 Aar.

Han kunde ikkje finna seg i den
Tanken, at Sonen ein Gong skulde
verta Konge etter han. Han prøvde
aa tvinga Krunprinsen til aa gjeva
Arveretten burt til Bror sin, men det
nyttad korkje Juling elder Trugsmaal,
Fredrik vilde ikkje. Eingong sagde
han til Far sin: ”Kann du ikkje lysa
ut for Aalmenta, at eg er eit Lausbarn,
— 80 skal eg lata Bror min faa alt.”
Kongen treiv Prinsen i Haaret, drog
han burt til Vindaugat og prøvde aa
kverka han med Gardinsnori; hadde
ikkje ein Tenar høyrt Prinsen skrika
og komet til Hjelp, so hadde Kongen
drepet han.

Tilslutt vart Fredrik so leid av alt
dette, at han sette seg fyre han vilde
røma. Sjølve Kongen hadde stundom
naar han foor vondt med Prinsen, sagt
til han paa ein speande Maate: ”Hadde
Far min faret med meg som eg gjer
med deg, so hadde eg rømt min Veg
hundrad Gonger; men du er ei Kjering
og eig ikkje Mod.” Prinsen fortrudde
seg ’til Adjutanten Keit og til Venen
sin Løytnant von Katte. Dei skulde
fylgja Kongen paa ei Ferd sudpaa i
Landet, og daa skulde dei sjaa aa
faa Tilføre til aa koma avstad. Av
ein hollandsk Jøde laante Prinsen

nokre hundrad Dukatar; Keit skulde
halda Hestar ferdige i ein Landsby
ved Frankfurt, og Katte skulde slaa
Lag med dei, naar dei var komne i
Veg. Til Syster si Wilhelmine hadde
Prinsen fyrr dei reiste yvergjevet eit
Skrin, som inneheldt Brevskaparne
hans. Men so var det eit Brev, som
kom i urette Hender, og dermed kom
det heile upp. Daa Prinsen skulde
stiga paa Hesten, vart han arresterad
av tri Generalar, og Dagen etter vart
han førd for Kongen, som vart reint
vill av Sinne. (Meir.)

Utgreidingi um Vetoet.
(Slutten.)

Det er daa helder ikkje alle dei 6
lærde, som er med paa aa misbruka
Storthingets Politikk paa den Maaten.
Formannen 1 Fakultet, Fr. Brandt,
segjer som rimelegt er, at han ikkje
kann finna, ”at der i, hvad der er
Joregaaet paa Storthingene efter 1824,
eller navnlig siden 1851, ligger nogen-
somhelst bindende Erkjendelse fra Stor-
tlvingets Side af, at det kongelige Veto
ved Grundlovsforandringer er absolut.
Det høieste som deraf kan udledes,”
meiner Brandt, ”forekommer mig at
være, at Stortinget har villet umdgaa
at bringe dette kildne Spørgsmaal "n-
der Afgjørelse paw en Tid, da andre
praktisk meget vigtigere Sager forelaa.”

Dette er nyktern ærleg Tale. Og
dei som kjenner vaar politiske Soga
i dei siste Mannsaldrarne, og kjenner
Folket som det er og til no hev
voret, vil visseleg finna, at Talen og
er sann.

— Det er altso dette, som vert det
store aalmenne Inntrykk av Fakultets-
betenkningi, at ho ikkje er det ho
gjev seg ut for aa vera, nemleg ei
objektiv vitenskapeleg Utgreiding
um Vetoet, men at ho er eit juridisk
Stridsskrift til Forsvar for Vetoet,
som dei 6 lærde vil hava, og som dei
daa med all si Magt prøver aa faa
Folket og til aa tru paa. Men er
det so, — so fær Ein døma Skriftet
deretter. Det er greidt, at dei 6 lærde
so væl som alle andre hev Rett til aa
hava ei Meining um Saki. og eit per-
sonlegt Ynskje um, at denne Meiningi
maatte visa seg aa vera den rette.
Men meir hev dei ikkje helder. Dei
kann altso ikkje krevja nokon serleg
Autoritet, elder at Folk skal tru meir
paa dei enn paa kvar annan vitug
Mann, som hev tenkt yver Saki. Dei
hev med si ”Betænkning” blandat seg
inn i Striden um Vetosaki, og dei
fær daa finna seg i aa dømast etter
same Regelen som alle andre Strids-
menn. Dei kann ikkje kjennast gode
til aa vera Domarar. Det, dei hev
lagt fram av Upplysningar og Prov,
er som fyrr sagt ikkje vidare nytt. og
det er so lite bindande i vitenskapeleg
Meining, at ein av deira eigen Flokk,
og det ikkje korkje den yngste elder
den styvnaste av dei, hev avvist det
alt ihop som ”uholdbart” og ”utilfreds-
stillende,” som ”Konstruktioner af en
senere Tid" og som ”selvgjort Lære.”
Den, som endeleg vil hava absolut

Veto, han kann nok, som dei 5 hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free