- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
119

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30te Juli 1881.

Fedraheimen.

NG)

gjort, bruka desse - Upplysningarne
til Studning for si personlege Tru,
helst dersom dei er gode i Sakførar-
fortolkning; men den, som ser fritt og
objektivt paa Saki, altso vitenskapelegt,
han vil maatte segja med Prof. Brandt:
det provar altsaman ingenting.

Fakultetsutgreidingi hev altso den
same Vigt som andre lærde Morgen-
bladsstykkje til Forsvar for Vetoet.
Ho inneheld mykje Lærdom og mykje
som kann vera forvitneligt nok. Men
som Stridsinnlegg gjeng ho for det
fyrste ut ifraa sitt reint einsidige og
einskilde Synspunkt, so at den, som
ikkje er med paa dette, han kann hel-
der ikkje vera med paa Utviklingi i
det heile, og for det andre hev ho
brukt Lærdomen sin paa ein slik Maate,
at den tenkjande Lesaren fær den
sterkaste Mistru til alle dei Grunnarne,
ho fører fram, og finn, at han gjer
best i aa granska Saki igjenom sjølv,
fyrr han trur. —

Men dermed vert Fakultetsutgrei-
dingi eit helder meiningslaust Arbeid.

Daa Kongen i sin Visdom — for
som me hugsar var det Kongen — fann
ut, at det vilde vera rett aa raadspyrja
det juridiske Fakultetet i denne Veto-
striden, so var det naturlegvis ikkje
Kongens Meining, at han vilde hava
eit juridisk Stridsskrift; for baade
var der andre, som kunde gjera slikt
likso godt som dei 6 Professorarne, og
dessutan hev Kongen som Konge ikkje
Rett til aa vilja til-procedera seg
absolut Veto. Det einaste Kongen som
Konge kann og maa vilja, det er aa
faa fram den kalde klaare Sanningi,
anten so denne gjeng med elder imot
Vetoet. Det maatte altso vera Kongens
Meining, at han vilde hava ei reint

upartisk, reint vitenskapeleg Framstel-

ling av, kva Grunnloven i denne Saki
segjer. Han vilde hava ein klaar,
upartisk Dom. Naar so dei 6 lærde
kjem med eit ivrigt Prokurator-Innlegg,
so vil Kongen som Konge maatte segja
til dei: ja, Takk, De hev visst havt ei
god Meining med dette-her; men det
var no ikkje slikt, eg bad Dykk um.
Og Folket, som væl og kunde hava

Morö av aa sjaa ei vitenskapeleg Veto-
Utgreiding, endaa det visste, at ikkje
all Verdsens Vitenskap kunde praktisk
innføra Vetoet, naar det ikkje stod i
Grunnloven, og som likeeins visste, at
den øvste Lovtolkaren 1 dette Landet
ikkje er Fakultetet men Storthinget,
vil av dette Fakultetskriftet ikkje læra
annat enn — ein syrgjeleg Mistillit til
Vitenskapen.

Slik er det, naar ein Domar —
skulde vera — gløymer sin Domar-Gjer-
ning og vert Sakførar elder gjer seg
til Part i Saki. Fakultetsbetenkningi
er ikkje aaleine eit gagnlaust Verk,
men ho er i moralsk Meining skadeleg.
Folket hev set det, som skulde vera
ei heilag Sanningsmagt, neddreget til
aa vera Tenar for ein vesall Partipo-
litikk, og slikt hev Folket ikkje godt
av aa sjaa. Det skal vara mang ein
Dag, fyrr den juridiske Vitenskapen
forvinn dette.

Den av dei 6 lærde, som viser seg
mest som Vitenskapsmann og minst
som Sakførar, idet han er upartisk nok
til aa ikkje draga sterkare Slutningar
av dei framlagde Grunnarne enn han
hev vitenskapeleg Rett til, er Hr.
Brandt. Men just fordi han er so
ærleg, samstundes som han likevæl vil
hava absolut Veto, vert hans Ser-Votum
paa sin Maate likso forunderlegt som
sjølve * Betænkningen.*

Hr. Brandt segjer som so: Alle
dei Grunnarne, som er framlagde til
Forsvar for det absolute Veto, er ubru-
kelege. Og Loven hev ingenting um
det. Men eg Dr. Fredrik Brandt finn,
at i ein monarkisk Stat bør Kongen
hava absolut Veto, og ergo hev Kon-
gen absolut Veto. Qvod erat demon-
strandum.

— Ja, det er ærlegt sagt! Fin
kunde faa Hug til aa tru, at Brandt
hadde skrivet dette sitt Votum for aa
gjera Narr av det, som dei andre
hev sett ihop; for *Betenkningen*
inneheld i Grunnen ikkje annat, den
helder. Og daa Brandt utan Tvil er
det beste Hovud av desse Kararne, so
kunde Ein tru, at han hadde funnet

Moro i aa skalkeherma desse andre,
som gjekk der so ivrige og tok det
saa aalvorlegt og innbilte seg, at dei
gjorde slikt eit vitenskapelegt og poli-
tisk Storverk. Det maatte vera flir-
ande for slik ein gamall Kloking som
Brandt aa sjaa paa dette, — og naar
so Hr. Brandt dessutan hugsad paa,
at det juridiske Fakultet aldri i Verdi
korkje er elder vert ei konstitusjonell
Magt elder nokon Overgrunnloystolkar
yver Storthinget, — so kunde han
gjerna funnet ut, at det beste han kunde
gjera var aa skriva ei Skalkeherming
yver heile Greida og berre segja som
so: Det, som desse Kararne fer med,
er Vas; men Sanningi er den, at me
6 høglærde Professorarne vil, at Kon-
gen skal hava absolut Veto, og so hev
han det. Qvod erat demonstrandum !

— Naa, so grov hev væl ikkje Fr.
Brandt voret. Me fær nok taka det
for Aalvor, det han og skriv; — men
daa vert det og eit Aalvor deretter.

Det, som Fr. Brandt byggjer paa,
er, som han sjølv segjer, *udelukkende
Sagens Natur.* Dette er det einaste
han held med dei 5 andrei, at ”Sagens
Natur* gjev Kongen absolut Veto.*)

«Sagens Natur* kallar han med
eit annat og endaa gildare Ordlag:
*Monarkiets Begrep.* *Monarkiets
Begrep* krev, at Kongen hev absolut
Veto i Grunnlovssaker; hev ikkje Kon-
gen det, so spring *Monarkiets Begrep*
isund, og det vilde vera ille.

— Ja kanskje! helst for ein gamall
Professor; for det er *Begrep* og slike
Ting, som dei Kararne hev aa liva
paa. For andre Folk vil Tingen nok
taka seg litt annarleids ut. Vanlegt
Folk hev nok annat aa stella med enn
»Begreber og Blækhus,* for aa bruka
eit Diktar-Uttrykk.

For det fyrste er det ikkje sannt, at

*) Sidan hev me høyrt av Hr. Getz, at dei
5 andre ikkje trur paa ”Segens Natur.”
Altso: der var ein einaste Grunn, som
alle 6 var samde um; men den er dei
ikkje helder samde um! Det vert altso
slik, at det, som Brandt trur paa, segjer
dei 5 andre er Vas; men det, dei 5 andre
trur,paa, det segjer Brandt er Vas, og
so stend me der. Det er gode Greidur.

*Monarkiets Begrep* spring sund, fordi
um Kongen ikkje hev dette absolute
Grunnlovsvetoet. Det baade hev voret
og er monarkiske Forfatningar, som
ikkje kjenner det, og endaa fleire, som
ialfall aldri brukar det, og *Monar-
kiets Begrep* held seg like heilt for
det. Derum kann ein lesa i sjølve
Betænkningen, so slikt skulde ikkje
gamle Brandt koma aa fortelja oss.
Og for det andre so er det væl
ikkje Meiningi, at eit Folk skal vera
til berre for aa halda uppe slike *Be-
grep* til Hugnad for juridiske Pro-
fessorar. Eit Folk hev nok andre Ting
aa tenkja paa dessverre. Naar me
hev ein Stat og ei Statsforfatning, so
er nok Meiningi dermed den, at Fol-
ket gjenom Staten og dens gode Skip-
nad skal kunna liva og trivast og
utvikla seg og arbeida seg fram i
Vælstand og Kultur; det er slike reint
simple og praktiske Ting, det gjeld
um. Det kann henda, at Folket i si
Utvikling sprengjer baade eit og annat
av dei gamle gilde *Begrep,* som
lærde Professorar hev sitet og havt
det hyggjelegt med upp paa sine Hyblar
og Leserom i mange Herrens Aar ; men
det er ikkje Raad med det. Folket
maa liva, det er det fyrste, og det
maa veksa, det er det andre, og det
maa faa eiga og hava sin fulle og
heile og klaare Rett, — det er baade
det fyrste og det andre og det tredie;
og so — kanskje — kjem me til *Begre-
berne!* Der er ikkje Raad med det.
I denne hardhendte og ravgalne Verdi
er det slik; det gjeng fyrst etter det,
som er naudsynlegt, so etter det, som
er gagnlegt, og so kann det henda, at
Ein fær Tid til aa tenkja litt paa det,
som tek seg uti Lærebøkerne og i
dei lærde *System*. Og kanskje ikkje!
Dei lærde fær i det heile greida det
med *Begrepi* sine som dei best kann.
Livet er ein Villmann, som fiktar seg
fram paa ein eigen reint ulærde Maate.
Der er berre ein Maate aa greida
seg paa for dei Herrar Professorar;
men den Maaten skulde no ein gamall
Jurist vita um. Den Maaten segjer,
at daa Livet ikkje vil retta seg etter

ybet Aschehougske Princip.*
(Av A. 0. Vinje.)

(Slutten.)

Eit nærare Samband med Sverige
maatte og føra til ei sterkare Konge-
magt. Det var raadlaust annat, og det
er nokot, som fylgjer av seg sjølv, og
som altid og er set, at ei Embættsstand,
vitande elder uvitande um det, stevner
graviterer) mot ei sterk Kongemakt.
Planeterne svinga kring si Sol. Eit
sokallad Folkestyre vil altid meir draga
sine Umbodsmenn ned imot seg og
gjera dei til Folkets Tenarar og natur-
lege Tilsynsmenn, medan ei fast Konge-
makt dreg deim upp til seg og brukar
deim som Reidskapar i si sterke Hand,
paa same Tid som den gjer deim til ein
liten Stat i Staten. Og her er Knuten
i denne Sak. Vil vaar Fmbættsstand
slaa seg til Folket og liva og døy med
det, elder vilden i full Utstrekning slaa
seg: til dette Princip? Det er Svaret
paa desse Spursmaal, som kjem til at
avgjera vaar Lagnad, om det skal bli
eit Folk av oss elder ei; for det store
Folk er enno ikkje so upplært, at det
kann undvera desse sine Tenestemenn i
slik ein Strid. Her er mange unge

gode Folk — ja eg vaagar meg til aa
segja dei beste — som halda med det, eg
kallar Folket i denne Sak; men her er
og mange, som taka dette heile Princip
som eit Evangelium og kalla Folk og
daa mest Dølen for ”Skandalmakarar”
og ”Forrædere,” naar dei lasta det og
ikkje taka ”heile Grisen” med. Her er
soleids Hjelpetroppar paa baade Sidur,
men Slagets Utfall vil likevel koma til
aa stam paa desse tvo Hovudhærer, nem-
leg den faste Embættesflokken, og Bonde
paa Land og Borgarar i By. Det fell
vel Folk ifraa til baade Kantar, som
ganga over til det andre Læger, men
likevæl so ligg Styrken her hite og der
burte.

Vaar Embættsstand gjorde si. store
og gode Gjerning i vort Riksliv fram-
etter. Men no daa Sambandet med Dan-
mark i aandeleg Meining vert mindre,
og vaar Forfatning fører det med seg,
at den mindre og mindre kann vera ei
Stand i den gamle Stilen, no skal Ingen
undrast paa, um den tenkjer paa Sve-
rige og ei styrkt Kongemakt for aa halda
seg uppe. Statsinstinktet maa tilsegja
den det. Vardt her no soleids eit Uni-
onsparliament — for det maatte koma
etter det ”samansette Statsraad” — so
vilde der ikkje koma mange Bønder dit.

Det kunde kanskje vera ein og annan
slik som f. Ex. Hammerstad. Og so
gjekk daa og som nokot sjølvsagt Hær-
vesenet over til Unionsparlamentet og
med dette det rette Rikssværd, so Stor-
thinget sat her att som eit Slags Amts-
formannskap, og dermed var og det
sterkaste av Embættsverket frigjort fraa
Storthingets Magt, og vart som eit Slags
Statholdarskap her for Kongen af Sve-
rige. Det vilde vera reint hovudstort
(kapitalt) dette, og veit ikkje vaar Em-
bættsstand dette før, so kann eg her
segja den det no. Men dette ”Princip,”
som her er utviklad, maa hava sagt det
til dei meir Umtenkte, og Aschehoug
var eit naturlegt Uttryk for Standstan-
ken i det og, daa han sette dette fram-
lagde Forslag i Stil og gjekk so lett
over til Grev Sparres Tanke, at der
burde gjerast nokot nytt og ikkje bøtast
paa den gamle Riksakt, som var ”ube-
hagelig” for den svenske Følelse; og at
der heller ikkje som ein tredie Slags
Utveg burde leggjas til Grunn Arbeidet
av den eldre Unionskomite. Daa dette
var gjenget inn paa av dei norske Ut-
valde, so vart Harbitz sjuk. Men det
er ikkje um denne lange Sak her no
er Tale.

Naar det gjeng deg sjølv godt, so

trur du so lett, at det gjeng dei Andre
likeins. Naar me sitja mette og utyrste
kring det rike Bord, so sjaa me Livet
i Rosenskyer teikna seg mot Himelsyni.
Lider du. derimot sjølv vondt, so er
alting: svart. Dette er den veike Man-
natanken. Dette Modløyse med vor
Rikstilstand, som mundtleg og skriftleg
er komet for Dagen i desse siste Aar.
netupp fraa desse ”Princip”-Menn, det
kann vera, og eg trur I manet det er
eit Uttrykk for den veiknad Embætts-
stand, som ser seg om etter Hjelp. Det
heiter vel, at dette kjem av den rett-
lause Tilstand i Europa; men dei maatte
daa vera so kloke og vita, at det meir
maatte veikna enn styrkna Samriket,
at desse tvo Folk blandad seg meir ihop,
idet Rivning paa mange Maatar maatte
fylgja med dette. Nei, eg gjer desse
Folk so framtenkte, at det var der, som
her er sagt, Skoen klembde.

* Dette fell og saman med den heile
Næringstanken, som ligg i dette *Prin-
eip.” ”Gjeiti er eit næringsdrivande
Dyr,” vert det sagt, og dette Prinep
er netupp Føda. ”Gud velsigne den,”
vert og sagt, og desse Folk ero netupp
og kjende som store Framstigsmenn i
Matvegen. Men daa dei i dette sit nyt-
tige Stræv synes at tru væl litet paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free