- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
122

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122

per)

Fedraheimen.

6te August 1881.

fyr di de var so snild, men dei klember
meg slett ikkje. Eg trur ellest, at De
synest, at dei ikkje vilde klemba Dykk.
De hev fælt so smaa Føter. Hev De
Hug paa aa prøva dei?”

”Nei,” sagde Tjoven og let seg
ikkje klomsa, ”men vil De gjera so
væl, so skal eg gjerne prøva dei, naar
me kjem til Dover.” Å

”Skal eg segja, som sannt er,”
svarad Israel, ”so er det nok betre
De ikkje prøvar dei. Eg erikkje nett
som Folk flest, so gjeng Ordet, kor
som er; og eg kann ikkje lika, at Styv-
larne mine kjem burt.+

Annat hende ikkje med Israel paa
denne Ferdi, og Dagen etter han var
komen til England, kakkad han paa
Døri til Herremannen Woodcock: Her-
remannen ynskte han til Lukka med
at det hadde gjenget so godt med
han, og sagde, at det var ymse faar-
lege Teikn i Grannelaget der, so det
var best Israel gjøymde seg tvo tri
Dagar i Huset der, til han kunne faa
ferdig eit Svar til Paris.

«Kona mi hev fenget mange Gjester,
som reikar um fraa det eine Romet
til det andre; eg lyt difyr gjøyma
Dykk godt, so det ikkje skal henda
eitkvart.* Herremannen tok paa ei
Fjødr, som var utmed Kaminen. Ei
av Kaminplaturne gav etter, liksom ei
Marmorgrav, som opnar seg. *Nøyt
Dykk, gakk inn,* sagde Herremannen
til Israel.

«Skal eg sopa Kaminen daa,’
sagde Israel; *det forstend eg meg
ikkje paa.*

«Her er Gjøymsla Dykkar, kom no.*

«Men kor ber detta av? Eg likar
ikkje denne Inngangen.*

«Fylg etter meg, eg skal gaa i
Fyrevegen.*

Herremannen gjekk ned ei smal
Steintropp, som knapt var tvo Fot
breid, og gjekk ned i eit litet Rom,
som var uthogget i dei digre Murarne
og fekk Luft og Ljos gjenom tvo smaa
Rivur, som dei ikkje kunne sjaa paa
Utsida, for der hadde dei sett ein stor
Stein, med tvo uthoggne, gapande
Løyehovud yver Rivurne. I ein Krok
i Romet var det ein Kvitel, og paa
Golvet stod det ei Krukka med Vatn
og ei stor Flaska Vin og eit Trefat
med Braud og kaldt Uksekjøt.

«Skal eg daa verta livande jordad,*
spurde Israel, og saag seg umkring.

«Uppstandingi skal fylgja strakst
etter Dauden, seinast um tri Dagar,*
sagde Herremannen.

«Endaa eg paa ein Maate var
Fange i Paris, hadde eg det daa betre
enn her.*

«Men daa var De i Frankrike, som
held med Amerika, men no er De i
England. Skulde nokon finna Dykk
her, kjem det ei Ulukka yver meg.*

«So lyt eg vel finna meg 1 aa vera
der, som De vil. Men eg skulde lika
aa faa ned nokre Blomar og ein Spe-
gel liksom i Paris; det vil kveikja
meg, og so vert det ikkje so stuslegt,
og So fær eg daa sjaa meg sjølv.*

«Godt, ver her, eg skal koma att
um tie Minuttar.*

Men fyrr tie Minuttar var gjengne
kom Herremannen att, reint andslop-
pen, med mange Blomar og ein liten

Spegel. *Her hev De det, som De
vil,* sagde han. *Ver no reint still,
og gjer ikkje nokot Braak og stig
ikkje upp Troppi paa nokon Maaie,
fyr eg kjem att.*

Men naar kjem De att daa?*

«Eg skal freista, um eg kann koma
hit tvo Gonger um Dagen, medan De
er her. Men ein kann ikkje vita, kvat
som henda kann. Soframt eg ikkje
kjem, fyrr eg tek Dykk ut herfraa,
anten det no vert um tvo elder tri
Dagar, so skal De ikkje verta forund-
rad, Venen min. De hev Mat nok so
lenge. Farvel.* (Meir.)

Militært Maalstræv.

Paa Eksermoen paa Madla ved
Stavanger hende det ei underleg Soga
no i Sumar.

Ein Mann, som hev voret Underoffi-
ser, hadde skrivet ein Søknad til Thin-
get, og der hadde han brukt sitt eiget,
ærlege norske Maal. So ein Dag kjem
Kapteinen fram for Fronten og las upp
eit Brev fraa høge Vedkomande, og
Brevet lydde so:

”Foranlediget ved, at en afskediget
Underofficer ved Nedenes Bataljon gjen-
nem Brigaden bar indsendt Andragende
til Storthinget om Pension og affattet
dette paa Landsmaalet, skal Brigaden
ikke undlade at gjøre opmærksom paa,
at det for dette Tilfældes Vedkommende
kan passere, men at den for Fremtiden
fordrer saavel saadanne Andragender som
al anden Korrespondance affattet i det
Skriftsprog, som de har lært ved Under-
befalsskolen. Dette bedes taget tilfølge.”

Ja, soleids lydde Brevet.

— Det er svært so frie me er i
dette Landet, Godtfolk!

”Vi vil ikke have Maalstræv i Pro-
tokollerne,” segjer dei høge Herrarne,
og difor so skal me Bønderne ikkje
faa bruka Morsmaalet vaart dessmeir.
Me skal vers’god aa skriva som Høg-
herrarne skriv, anten me no vil elder
ikkje, anten me so kann elder ikkje;
for Høgherrarne vil ikkje hava Maal-
stræv i Protokollarne sine. —

Det er berre deira Maal, som er
”Maal;” vaart er berre ”Maalstræv.”
Og mot ”Maalstrævet” vil naturlegvis
dei høge Herrarne hava ”Veto.”

Ikkje eingong vaar eigi Tunga,
ikkje Ordi i vaar eigen Munn skal
me hava Rett til aa raa for sjølve!
Offiserarne vaare veit kanskje ikkje
rettare enn at dei er — preussiske
Offiserar i Sønderjylland. —

Ja som sagt: det er svært so frie
som me er i dette Landet!

Fin sann Arbeidsmann.

For fleire Aar sidan skulde eg
avleggja Piden til ”Konstitusjonen.”
Det var just komen ein ny Fullmegtig
til Skrivaren vaar, og denne grøne
Kandidaten hadde nok sveittat so
mykje Latin inne paa Karl-Johans-
Gata, at han hadde gløymt baade
kven han var og kor han var ifraa, —
for Fyren var Son av ein jamn, beint-
fram Bondemann ikkje langt ifraa
Heimegrendi mi. Væl so var, — me
steig fram for Bordet aalvorsame og
tenksame, — det var so umpass eit

halvt Tjug av oss, —og Fullmegtigen
tok daa til aa lesa upp Eiden.

Men den vart lang, den!

For daa Fyren var ferdig med det,
som stend i Logboki, so tok han til
aa fortolka Eiden for oss, maatru.
Og so forklarad han, at den, som ret-
teleg vilde halda denne Eiden, han
maatte vera lydig mot Konge, Regje-
ring og Embættsmenn og so sky alle
sokallade liberale Tankar. — Ja, han
sagde so!

Dei andre saag paa meg, og eg
saag paa honom. Hadde eg ikkje
stadet der meg dei tri Fingrarne i
Veiret, so er eg mest rædd eg hadde
trivet Fyren i Nakken og spurt, um
han visste kor han var og kva han
hadde aa gjera! Var det her Tid og
Stad til aa staa aa preika Politikk?
Og hadde han nokot med aa liksom
vilja eidfesta oss til ei viss politisk
Meining?

— Sidan saag eg han att berre
ein Gong. Det var i ein By, og det
var no i Aar den 17de Mai. Han laut
daa upp i ”Klubben” um Kvelden;
der han visste han kunde raaka Jamn-
likarar. Men so var der nok andre
og med der, og daa dei visste, kva
To Guten var av, so gjorde dei han
um fraa ”fullmegtig” til ”megtig full.”
Og so fekk dei ban upp til aa halda
Talar til Forsvar for — det absolute
Veto.

Det absolute Veto paa 17de Mai?
Ja so men! Kvar hev no sin Maate
aa høgtida Fridomsdagen paa, — og
dette her var ein av dei ”sanne.”

Det er sagt, at Full-megtigen badde
vondt for aa koma heim den Kvelden.
Det var nok Toddyen, som sagde ”Veto”
til Føterne, hev eg spurt. Som væl
var, so var nok ikkje dette Vetoet
absolut, men suspensivt var det, det
veit eg! gen

Lærarmøte.

Buskeruds Lærarforening heldt i Aar
Møtet sitt i Krødsherad paa ei fager
Øy ute i Krøderen. Det var ikkje
samla so mange, som ventande var, vist-
nok iser taa di, at Møtet var altfor
daarlegt tillyst; — Lysing var innsendt
til ”Fædrel.” og some andre taa sama
Lagji, som vonleg hev endaa faaare Le-
sarar blandt Lærararne enn det. Vedret
var den fyrste Dagen um Morgonen
ruskutt; men sidan vart det reint fint.

Til Ordstyrar valdest Kapellanen
der, Magelsen, til Varaordstyrar Kyr-
kjesongar H. A. Berg fraa Gol.
Sama Utfall hadde Valet andre Dagen.

Det fyrste Samtaleemne:

”Er det ikke en Lærers Pligt
at virke for, at saavel Børnene
udenfor Skolen som Andre i hans
Kreds erholder sund og lærerig
Lesning, og isaafald, hvorledes
naaes dette paa bedste Maade?”

Innleiddest av Kyrkjesongar Berg.
Han heldt fram, at me altid, dessmeir
i vaar Fritid, maa vera i Verksemd;
difor hev Ingjen korkje Rett elder Raad
til aa sløse burt Tidi si. Der var
ogsaa stor Faare ved det. Me maatte
bruka Fritidi vaar belst til Lesnad,
Lesnad taa gode Ting, for dersom me
forsømde den, so sokk me ned i Mat-
stræv og vart Peningtrælar. Iser var
det naudsynlegt for Borni, dei, som
skulde fostrast til gode Kristne og gode
Borgarar, aa faa Lesnad og det god.
No fannst det nok ikkje so faae Bok-

samlingar og Bøkar utover Landsbygdi;
men dei høyde ikkje for Born; for dei
maatte hava annan Lesnad enn dei
Vaksne. Landsborni hadde no for Tidi
ikkje stort annan Lesnad enn sine Lære-
bøkar. Læraren og kvar ein Uppdra-
gar hadde difor Plikt til aa skaffa
Borni god Lesnad. — Dette vilde sikrast
og best skje, naar Fin fekk istand
Skuleboksamlingar, ei fyr kvart
Prestegjeld. Derifraa sendest mindre
Slumpar til kvar einskild Lærar til
Utlaan i Krinsen og seinare Umbyte.
Desse Samlingarne maatte innehalda
berre gode Barneskrifti.

Dei Peningarne, som trengdest, maatte
ein vona vilde koma inn ved Bevilling
taa Stortingji — so som mno til desse
Almuboksamlingar dei kallar —, taa
Heradsstyri, Sparebankarne, Gaavur taa
Private, aalmenne Samanskot, ”Aften-
underholdningar m. fi.

Heile Forsamlingi samdest tilslutt
um den fyreslegne Resolusjonen paa
Lag slik: ”Forsamlingen udtaler
Nødyendigheden af Oprettelse af
Skolebogsamlinger og Udbredelse
af Børneblade.”

Det andre Emne: ”Undervisning
i Modersmaal” — innleiddest av Kyr-
kjesongar Skatvedt fraa Krøds-
herad. Han heldt fram kor vigtig
Modersmaalsundervisningi var og paapei-
kad koss ein burde gaa fram for aa
faa Tid til dei Fagji, som ingi ser-
skilde Timar hadde paa Timeplanen for
Landsskulen.

Der vart eit heiltupp kvasst Ordskifte
um, kva som er ”Modersmaalet.” Ordsty-
raren meinte vistnok, at alt det, Bar-
net lærde taa Moderi, var elder vart paa
dess ”Modersmaal,” for han spurde Vara-
ordstyraren, um han ikkje trudde, at
”Fadervoret” elder Katekjisma, som Bar-
net hadde lært taa Moderi, var paa dets
Modersmaal. Nei, meinte den utspurde,
for paa den Visi kunne eit Barn faa alder-
somange Maal, naar berre Moderi lærde
det ei Ramse paa kvart. Det vart der-
etter vedtekjet, at Samtaleemne skulde
lyda, ikkje ”Undervisning i Moders-
maal” men ”Undervisning i Skrift-
sprog.”

Trea Emne var: ”Lærerens For-
hold til Autoriteterne.” Ordstyra-
ren innleidde det med nokre Ord. Kyr-
kjesongar Berg fyrespurde, um. ikkje
dei Ordi i Skuleloyen: — ”Eksamen hol-
des i Overvær af Sognepresten,” maatte
forklarast slik, at det skal vera Læraren
som eksaminerar, og Presten skal berre
høyra paa. Han fann at dette var det
naturlege. Læraren maatte hava Rett
til aa krevja det, og Borni likeso. For
skulde Presten eksaminera, han, som
Borni kjende so litet til baade i ein og
annan Maate, vilde dei lett vera rædde
og ikkje kunna gjera so god Greida fyr
seg, som dei kunde hava gjort, um dei
vart eksaminerade taa Lærarar, som dei
kjende og kjendest taa. Naar so Fks-
amen fekk eit daarlegt Utfall tan denne
Grunnen, vilde baade Læraren og Borni
lida Urett. Naar Presten gav Uppgaa-
vurne paa standande Fot, maatte han vera
sikrad imot, at ein Lærar kunde hava
eit elder annat Fag som ”Kjepphest” og
paa Eksamen rida den. — Han fortalde
um ein Prest, som trass i det Skuleloven
segjer og trass i det, at Læraren bad
um at faa eksaminera alt aaleine, ikkje
leet han faa det, men tog det vigtug-
aste og meste sjølv, og som hadde
halde Eksamen mest midt i Skuletidi,
endaa det stend i Skuleloven, at den
skal haldast ”saavidt muligt henimod
Undervisningstidens Slutning;” han
hadde og tillyst Eksamen med saa stutt
Varsel, at Borni ikkje fekk vita um
det fyrr seint um Kvelden fyre Eksa-
mensdagen. Slikt gjorde Forholdet Prest
og Lærar imillom ikkje so godt, som
det burde vera, og det verkad tilbakers
paa Skulen, til Skade for den. Difor
var det bra aa umtala det, som ikkje
var som det skulde; for daa kunne det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free