- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
134

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154

Fedraheimen.

27de August 1881.

”Eg tek Mannen med det raude
Haaret.” sagde Offiseren, og peikad
paa Israel.

Dei 9 Kameratarne hans Israel
vart rasande, og fyrr han fekk Tider
til aa reisa seg upp, var det ein av
Matrosarne, som spente til han.

Israel kom umbord paa Kutteren,
og ei Stund etter var Herskipet ut
or Syni. Offiserarne paa Kutteren
var ikkje vidare godlidande aa kalla
fyr. Den eine spente etter Israel rett’
som det var, og den andre gav han
Øyredaskar so mange, som han hadde
godt av, og den tridje hadde det ann-
samt med aa bruka Nevarne sine paa
han. Israel var ikkje i Godlaget sitt
han helder, som ventelegt var, all den
Motgangen, som han hadde havt, og
sistpaa vart det Slutt paa Tolmodet
hans. Daa han saag, at han berre
hadde tri Mann fyr seg, Kapteinen og
tvo Olfiserar, so slo han til Kapteinen,
so han kantad, og lagad seg til aa
slaa den eine av Offiserarne i Dekket,
men i det same reis Kapteinen uppatt
og tok Israel i det lange, raude Haa-
ret hans og svor paa, at han skulde
drepa han. Dessimillom flaug Kutteren
fyr fulle Segl burtetter Baarurne, lik-
som han gledde seg fyr di det var
slikt Staak paa Dekket. Men i same
Stundi, som det var paa det verste
med Staaket, synte det seg med ein
Gong eit Skip langt burte, og dei
høyrde ei veldig Røyst, som ropad:
”Legg bi og send ein Baat umbord.”

”Det er eit Herskip,” sagde Kap-
teinen rædd, ”men det er ikkje nokon
Landsmann.”

”Send ein Baat umbord, elder eg
skyt dykk i Kav,” ropad Framand-
karen att, og ei Kanonkule, som kløyvde
Bylgjurne ikkje langt fraa Kutteren,
fylgde med Ordi hans.

”Fyr Guds Skuld, ikkje skjot. Eg
hev ikkje Folk nok til aa senda ut
ein Baat,? svarad den engelske Kap-
teinen. ”Kven er de?” ”Vent, til eg
fær sendt dykk ein Baat, so skal de
faa Svar,” sagde Framandkaren.

”Det er visst ein Fiende,” sagde
Kapteinen, ”me hev ikkje beint fram

Utred endaa med Frankrike, so det
lyt vera ein Sjørøvar. Enn um me
sette alle Segli til og freistad paå aa
sleppa undan?” sagde han til Offise-
rarne sine, og dei hadde same Mei-
ningi som han. Men Israel stod reint
still og ledad ikkje paa seg, han var
reint undarleg i Hugen. Han totte
han skulde bera Kjensel paa det Maa-
let, han hadde høyrt fraa det fiendt-
lege Skipet. Det kom nærmare og
nærmare, og Kanonurne sende Ku-
lurne sine nærmare og nærmare etter
Kutteren. Men endaa var det Von
um, at Kutteren kunne smetta undan.
Israel hadde ikkje rikkad seg av Flek-
ken, alt det Offiserarne snakkad til
han, men med ein Gong sette han beint
mot Kapteinen og stellte seg framfyr
han og ropad:

”Sjaa retteleg paa meg; eg er ein
Yankee, ein Uprørar, ein Fiende.”

”Hjelp, Hjelp,” skreik Kapteinen,
”ein Landssvikar imillom oss, ein
Landssvikar 1?

Han hadde knapt fenget fram desse
Ordi, fyr Dauden staggad Munnen
paa den stakars Kapteinen. Israel
hadde teket seg paa Tak og heiv han
yverbord i ein einaste Rykk. Ein av
Offiserarne sette in paa Israel, og hin
sprang til Styret, so dei ikkje skulde
sigla Kutteren yver Hovudet paa seg.
Offiseren gleid og stupte utmed Jarn-
kanten paa ei av Lukurne. Israel
knustrad Hovudet hans mot Jarnkan-
ten, og so flaug han burt imot Offi-
seren, som stod ved Styret, og som
ikkje hadde set, korleids det hadde
gjenget i den siste Slaastingi. Israel
var reint rasande og tok han um Li-
vet og klembde han ihop, so han heldt
paa og strupte han, og slengde han
imot Skanse-Klædningi. I same Stundi
høyrde dei Maalet att fraa det fiendt-
lege Skipet. ”Eg hev god Hug paa
aa søkkja dykk ned fyr Narringi dyk-
kar. Tak ned den Flag-Filla, høy-
rer de?”

Nokre Minuttar etter kom ein Baat
paa Sida av Skipet. Ein Offiser kom
upp paa Dekket til Kutteren og fekk
sjaa Liket til den eine Offiseren, og

samstundes høyrde han det ruklad i
Halsen paa den andre, som drogst
med Dauden. ”Kva skal detta segja?”
spurde han Israel.

”Det skal segja, at eg er ein Yan-
kee, som dei hev tvingat til Kongens
Tenest og som no hev hemnt seg fyr
di dei hev faret ille med han, og hev
teket Kutteren.” Den Framande saag
forbinad paa den døyande Offiseren
og sagde: ”Denne Mannen er mest
klaar; men me skal likevæl hava han
med oss til Kaptein Paul som eitslags
Vitne.”

”Kaptein Paul Jones,” ropad Israel.

”Ja, nett han.”

”Eg totte nok eg kjende att Maa-
let hans. Det var Maalet hans, som
gav meg Mod og Magt til aa gjera
det, som eg hev gjort.”

”Ja, Kaptein Paul forstend seg godt
paa aa gjera ein Mann til ein Tiger.”

Dei hadde den døyande Offiseren
med seg, men fyrr dei kom til Her-
skipet, hadde Offiseren alt andast av.
Uppe paa Dekket stod der ein liten
Mann, som saag ut liksom ein Sjø-
røvar, og hadde ei Skothuva med Gull-
snorer paa Hovudet.

”No, du Skalken, kvifyr hev den
skarve Baaten din gjort meg so
mykje Bry? Kor er Resten av Mann-
skapet?”

«Kaptein Paul, sagde Israel, *kjen-
ner de meg att? Eg trur eg baud
dykk Sengi mi i Paris fyr nokre Maa-
nar sidan. Korleids liver Fatig Ri-
chard?* (Doktor Franklin.)

Aa, de er den Yankee’en, som for
med Brev? Korleids gjeng det til, at
de no er umbord paa ein engelsk
Kutter ?*:

«Pressad til Tenesta, Hr. Kaptein.*

(Meir.)

Fraa Graatenmoen.

I aar hev alt gjenge stillt og ro-
leg paa Graatenmoen. Det visar seg
det, skreiv Skiensbladet *Correspon-
denten*, at Telegutarne er eit rolegt
Folk, og at den vonde Aand, som var
der ifjor, var innkomen utafraa. Men

eg skal segja *Correspondenten* noko,
som han visst veit likso væl som eg,
at Grunnen til, at det hev vore fred-
samt der iaar, er ikkje det, at Folket
er annleis iaar enn ifjor, men det er
det, at det er komen ein betre Aand
millom Offiserarne; og Telegutarne
brukar ikkje eggje seg upp for ingen
Ting. Sume Stader er det ikkje til
aa kjenne att iaar mot ifjor, so stor
Forskjel er det; Løytnant Aas, som
det var denne Ugreia med ifjor, hev
ikkje vore her iaar, og hellest er det
berre fem av dei Offiserarne, som var
her ifjor. Det er godt aa sjaa, at
me verkeleg er komne so langt, at
Folkedomen au tek til verka paa dei,
so dei au ansar etter vanleg Folke-
skikk, og dei slepp aa ganga som Narr
og Utskott i Folkemeiningi. Eg vil
iallfall tru, at det militære Hardstyre
og Raaskapen hev gjort ifraa seg her
i Landet, og eg vonar, at den Tid skal
koma, daa Landet ikkje tarv ottast
aa sjaa sine unge Søner anten bli
nedtrælka hell burtskjemde paa Eksis-
turen, berre Ein ikkje er for vønen
(*fordringsfull*) og vil vente for mykje
med det same. For me fær hugsa
paa det, at Herstellet er ein Ting,
som ikkje ein Mann kann umvenda,
men det er grunna paa eit serskilt
Samfundssyn, som hev vokset av si
eigi Rot og utvikla seg for seg sjølv
igjenom Aarhundra, uta at det hev
fenget den Aagang, det kunde trengje,
fraa andre Livsgreiner, hell vokset i
Lag med Utviklingi og Tankarne i
Tidi. Difor hev Herlivet sin serskilde
Moral, si serskilde Gudsdyrking, sin
serskilde Folkeskikk, sine serskilde
Begrep um Lov og Rett, so at naar
Ein kjem inn i det militære er det,
som um Fin kom til eit anna Land,
ja det kann jamvæl henda isume Til-
felle, at det fell plent imot det, som
gjeld hellest i Livet.

Eg hev set, Folk segjer, at det
skal styrkja Moralen aa koma ivn i
Herlivet. Dette kann eg ikkje skyna:;
etter det eg hev set, maa eg segja,
at eg hev ikkje set slikt Liv som paa
Eksismoen anten med Banning hell.

Ei amerikansk Preike.

(Av Dr. Murphy; umsett fraa Engelsk.)

(Framhald.)

II. Hellenarne var det andre
Folkeslaget, som i Guds Styring var
med og budde Veg for Heimsens Konge.
Dette gjorde dei gjenom Filosofien sin,
som hjaa dei so væl som hjaa andre er
Mannatankens Stræv med aa utskilja,
samla og byggja ihop i System dei flo-
kutte og uklaare Tanke-Emni og finna
Sanning og Vissa gjenom Tjenkjing.

Alt um Mannen no er fallen, so hev
han daa Leivningar att av sin fyrste
Natur. Der er Ting som, utan Open-
berring, fører honom til aa søkja etter
Gud. Desse Ting viser, som St. Paulus
segjer, Verkningarne av den Loven,
som er skriven i Hjartat og er ”Hugens
Lov, som stend imot Loven i Lemerne.”

All Fyrebuing for Kristus ber i
Verdi, anten ho gjeng for seg gjenom
Openberring som hjaa Jødarne elder
umyegjes som hjaa Hellenarer og Ro-
marar, viser, at der maa vera ein slik
Natur i Mannen som den me her talar
um. Med Openberring fylgjer, at der
maa vera ein Dugleik til aa taka imot

Openberringi, ein aandeleg Samklang

millom henne og Sjæli. Ei Openberring
fraa ein usynleg, ukjend Gud kunde
ikkje hava nokon Innverknad paa oss
utan Natur-Skyldskap med henne, utan
Dug til aa taka imot henne. Hr Reli-
gionen det høgste Maalet for Menn, so
maa Manna-Naturen vaar vera slik lagad,
at han kan mottaka Religionen, og det
er hans største Trong.

Å. I Hellas kom Manna-Aanden
til Vitring um si Magtløysa til utan
Openberring aa fullnøgja det religiøse
Krav gjenom tri store Udviklingsbolkar:
i Uppfattningi av det guddomelege, i
Moralen, og i den religiøse Kjensla.

l. Uppfatningi av det guddomelege
var fraa fyrsto aust av reinare Guds-
tankar. Gudstanken vert reinare, di
nærare Hin kjem upp til dei fyrste Ti-
der og Heimar. So lærer Paulus; han
segjer: ”Um dei kjende Gud, herleg-
gjorde dei han ikkje som Gud, ikkje
helder var dei taksame, men vart faa-
fengjelege i sine Innbillningar, og deira
uvise Hjarto vart formyrkte. Daa dei
sagde seg aa vera vise, vart dei Daarar
og forvende den uforkrenkelege Guds
Heilagdom til Bilæte av forkrenkelege
Menn og av Fuglar og firføtte Dyr og
Ormar.”

a. Hjaa Helenarne finn me det

fyrste Stig av Gudsuppfatning i den
Homeriske Alderen med dens barnslege
og enkle Gudstankar. Folk saag Gud
i Luft og Skyer og høyrde hans Mæle
i Viudarne. Dei same Namni, som dei
hadde paa Himmelen, Rømdi, Natur-
mapgterne, gav dei til Gudarne. Menn
vart til Gudar og Gudarne vart like
Menn og slogst for elder imot dei kring
Ilion. Men alle desse Homeriske Gude-
skildringarne og alle Framsyningarne av
Gudarne i Kunst og Diktning, i Marmor
og Gull og Elfenbein, kvilte paa ein halv-
guddomeleg Grunn; for Zevs var til
Slutt den høgste og Faer aat Gudar
og Menn.

b. So kom det ei Tid av vak-
nande Tenkjing. Folk tok til aa spyrja
etter um ei ”fyrste Orsak” og um Upp-
havet aat alle Ting. Fin trudde, at
Vatnet var det fyrste, ein annan trudde,
at det var Lufti; ein meinte Elden, ein
annan ”Formi” (uttrykt i Tal), eindaa
ein annan meinte, at Upphavet var eit
”migma” elder ei vill Elementblanding.
Etter Hundradaars Spyrjing, Tviling,
Tru, Sannproving og Fornegting (som
syner, at Verdi gjenom sin eigen Vis-
dom ikkje kjenner Gud), sokk Folk ned
i ein sur, frynande Skeptisisme elder
Mistru til all Sanning. Dette er den

filosofiske Tidi, som byrjar med Thales,
Naturfilosoffen, og sluttaræned Sofistarne.

c. Tilsist kom den Sokratiske Vis-
doms Tid. Folk. vende Synet inn etter
mot seg sjølve og undersøkte Samvits-
Livet meir enn den ytre Heimen. ”Kjenn
deg sjølv” var Grunnsetningen i denne
Filosofien. — Plato, Lærlingen aat So-
krates og Stiftaren av denne Visdoms-
skulen, arbeidde seg upp fraa absolute
(sjølvgyldige) Idear til ein absolut Aand,
fraa absolute Sanningar til ein absolut
Tanke, fraa ubøygjeleg Rett til ei full-
komi Rettvisa, fraa absolut Godleik til
eit fullkomen godt Væsen, d. e. til Gud.
Platos Gud er ”den Høgste”, ”Ulekam-
lege”, ”Ubrigdelege”, ”Endelause”, ”Full-
komne”, ”Uskapte”, ”Evige” Han er
Skaparen, Upphavet, Midten og Enden
paa alt. Dette var ein umaateleg Fram-
gang, men Kravet var endaa ikkje fyllt.

2. Til denne Framgang i Guds-
uppfatning maa leggjast ein liknande
Framgang i det moralske. Det er sagt,
at fyre Sokrates var der ingen Moral i
Hellas, berre ei naturleg. Rettferd og
ein naturleg god Folkeskikk i Samliv
og Aatferd. Sokrates er Faer aat den
moralske Filosofien i Grekenland. Xeno-
fon sagde um honom: han heldt aldri
upp med aa spyrja: Kva er Rett? Kva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free