- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
137

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedra

Pris fyr å re Kr. 1.10
med Porto og

alt. Betaling fyreaat.

———>>=> mod o>>————

Kit Blad aat det norske ka

52

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 35. |

Kristiania den 3die September 18841.

5. Aarg,

4 seg med ein av

Israel Potter.
(Utdrag etter Israel Potter, his fifty
years of exile.)

(Fraa No. 34.)

Fraa denne Dagen vart Israel ein
av dei trufaste Hjelpesmennerne fyr
Kaptein Paul. Dei kryssad umkring
paa alle dei engelse Havi, siglde um
i alle Hamnerne i Skotland og Irland,
herjad, brende, kom uventande her og
kvar og tok dei engelske Skipi. Det
var Israel, som i Nattemyrkret gjekk
i Land og fann den Gneisten, som
han kveikte Eld paa alle dei Skipi
med, som laag i Whitehaven. Men
av alle Ferderne deira var det den
underlegaste Ferdi lell, daa dei siglde
inn paa Eigendomen hans Grev Sel-
kirk, Raadgjevar og trufast Ven aat
Georg den Tridje. Paul Jones var
meint paa aa føra Greiven med seg
og yvergjeva han til Amerikanarne
som et Slags Gisel. Paul Jones var
fælt hug fallen, fyr di han laut nøgja
dei store Herrarne i
Riket; han tilstod. fyr Israel, at han
vilde mykje helder taka med seg Kon-|*
gen sjølv som Gisel fyr Fridomen aat
Åmerikanarne; det hadde rivet mykje
meir 1 Halsen, og det hadde det voret
større Gagn i.

”Ranger,” Skipet hans Paul Jones,
gjekk inn under Skotlands-Landet ved
ei Øy, som heiter Saint Mary, som
Greiv Selkirk aatte. Paul gjekk i
Land med Israel og tvo av Offise-
rarne sine og upp til Grevens Hus.
Det var saa stillt og audlegt alle Sta-
der der, so det varslad ikkje nokot
godt. Paul let Mennerne sine stana
eit Stykke ifraa og hadde berre Israel
med seg, og gjekk burt til Slottet og
kakkad paa Døri, og ein Tenar let upp,

”Er Greven heime?”

”Nei, mine Herrar, han er i Edin-
burgh.”

”Aa nei daa! enn Grevinna?”

”Ho er her, min Herre. Kven skal
eg melda?

”Ein Herre, som gjerne vil helsa
paa ho. Her er eit Visitkort.”

Israel ventad i Forstova, og
naren førde Paul inn i eit Rom, som
var tett ved. Grevinna tedde seg
snart fyr Kapteinen. ”Yndefulde Da-
me,” sagde Paul Jones, som var fælt
galant, ”eg ynskjer dykk Goddag.”

”Kven hev eg den Æra aa tala
med, min Herre?” spurde Dama strengt;
ho vart rædd, maa vita, og drog seg

attende fyr dei dristuge Smeik-Ordi
hans.

”Frue, eg hev sendt dykk Visit-

Te-

kortet min er

Å AE

AA

”Som eg vart like klok av,” sagde
Grevinna kaldt.

» Vil de senda Bod til Whitehaven,
kann de faa greinlege upplysningar
um den Mannen, som no hev den
Æra aa tala med dykk.*

Dama forstod ikkje Meiningi med
desse Ordi og vart litet skræmd ved
den vyrdlause Aatferdi aat Kapteinen,
og ho svarad, at um Herren var ko-
men til aa titta innum paa Øyi, kunne
han faa Lov til det. Ho drog seg
attende og baud seg til aa senda ein
Førar. — ”Grevinne Selkirk,” sagde
Paul, og gjekk eit Fet nærmare, ”eg
maa endeleg tala med Greven um
nokot, som er reint naudturvelegt.”

”Greven er i Edinburgh”, svarad
Grevinna og drog seg nokre Fet
attende.

”Vil de gjeva meg Ordet dj
som Ådelsdame paa, at de talar sant?”
spurde Jones. Grevinna saag paa
han, baade harm og forbinad paa ein
Gong. ”Ver ikkje vond, Frue, eg vilde
ikkje tvila paa, at de segjer sant ein
Minut; men eg tenkte, at de kunne
hava ein Mistanke um Grunnen til at
eg er her, og i so Fall hadde det vo-
ret berre rimelegt, um de hadde frei-
stat paa aa gjøyma burt Greven fyr
meg.”

Eg forstend slett ikkje, kva de
meiner”, sagde Grevinna, som var
reint forfælt og drog seg attende til
Døri, men ho bar seg endaa like stor-
mannsleg, so rædd ho var.

«Frue,* sagde Paul med ei Handferd,
liksom han bad, og leikad seg med
Huva, og han saag sturen og sorgfull
ut 1 det brune Andletet sitt; *det er
hardt fyr ein Mann, som driv paa med
Vaapen-Handverket, at han stundom-
til er nøydd til aa gjera nokot, som
Hjartat hans fordømer. So tungt er
det no lagat fyr meg. De segjer, at
Greven ikkje er her. Eg trur dykk
paa Ordet. Det kunne aldri falla meg
inn aa tru, at Ord, som kjem fraa so
yndefulle Lippur, var Lygn.*

Grevinna saag paa han. Ho visste
ikkje, kva ho skulde tenkja; men ho
trøyste seg snart, daa ho saag, at
Paul ikkje gjorde nokot wuhøvelegt,
endaa han kom med svære Smeik-
Ord. Paul heldt paa: "Daa Greven
ikkje er her, og det berre var han
me vilde lyda inn til, so hev ikkje de,
Frue, nokot til aa ottast fyr, naar de
høyrer, at eg hev den Æra aa vera
Offiser paa den amerikanske Floten,
og at eg hev landat her paa denne
Øyi til aa føra burt Grev Selkirk som
Fange og Gisel. Eg er ikkje leid fyr

ETE

di eg hev vortet narrad, for paa denne
Maaten hev eg kunnat vera so mykje
lenger i Lag med slik hæv Dame, som
de er, og no skal eg ikkje uroa dykk
meir.

«Segjer de sant?* spurde Grev-
inna, reint ifraa seg, so forfælt var ho.

«Frue, vil de titta ut gjenom Glaset,
so vil de øygja det amerikanske Her-
skipet *Ranger*, som eg hev den Æra
aa føra. Meld Greven, at eg hev
mykje Vyrdnad fyr han og at eg av
all min Hug er leid fyr eg ikkje hev
raakat han heime. Vil de tillata meg
aa beda væl liva og draga imeg attende."

Kapteinen bukkad og gjekk og raa-
kad Israel, som ventad utanfyr. "Lat
oss fara herfraa, kjære Løva mi," sagde
han, *her er ingenting aa gjera. Den
gamle Hanen er burte, men det er ei
fin Høne etter her i Reidret; men me
lyt snu att tomreipes.*

«So Hr. Selkirk *) ikkje er heime?*
spurde Israel.

«Hr. Selkirk? Det er vel Matrosen
Alexander Selkirk de meiner. Nei,
han er ikkje paa Øyi St. Mary; han
er langt herfraa paa Øyi Juan Fer-
nandez, og liver der som ein Einbue.
Lat os gaa.

Paul og Israel fann dei tvo Offi-
serarne, som hadde vortet etter, ute
ved Døri. Paul sagde, at det var
ikkje/annat fyre enn aa skunda seg av.

«Og ingenting fyr Umaken?* mur-
rad dei tvo Offiserarne.

«Kva er det de vil, maa eg spyrja?*

*Aa, berre lidet Grand Herjing,
nokot Sylvty.*

«Det er skamlegt, eg trudde de
Fagnafolk.*

*Dei engelske Offiserarne i Amerika
er og Fagnafolk, men endaa tek dei
Sylvtyet til Fienden fyrst dei kan faa
Kloi i det.

«Nei, nei, ikkje nokot Skjemdaverk.
Det er ikke tvo av tjuge, som er slike
som dei Offiserarne, som de snakkar
um, og desse tvo er reine Skarvar, som
berre brukar Kongens Uniform til aa
stela so mykje tryggare. Alle hine
er Fagnafolk.*

«Kaptein Paul* svarad dei tvo
Offiserarne, *me hev fylgt dykk paa
Ferdi og ikke ventat nokor viss Løn,
men so hev me gjort Reikning paa
litet Grandet ærleg Herjing.*

” Ærleg Herjing, det var nokot nytt!

Men Offiserarne let seg ikkje telja

*) Hr. Selkirk skulde han ikkje segja, daa
Selkirk var Adelsmann. Selkirk var
Navnet paa ein Matros, som livde aa-
leine paa ei Øy i lang Tid, og som Ro-
manen Robinson er sett ihop etter.

IISIERIERTAIIEE===

tilrettes; dei var dei beste paa Skipet,
og Paul laut fira, men sjølv vilde han
ikkje hava nokot med den Saki. Han
sagde til Offiserarne, at dei skulde for-
bjoda Mannskapet aa gaa inn i Huset,
og at dei skulde ikkjetaka det Slaget an-
nat enn det som Grevinna vilde gjeva dei.
Grevinna vart ikke litet skræmd, daa
dei tvo Offiserarne kom med sitt Krav,
men ho kunne ikkje sleppa fraa dei.
Ho gjekk inn, og ei Stund (etter kom
det Tenarar ut med Sylvtyet og an-
dre kostsame Ting og lagde det fyr
dei tvo Offiserarne og mælte ikkje Or-
det, og Offiserarne gjekk sin Veg med
alt Herfanget sitt. Daa dei kom til
Porten, møtte dei ei Gjente med liv-
legt Uppsyn og raude Kinner, og ho
helsad dei fraa Frua si og bad dei
ikkje skulde forsmaa tvo Barne-Rang-
lur, ei av Koral og ei av Sylv. Av
dei tyo Offiserarne var den eine Frans-
man og hin Spanjol. Spanjolen vart
sinnad og slengde Rangla si i Bakken
og trakkad ho sund. Men Frans-
mannen tok glad imot si og kyste ho
og sagde til den unge Gjenta, at han
lenge skulde gjøyma paa dette Koral-
Stykket til -eit Minne um dei raude
Kinnerne hennar. :
Nede ved Strandi raakad dei paa
Kapteinen, som heldt paa og skreiv
eit Brev. Daa Paul Jones var ferdig,
gav han Brevet til Israel og bad han
gaa til Grevinne Selkirk med det. I
Brevet stod det, at naar Sylvtyet
vart selt, skulde han kaupa det att
og senda det til ho. Brevet sluttad
soleids: No sigler eg av, Frue, og
imorgen tidleg skal eg taka paa Her-
skipet *Drake*, paa tjuge Kanonur,
som ligg tett ved Carrickfergus. Eg
skulde vera viss paa Sigeren som Gu-
den Mars, naar eg berre vaagad paa
aa drøyma um, at Grevinne Selkirk
iei av dei grøne Lauvhytturne paa
den herlege Eigedomen sin vilde senda
upp til Gud ei kjærleg Bøn fyr ein
Mann, som kom hit og vilde taka ein
Fange, men vart fangad sjølv.
(Meir.)

Moral.
(Av John Lie.)

Her i Moland va ein Mann, som
foor myki kring aa trekste for Folk.
Han va inki dyr paa Arbeie sitt, men
Folk tymta um, at han nok ha like
fyr de likevel. Ein Mann ville faa sann-
prova dette, aa so la han gløgt Merke
ti Treskje-Mannen sin. So fekk han
sjaa, at daa Mannen gjore av Laaven
um Loudagen, so løynte han ein stor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free