- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
156

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

156

Fedraheimen.

Iste Oktbr. 1881

Ovundet og dei vonde Hugdrag vilde
veksa i Hjarto deira, og det vilde
dei hava Synd av. Ein bør spara dei
so mykje Ein kann for Synd, um Ein
no ikkje kann spara dei for Svelt. Og
Politiet greider det nok. Baade Galla-
middagen og Gallaforestillingi og den
store Eld-Leiken og alt ihop vil verta
ein sann Folkefest. Stor Jubel og
aalmenn Jubel; Stockholm vil aldri
hava set Maken. —

Men me Nordmenn fær væl sitja
heime og tenkja paa den ”Flaggfilla”
vaar ned i Karlsruhe. Og so paa det
fagre Bruresløret, som var utsaumat
med svensk og badensk Vaapen. Det
vil væl gjeva oss nok aa tenkja paa
for vaar Part, er me rædde.

"Danske Høgremenn ser ikkje ut til
aa vera stort likare Karar enn dei
norske. Iallfall hev dei Brevskrivarar,
som likjest stygt paa dei, vaare Høgre-
folk brukar. Ein ser no Ting i Høgre-
Brevsendingar til f. Ex, norske Blad,
som dei gode Kararne visst ikkje vilde
vaaga aa skriva i sine eigne Avisur.
Det var ein av dei, som skreiv i norsk
«Mgbl.* her um Dagen, at det godt
kunde henda, at dersom ikkje Folke-
tinget gav etter og gjorde som Estrup
vilde, so kunde Kongen bruka Magt,
ja kanskje gjeva Landet ei ny ”For-
fatning*, d. v. s. gjera Statskup.

Aa for Samfundsfrelsarar! Kor
tydelegt me her kann sjaa, at Konge-
dømet er naudsynlegt for aa verja
Folket mot Ufred og Urett og halda
Samfundsordenen uppe! ”Eit av
tvo: anten gjev de meg den Magti
eg vil hava, elder so tek eg meg til
Rettes!” — so heiter det alt i eit.

Det er nok gilde Bukkar aa hava
til aa gjæta Kaalhagen, ser det ut til.

Fi gamal Visa. Ein Kvistianiabrev-
-sendar til Vestlandsposten skriv:

”Et andet Blad er man ogsaa blevet
mere og mere misfornøiet med, nemlig
Maalbladet ”Fædraheimen” (sic), som
nu vel maa siges ligefrem at
være Organ for Fritænkeriet og
Gudsfornegtelsen.”

Dette siste er Lygn, som vaare
Lesarar veit. Me brukar Ordet Lygn,
fordi det er det einaste rette, og for
at Brevskrivaren skal tvingast til aa
føra Saki for Retten. Me vil hava
ein Ende paa dette Snakket um ”Fedra-
heimen” og "Gudsfornegtingi”; Fedra-
heimen hev ikkje nokot med dei Ting.
Desse beilage politisk-religiøse Cen-
sorar skal anten sanna det dei segjer,
elder so skal Ljugar-Namnet sitja paa
dei som eit Kains-Merke, so lengje til
den Trafikken sluttar.

Me hadde hellest ikkje tenkt, at
eit Blad som Vestlandsposten vilde
lata seg bruka til slikt. Og det dess
mindre, som den heilage Brevskrivaren
tilslutt paa ein svært tydeleg Maate
viser, kva det er, han i Grunnen vil.
Berre høyr —:

”Det har bedrøvet mange, at flere
støtter Fedraheimen, saaledes ogsaa
Storthingsmænd fra Stavanger Amt,
som har Tillid og Agtelse af det kri-
stelige Læpfolk.”

— Mannen vil faa Folk fraa aa
tinga paa Fedraheimen, det er Saki, og
derfor er det, at han smeiser upp med

”Guds-
Det er den Stridsmaaten,

dei store Talemaatarne um
fornegtelsen.”

me kjenner so godt fraa Fædrelandet. |

Me hev altid trutt, at Vestlandsposten
stod eit Stig høgare enn det Bladet.
— Men —Festlandsposten um det!
— Ein Ting veit Brevskrivaren
aa fortelja, som me likar fælande godt,
dersom det berre er sannt. Han skriv:
”Man har i den sidste Tid tænkt paa
at faa istand et nyt Maalblad, og der
er stillet Opfordring til Studenterne
Moltke Moe, Søn af Biskopen, og Mor-
tenson, som begge to er varme Venner af
Maalsagen, om at stifte et nyt Blad,

som stiller sig paa afgjort kristeligt
Standpunkt.”

”Kunde dette ske, vilde det glæde
mange”, legg han til. Og ikkje minst
skulde det gleda Fedraheimen. Baade
Moe og Mortenson er so gode Karar,
at dei vilde kunna skriva eit godt
Blad og gjera mykje til Gagns, baade
i Maalsaki og for Upplysningi. Me
er av fullt Hjarta med paa den Upp-
maningi, som dei etter Stavangerbrev-
skrivaren hev fengje um aa gaa i Veg
med eit nytt Maalblad, og me trur,
det vilde vera godt, um her kom eit
slikt. Me kom væl til aa slaast litt
med dei av og til, daa dei knapt vart
so stive ”Venstremenn” som ”Fådrh.";
men det skulde ikkje verta nokot styggt
Slagsmaal, daa dei er ærlege Karar

—1|og gode Gutar baae tvo.

Lat Bladet koma; me skal gjera
det me kann for aa stydja det.

Fraa Stavangerkanten. (Brev) Skyt-
tarsaki er no den, som mest samlar
Ungdomen um seg her. Det eine vesle
Skyttarlaget veks upp etter det andre.
Det ligg som ei Drift hjaa Mannen til
aa verja um sitt og sine, og Herstellet
vaart er ikkje slikt no, at Ungguten
fær nokor Kjensla av, at han der arbeider
for Fedrelandsforsvaret. Men um han
han enn med lett Hug slengjer Soldat-
kufta og Soldatranselen fraa seg inn
paa ”Depo’et”, so slengjer han ikkje
dermed Fedrelandsverjaren. Byrsa skil
han seg ugjerne med. Hg gløymer ikkje
kor underlegt det var, daa eg det siste
Eksisaaret tok mot Byrsa mi att for
siste Gongen og saag att det gamle
Nummeret paa henne. Det var som eg
handtokst med ein gamall trufast Ven.
Nokot slikt er det væl og, som gjev
Ungdomen slik Hug paa Skyttarsaki. —

Paa eit Møte her i Stavanger for
eit Par Vikur sidan slog alle Skyttar-
lagi heri Amtet seg ihop til eit ”Folke-
væpningssamlag for Stavanger Amt.”
Baade einskilde Skyttarar og heile Skyt-
tarlag kann vera Lagsmenn her. No
vonar me berre paa, at Storthinget vil
visa oss sitt gode Hjartelag og gjeva
Folkevæpningssamlagi det dei treng til
aa føra Saki fram

Her er no Tale um aa faa istand
ein praktisk Gjenteskule for Amtet.
Og væl var det, um det snart kunde
verta. - Me veit alle, at Kvinna hev ein
Livsgjerning, likso aalvorsam og likso
stor som Mannen, so det er berre eit
syrgjelegt Mistak aa tru, at ho kann
hjelpa seg med mindre Lærdom enn
Mannen. I Byarne hev dei daa og
teket til med Middelskular, Husflits-
skular og kva det no heiter alt, eg
vil ikkje snakka um Danseskular, for
Gjentur, og det er godt og væl paa sin
Maate. Men den Upplæringi, dei der
kan faa, er lite tess paa Bondebygdi,
Og av Landsens Kvende hev Bonde-
kvinna ikkje minnst aa gjera i den aal-
menne Framgang. Ho skal gjera den
vesla tarvelege Bondestova til ein Heim,
likso god og likso hyggjeleg som Stor-
mannsstova med sine Sofa’ar og sine

trekte Veggjer, og ho skal utvikla vaart
heimlege Husstell og Husliv, so det kann
skapa Folk og Daning utan aa jaga
Bonden fra Gard og Grunn, slik som
denne Utanpaakulturen gjerer, som dei
”tek heim fraa Byen.”

At det enno finst dei, som set ei
Æra i aa laana ”Kultur”-Former, som
dei ikkje magtar, det kan Ein ikkje
undrast paa. Det er so mangt, som
Folk kann halda for Æra. Det laag
ei Tropp Soldater paa Grenseskiftet mot
Indianarne borti Amerika eingong; det
var Folk, som var ihopskrapa fraa alle
Verdsens Kantar. Der var ein Tysker, ein
Irlending, ein Engelskmann osfr. osfr.
So fekk Engelskmannen ein Dag Til-
føre til aa stela Tobaksrullen fraa Ty-
skeren, og daa Irlendingen undrast paa,
um dette kunde vera rett, svarad Engelsk-
mannen, at etter hans Meining maatte
Tyskeren halda det for ei Æra aa verta
stolen ifraa av ein av Hennar britiske
Majestæts Undergjevne. —

Veret hev voret ulaglegt her som
allestader. Fysst lang og streng Vinter
med sein Vaar, so Busk til Sumar med
lite Høyver og sein Haust. Aakren
hev stadet grøn mest til no. I dei siste
2—5 Vikur hev det endeler komet
Godver med Sol og Verme, so kanske
Skurden ikkje vert som verst,
vilde jamna paa mykje.

Fraa Selgjord skriv dei til Ø. T.:
Me hev, som Du veit, fengje Fabritius
te Skrivar. No fyrste Venda han heldt
Thinget her, so møter «det fram ni Myr-
menn for aa gjera Eid te Konstitutio-
nen. Dei hadde fengje seg thinglesne
Bygselbrev paa Parsellar i Kvitseid.
Men so hadde inkje Skrivaren der endaa
rokkje te aa føre dei inni Panteregistret,
fyrr dei skulde gjera Eiden her paa
Thinget, og so hadde dei endaa vore so
fyre vare, at dei hadde fengje seg ein
Attest paa, at dei hadde slike Brev, fraa
Skrivar Wettergreen 1 Kvitseid, og den
Attesten lagde dei fram te Fabritius
paa Thinget. — Men han negta dei aa
gjera Eid, fordi dei inkje kunde syne
dei rette Bygselsbrevi, som dei grunna
Stemmeretten sin paa! — Han maatte
fyrst sjaa dei! So orsaka’n seg so svært,
kor gjerne han vilde vera ”imøtekomande”
no fyrste Gongji, men han kunde ikkje,
endar om han visste, at han dermed
”kom til at krydse enkeltes Pla-
ner her idag”, gjera annleids enn han
trudde Rett var. So paa Lag.

Seinare var det 4 Gardmenn, som
avlagde Eid. Men slik Eid hadde ingen
høyrt fyrr. Ee høyrdn inkje. Men
dei fortel han var so: ”Jeg lover osv.
at ville opfylde mine Pligter mod Fæ-
drelandet, Konstitutionen og Kongen,
sosannt osv.”

So var her Val til Kommunen.
Jørund Telnes gjekk ut som Formann,
men var innatvald. So vart valde som
Repræsentantar: Eivin Nordgarden, Olaf
Sveinsson, Sigurd Sunbø og Lensm.
Knudsen. Det var 51 som stemte for
Selgjords Sokn. Valet vart soleids libe-
ralt, endaa Knudsen er no vel so midt
imillom. I Flatdal var Aslak Smedal
Formann og ellest liberale Folk. I
Aamotsdal godtsom likeins.

Myrmennerne vil no leggje fram for
Offentlegheiti heile Saki om Fabritius’
Ferd paa Thinget her.

Folkemöte vert enno haldne paa alle
Kantar av Landet. No i Vika var det
tvo Møte i Skien, eit Venstre-Møte, der
det var 700 med, og eit Novembermøte
paa 100 Mann.

Vaare Diktarar. Kristofer Janson
for til Amerika um VFredagen. Han
kjem att Ende til Vaaren, men sidan er
det nok Meiningi hans aa flytja over
til Amerika for Aalvor.

Jonas Lie skal bu i Hamborg i Vin-
ter. Han held paa og skriv ei For-
teljing fraa Sjøen.

John Paulsen loserar for Tidi hjaa
ein dansk Fiskar.

Alexander Kjellands Novellettar
og Forteljingar kjem ut paa tysk i fleire
Utgaavor.

Bjørnstjerne Bjørnson skriv trutt
i ymse Blad um vaar politiske Tilstand.
Høgrebladi er arge, men det vyrder han
lite, han skriv like radt.

Thingvalet til 2dra Kammaren i
Sverige er no halde paa dei fleste Sta-
derne. Landtmannapartiet kjem endaa
sterkare til Tinge enn fyr, allevist fraa
Landet, men some av Byarne hev og
valt frilynde Folk (soleids Hedlund,
Borg, Gumælius).

Paa Island skal der i Vinter haldast
Folkehøgskule paa det gamle bingvellir.
Folket ser ut til vera ovleg glade, for
dei skal faa Skulen, 100 Menne i. 34
Heimar hev skote i Hop 2000 Kr. til
han, og det er ikkje berre Bønder, men
og Tenestgutar og Tenestgjentor hev
gjeve ein 10 Kr. kvar.

I Moskva hev det vore stor Brand.
Skaden er sett til 7—8 Millionar Krunor.

Til Fru Garfield er det alt i Amerika
innsamla 800,000 Dollars.

Kristiania Torvpriser d. 30te Septbr. 1881
(Meddelt af Kristiania Landmandskontor).

Kjed:
af Okse ferskt . pr. Bpd. Kr. 2.00a 3,00
- Kalv, gjødet. ,, — y 2.802 3.
st Haarde 5 — » 3.00a 400
flesk: ; — » 460a 5.00
Vildt:
Tore: ir Stk. , 4.002 5.50
Aarhane... +65 å — » 2008 2.50
Hare ste 6 — 3» 0602 100
I rarla do OG 5 2 rSnese p100
Meieriprodukter:
Smør, 198 ;0. 1, Bpdi |; 18.20 21400
do. almindeligt Å — 12.00 a 12.40
Ost Nøgel. . 3 — » 288a 3.00
OP Mysen «Arda 9; — » 2.002 2.60
de Schweitzer. ,, — » 6.00a 6.20
do. Gjed: 24.0. 5 — » 5002 6.40
do. Pultort: 5 — » 4002 4.60
dogPrimes — på L50M TO
Kornsorter:
Russ. » 200 Ker. ,, 18.00 a 18.25
Byg, 2 Raders . ,, 100 - >,, 15.50216.00
do br å — » 14.00 a 14.50
Havre: he. d » 12.00 a 13.00
Potetere1.1. 100 A Td. , 400a 450
Foder:
Thimotheihø .. ,, Skpd. >, 13.002 15.00
Noldhøs 45 3 12:00 a 12.50
Havrebalm . .. ,; — Ben-00
Byghalm. . ... MN — » 8.00a 9.00
Ruzhalm- ASEA - == » 5.002 5.50
Ved:
Birk Partipris . ,, Favn 7, 15.00a16.00
Grans % — y 10.50 a 11.50
imitere SG — » 1160412.50
Huder & Skind:
afiDkso ee 0 7Bpde ,,40*8:00.203.30
- Ko & Kvie. .,; — y 9502 4.40
20 Kalyaiesene)e 5 Stk, 1608 200
SSE OLE — ” 1.00:a:41.20

-rde

vp-

Ov An Bren er den ovennot
Dato betalte paa Christiania Torv, m
gives er uden Forbindtlighet

ut a

Lysingar.

Det Norske Samlaget.

Utkomet er og vert um nokre Dagar
sendt Lagsmennerne: *Lauvduskar’, Sam-
ling av ymse Smaastykke, IV. 124, Ark
Ellest kjem ut iaar ste Bandet av Aasm
Olafssor Vinjes Skrifter, 26—30 Ark. De
Boki er under Arbeid hjaa Boktrykkaren sg
vert kringsend fyre Jol. Bøkerne sendest
ikkje til deim, som skylder Aarspe
Vinjes Skrifter kjem paa 10 Øyror
mindre Arket fyr Lagsmenn, paa 20 Ø
denne fyr andre.

Fedraheimen

kjem ut i Kristiania. Han kostar 1 Kr. 10, t

om Fjordungaaret med Postpengar og alt
Han kann tingast i Ekspeditionen, Torggata
5 b, og paa alle Posthus.

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free