- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
179

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TER TF EE em TE EE EE

PENE LIE

Å are

12te Novbr. 1881.

Fedraheimen.

179

Synd.

Fædrelandet hev i sin Strid mot
Bjørnson og dei liberale Bladi endeleg
teket si Tilflugt til den Trudomsset-
ningen, at Vantrui er Synd.

Aa vera Fritenkjar er Synd. Aa
leggja fram sine Fritenkjarmeiningar
er for det fyrste Synd i seg sjølv, og
for det andre freistar Ein dermed an-
dre til Synd. Det Bladet, som læt ein
Fritenkjar skriva i Bolkarne sine, vert
dermed og syndigt, og medskyldigt i
hans Misgjerning.

— Denne Maaten aa strida mot
Vantrui paa er, som me veit, ny. Fyrr
hev det alltid heitt, at Trui var ei fri
Sak, og at kvar fekk hava dei Mein-
ingarne, han sjølv i sitt Samvit fann
aa vera dei beste; Syndi fekk Vaar-
herre døma og straffa. Den, som vilde
strida mot galne Meiningar, skulde
gjera det med Grunnar; Toleransen
var ei borgarleg og kristeleg Grunn-
setning.

No er me komne so langt, at To-
leransen vert likefram fornegtad. Fæ-
drelandet gjev vondt paa dei Bladi,
som bryr seg meir um aa vera men-
neskeleg ”frilyndte” enn um aa gjera
”Guds,” det vil her iallfall segja Fæ-
drelandets, elder Cand. mag. V. Auberts
Vilje.

Vantru er Synd. , Fritenkjaren er
Syndar.

— Dertil skal me ingen Ting segja,
utan dette: Me er Syndarar alle. Og
i Guds Augo er den tidt den verste,
som trur seg sjølv aa vera den beste.
Sjølve Røvaren stod Guds Rike nær-
mare enn hin Farisæaren, som gjekk
og kjytte av, at han var so moralsk
og so religiøs, og at han var so mykje
betre enn alle dei andre.

Cand. mag. V. Aubert er og Syndar.
Kvar Stundi gjer han Synd. Kvar
Gong han set Pennen til Papiret, syn-
dar han. Bladi hans er fulle av Synd.
Og daa han læt desse syndefulle Avis-
stykki sine prenta, freistar han andre
til Synd med seg. Han gjer dette dess
meir, fyrdi han hev fengje somt Folk
til aa tru, at han er so mykje gude-
legare enn andre. Dei Folk, som eig
Fædrelandet og læt Cand. mag. V.
Aubert skriva der, gjer seg altso med-
skyldige i hans Synder. — —

— Skal me taka til aa stridast
paa den Maaten, Fædreland?

Fædrelandet vil svara: Ja, det
kann so vera, at eg syndar; men eg
gjer det utan mitt Vitend og mot min
Vilje, ja eg strævar tilmed aa gjera
so mykje godt, som eg kann.

Væl nok. Men Bjørnson vil segja
det same. So vidt som han veit og
forstend, so syndar han ikkje, naar
han forsvarar sine Meiningar; han
trur fullt og fast med seg sjølv, at
han gjer ei god Gjerning med det, og
at han arbeider for Sanningi.

— Men det stend i Bibelen, at den,
som ikkje trur, er dømd, segjer Fæ-
drelandet.

Dertil svarar Bjørnson, at i Koranen
stend der det same um dei, som ikkje
er Muselmenn. Kvar Religion maa gaa
ut ifraa, at den er den rette og sanne,

og at den aaleine kann gjera Folk
sæle; men so dømer ikkje Gud, vil
Bjørnson segja; for honom gjeld det
fyrst og fremst, at Mannen er ærleg,
og at han søkjer Sanning.

— Kva kann det nytta aa stri-
dast paa den Maaten, Fædreland?
For alle Kristne hev Bjørnson Urett
og er ein villfarande Mann. Men at
Kjættaren ikke skal hava Lov til aa
forsvara sine Meiningar, — det vil
knapt alle Kristne vera med paa. At
han syndar, det fær vera ei Sak millom
honom og Gud; me, som sjølve er Syn-
darar, og som sjølve er so fulle av
Tvil og Vantru, at me berre med
Guds Hjelp kan tru som me skal, —
det er ikkje me, som skal døma og
fordøma han. 30 vil væl dei fleste
Kristne tenkja.

I den katholske Tidi var det
annorleis. Daa galdt det i fullt Aal-
vor, at det var Synd aa vera Friten-
kjar, og at Fritenkjararne gjorde Synd
ved aa forkynna sine Meiningar. Men
daa var dei konsekvente. Dei
brende baade Kjættaren og Skrifterne
hans. Vil Fedrelandet vera med paa
det?

Fædrelandet maa i Grunnen vera
med paa Forfylgjing.

Den, som syndar, fortenar Straff.
Og den, som freistar andre til Synd,
er ein Ugjerningsmann, som Samfun-
det maa verja seg imot.

Ein Fritenkjar maa altso ikkje
faa Lov til aa skriva Blad elder gjeva
ut Bøker. Heider ikkje maa han vera
Lærar for nokon, ikkje eingong Lærar
paa Universitetet. Han kunde forføra
dei unge.

Men han maa i det heile ikkje
vera Embættsmann. Samfundet maa
ikkje løna Syndi. Dessutan gjev alle
Embætte Autoritet; kva Embætte han
so hev, so vil han, just ved det, koma
i Stand til aa forføra Folk til Synd.

Samfundet maa dessutan forbjoda
Privatfolk aa gjeva Fritenkjaren slikt
Yrkje, som kann gjera han 1 Stand til
aa synda. Han maa ikkje vera For-
mann elder Styrar for Drift, Arbeid
elder Verk; helder ikkje maa han vera
Skippar elder Kaupmann.

Han maa ikkje eingong vera Ar-
beidsherre. I alle desse Høve kjem
han saman med Folk, som kunde hava
vondt av aa vita, at Husbonden elder
Ovyermannen deira var Fritenkjar, og
som han kunde freista til Synd. Fri-
tenkjaren maa altso liva berre privat,
gjera alt sitt Arbeid sjølv, men ikkje
arbeida hjaa nokon annan. Minst av
alt maa han vera Tenar, sml. Chr.
Bruun. Og alra minst maa han vera
gift. Han kunde forføra sitt eiget
Hus til Synd.

Paa den Maaten maa Samfundet
verja seg mot den faarlege Mannen.
Men dessutan spyrst det, um ikkje
Samfundet endefram maa straffa han.

”Gjer du det, som vondt er, so
ræddast; for Raadsmagti ber ikkje
Sverdet faafengt,” segjer Skrifti. Aa
gjera Synd, det er aa gjera ”vondt”;
aa hava Fritenkjarmeiningar er Synd;
altso gjer Fritenkjaren ”det som vondt
er?” berre ved aa hava desse Meinin-
garne. Og daa maa Samfundet visa,

at det ikkje ber Sverdet til Unyttes.
Veit det um ein Mann, at han er Fri-
tenkjar, — maa det altso straffa han.
Det einaste skulde vera, at Fæ-
drelandet vilde vrida seg fraa det med,
at den Syndi, Fritenkjaren gjer ved
aa hava Fritenkjarmeiningar, ikkje er
stor nok til, at Samfundet tarv bry seg
um henne. Men aa fornegta Kristi
Guddom er væl taltid minst likso stor
Synd som aa stela eit Fang Ved. Det
maa væl endaa vera minst likso galet
som aa fornærma Kongen. Altso:
Samfundet maa refsa Brotsmannen.
Men Fritenkjaren er faarleg, kor
Ein gjer av han. Dersom Ein gav
han Lov til aa forsvara seg for Retten,
so kunde han freista Domarar og Sak-
førarar og Lagrettesmenn og Skriv-
arkarar til Synd, og dessutan alle
andre, som kom til aa høyra paa han.

Fritenkjaren maa altso anten forhøy-

rast løynleg og av Prestar, elder so
maa han ikkje faa Lov til aa for-
svara seg. Syndi er like vond og like
leid, kor ho viser seg, og Juristar og
Lagrettesmenn er ikkje sterkare til
aa motstaa Syndi enn annat Folk.
Dersom Fritenkjaren negtad aa vera
Fritenkjar, og gjorde Eiden sin paa,
at han trudde — elder heretter vilde
tru — som den norske Kyrkja, so laut
han væl sleppa og faa att sin bor-
gerlege Rett. Men kom det paa han,
at han var Fritenkjar. so maatte han
i ”Holet.”

Men — gjekk det an aa hava han
der? Kunde han ikkje forføra iall-
fald Sluttaren, kanskje Vaktmeistaren
med? Ja kunde det ikkje henda, at
han gav seg til aa halda Foredrag ut
gjennem Fengselsglaset liksom Hans
Tausen?

Sanneleg, det tryggaste
aa slaan Syndaren ihel. So visste Fin
daa, kva Ein gjorde. Og so hadde
ikkje Samfundet den Anken paa seg,
at det laag og fødde paa ein Mann,
som syndad i alle sine Tankar.

vilde vera

Ein Ting til vilde gjera, at det
var best aa slaa han ihel —: Fange-
husi vilde hellest lett verta for fulle.
Det er nemleg greidt, at det ikkje vart
berre dei store Fritenkjararne, som
maatte verta sette. Alle dei, som
hadde slike Meiningar, at det teologi-
ske Fakultet dømde, at konsekvent
førde dette til Fritenkjarskap,
— maatte naturlegvis og heftast; for
ingen er faarlegare enn dei, av di dei
ofta synest vera gode Kristne. Paa
den Maaten vart Fangehusi so fulle
av Grundtvigianarar, Baptistar, Meto-
distar o. s. b., at dei store Fritenkjar-
arne ikkje fekk Rom der. Kva skulde
Ein so gjera, annat enn tyna dei? —
Det hadde dei daa dessutan so ærleg
fortent.

— Paa slik Forfylgjing maa Feæ-
drelandet vera med. Det, Bladet no
driv med, nemleg aa hindra Fritenkjar-
arne i aa skriva offentlig um sine
Meiningar, er fyrste Steget paa den
Vegen, som rettfylgt fører til Kjættar-
baalet.

— Ja; men er det daa so galet
aa slag Kjættarar ihel? vil kanskje
Fedrelandet spyrja.

Dertil skal me ingjen Ting segja.
Det vere langt ifraa oss aa forsvara

Kjættarar og Fritenkjarar. Kann henda
bør dei tynast! Det, me her hev viljat,
var berre objektivt logisk aa paavisa
— kva Leid den Vegen ber.

Eit og anna fraa den store franske
Revolustonen.
(John Lie.)

Eg las og høyrde Historie paa
Skulen, eg som andre. Eg fekk jam-
vel 1 fyr Historie, sovidt eg minnes;
for eg kunne mine ”Bøker,” — desse
kjende ”Udtog” eller kronologiske Bein-
grindar, som inneheld baade mykje
og mangt, men lite av Soga um
Mannsens Ætt.

Eg minnes væl, koss innerleg eg
forbanna den franske Revolusionen,
koss hjarteleg vondt eg totte um Lud-
vig 16de, som vart retta. Kongen aa
Adelen ha” Rett naturlegvis, aa Folkje
var rvettlause, skaamlause Blodmenn.

— No hev eg lært litt meir Hi-
storie, enn eg kunne den Gongen. No
vil eg plukke ut nokle Hendingar
(Facta), som kaam upp unde Revolu-
sionen, aa som æ i Sanning forvitne-
lege for kvar den, som vil tenkja. —

Den roue Boki.

De va den Iste Decbr. 1789, at
Le Camus fortaalde um den ”raue
Boki”? i Nationalforsamlingi. Han ha’
mæ stort Stræv endeleg fengji vreista
ho ut av Hendarne paa Ministrarne.
De va ei fint bundi Bok med gjyllt
Snitt; ho inneheldt ei Liste yvi dei,
som ha” Pensjonar av Regjeringi. Her
nemner eg nokle faa Postar, so kann
ein sjav døme um Resti.

Ein tysk Prins hev fire Pensio-
nar: 1. Pension som Oberst. 2. Pen-
sion som Oberst. 3. Pension som
Oberst, og 4. Pension som Oberst.
Ialt: 40,800 Livres.

Ei Madam Isarn hev i Pension
24,980 Livres, — for at ho lettare
kunne bli gift, aa for hennes ”Tenes- .
tur.”

Der fanst bevilja Pensionar ti Folk
som aldri ha’ livt, aa ti andre, som
vel aldri ville kaame ti liva; it. D.
4,000 Livres ti den, som ville gifte
seg med Mille de Baschi (ei Hoft-
Hore).

Ein Hr. Blanchet hev for tidligare
Tenestur 4,720 Livres, for komande
Tenestur 4,720 Livres, ialt 9,454 Livr.

So var der Folk, som ha Pensionar
ette dei va daude; andre ha Pension
forskull sit laage Fmbætti, og andre
forskull sit haage Embætte; some
for dei ha" gjort Tenest, andre
fordi dei ikkje ha gjort Tenest; an-
dre ha Pension ”forutta Orsak”, —
0. 8. b.

Ein Hr. Hamelin va Finans-Gene-
ral-Kasserar aa fekk 21,000 Livr. Pen-
sion, fordi han hadde for lite Em-
bætte! Aa paa sama Tid ha ein
gamal fatik Oftiser, Segrave, som ha
mist Armen sin i Kamp for Fedrelande
for 55 Aar sia, inki endaa kunna
fengji dei 4 Skilling um Dagen, som
tikom kvar lemskadd Offiser. —

I den ”raue Boki” lyt ein serleg
leggje Merke fti- Pensionar ti ei stor
Mengd Kvende comme il faut, aa ti
ein heil Flokk Fullmegtir aa Sekre-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free