- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
199

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LE

> JD TT SEE

Ka

*



”17de Desbr. 1881.

Fedraheimen.

199

Bøker til Jolie

I

”Gengangere.” Et Familiedrama i tre Ak-
ter af Henrik Ibsen. "Kjøbenhavn.
Gyldendal.

”Gjengangere” er ein Roman i
dramatisk Form. Me fortel Innhaldet:

Helene Alving elskad Presten Man-
ders, men vart gift med Løytnant Al-
ving, som aatte Pengar. Løytnant Al-
ving hadde ført eit villt Liv; daa han
vart gift, heldt han fram som fyrr.
Men Presten Manders gjekk i Huset
hjaa dei og var ”Husven.” Helene heldt
det ut eit Aars Tid elder so; men daa
rymde ho. Ho tok si Tilflugt — til
Presten Manders. Og til honom for-
talde ho alt. Men denne talde for
henne so lengje, til dess han fekk
henne til aa snu beimatt. Og no
gjekk alting godt — aa sjaa til. Al-
ving, som vart Kaptein og tilmed
Kammerherre, livde skikkeleg og væl
med Kona si, ja vart ein dugleg og
tiltaksam Mann, som gjorde mykje
godt baade heime paa Gaarden sin og
i Bygdi — aa sjaa til.

Men i Røyndi heldt han fram som
fyrr. Helene visste um det, men bar
det; det var Plikt, hadde ho høyrt.
Ho gjorde endaa alt ho kunde for
aa dylgja sin Manns Skam ed.
Herum fortel Diktet syrgjelege Ting.
Kor kunde ho halda det ut? Ho hadde
fengje ein Son. For vesle Osvalds
Skuld bar ho alt. Dessutan hadde ho
sitt Arbeid. For alt det, som Folk
trudde at Mannen gjorde, var hennar
Verk. Men tilslut kom ho etter, at
Kapteinen og Kammerherren heldt seg
med Tenestgjenta deira, — Johanne
heitte ho. Og Johanne vart med Barn.
Daa tok Helene Styret yver baade
Huset og Mannen; for no hadde ho
Tak paa Fyren.

Vesle Osvald vart burtsett til
Framande og fekk aldri koma heim,
so lengje Far hans livde. Johaune
fekk Pengar for aa tigja, foor so til
Byen og gifte seg med Snedker Eng-
strand, som tok alt paa seg for aa
far Pengarne. Engstrand, som var
ein stor Skarv og Hyklar, pinte Livet
av henne paa stutt Tid. Barnet, Rer-
gine, tok Fru Alving til seg. Presten
Manders kom aldri meir i Huset til
Alving; for no visste han, at det var
honom, Helene hadde elskat.

Osvald vaks til, foor til Udlandet
dg vart Kunstmaalar. Han fekk aldri
vita annat enn godt um Far sin;
denne døydde, daa han hadde voret
gift med Helene i 19 Aar. Daa tok
Helene alle dei Pengarne, som ho
hadde fengje ved Giftarmaalet sitt —
”Kjøpesummen”, som ho kallar det —,
og stiftad for det eit Legat og eit
Barne-Asyl til "Kaptein Alvings Minne,”

— baade fordi ho ikkje vilde, at nokot

av desse Pengarne skulde gaa yver til
Sonen, og fordi ho paa den Maaten

- vilde døyva ned alt vondt Snakk, som

kanskje enno kunde vakna.

Asylet vart bygt paa Garden hen-
nar; Snedker Engstrand bygde det.
Paa den Tidi, daa Asylet er ferdigt
og skal innvigjast, tek Dramaet til.

Regine var no vaksi Gjenta, staut,
ven, lettlivad og grunn-raa. ”Faer?

hennar, som hadde lagt seg upp Pen-
gar paa Asylet, vilde no uppretta ein
”Sjømannsheim” inn i Byen, og der
vilde han nok driva nokot av kvart
Slag, som kunde ”løna seg.” Og so
vilde han hava ”Dotter si” med seg.
Ho sagde nei. Ho kjende ”Far” sin
og vilde ikkje hava nokot med honom;
vilde ho tena Pengar paa ufjelg Maate,
so kunde ho gjera det paa eigi Haand,
meinte ho. Presten Manders kom;
han skulde vigja Asylet. Han hadde
svært god Tru um Snedker Engstrand,
og vilde Regine skulde fylgja honom
til Byen. Presten visste nok, at Eng-
strand var en skrøpeleg Mann 1 ymse
Maatar, helst med Drykk; men der
var det elskelege ved Engstrand, at
naar han hadde gjort nokot galet, so
kom han til Presten ”so reint hjelpe-
laus og klagad seg sjølv og tilstod heile
si Skrøplegheit” — trudde Presten
daa —, og det lika han so godt. Men
den Kjeltringen Engstrand visste nok,
kva han baade gjorde og tilstod. —
Osvald var og komen; det heittest, at
han var svært trøytt etter Ferdi.

Det fyrste, som no vart avgjort
var, at dei ikkje skulde brandforsikra
Asylet. I Grunnen burde dei gjera
det, meinte dei; men Presten var rædd
det kunde verta utlagt paa den Maa-
ten, at dei ikkje hadde den rette Tillit
til Vaarherre, og so leet dei det vera.
So kom Presten 1 Samtale med Os-
vald. Men det viste seg, at Osvald
hadde reint ravgalne Meiningar i visse
Ting; han forsvarad soleis ende ut
det ”frie” Ægteskap, og det av den
Grunn, at fatike Folk ikkje hadde
Raad til aa gifta seg — derimot hadde
dei Raad til at liva ihop uvigde —;
og det verste av alt var, at Moeri
heldt med Son sin 1 alt dette. Daa
Osvald hadde gjenget ut att, heldt
Presten ein streng Tale til Fru Alv-
ing. Ho svarad med aa fortelja han
um heile sitt Ægteskap, og daa vart
Presten reint forstøkt. Han fekk og
høyra fæle Ting, og Fru Alving gjekk
so vidt at ho sagde, at naar Presten
hin Gongen hadde ført hende attende
til den rette Vegen, so hadde han der-
med gjort eit Forbrot, baade mot
seg sjølv og mot henne. Under denne
Samtalen kom Osvald inn att, og Re-
gine kom og meldte, at Maten var
ferdig. Osvald fylgde Regine inn i
Matstova for aa ”hjelpa henne med
Flaskekorkarne.” Men gjenom den
halvopne Døri høyrer so Fru Alving
og Presten, at Osvald gjev seg til aa
driva Fjas med Gjenta der inne. Daa
kvakk Fru Alving hardt. Og daa
Presten spurde, kva det var, svarad
ho: ”Gjengangere.” Son aat Kam-

merherren, Dotter aat Johanne — og
same syrgjelege Leiken. — Laag det
i Blodet?

Fru Alving hev gjenom sitt usæle
Liv komet til aa grubla yver mangt,
og so hev ho millom ymist annat fun-
net ut, ”at dette med Lov og Orden
— jeg tror mangengang det er det, som
volder alle Ulykkerne her i Verden.”
Ho gjeng so vidt, at ”dersom ho ikkje
var so rædd,” so vilde ho lata Os-
vald gifta seg med Regine, — med
Halysyster si! Men ho er ”rædd”, og
det kjem seg av, segjer ho, at det sit

O

i henne so mykje av dette ”gjen-
gangeragtige.” For ”det er ikke bare
det, vi har arvet fra Far og Mor, som
gaar igjen 1 os. Det er alleslags
afdøde Meninger og alskens gammel
afdød Tro og sligt noget. Det er ikke
levende 1 os; men det sidder i allige-
vel, og vi kan ikke bli det kvit.”
Presten er, som rimelegt kann vera,
reint raadlaus mot all denne Radi-
kalismen; so kjem Engstrand og bed
honom fylgja. med ned i Asylet og
halda Andakt. Han gjeng. Men med
Asylet gjeng det galet: det brenn upp. —
No fær Fru Alving vita, at Son
hennar, som er det einaste ho hev aa
elska i Verdi, er sjuk, raadlaust øyde-
lagd. Han hev det i Hovudet, kann
ikkje arbeida meir, og kann kvar Dag
og Stund venta, at han fær Slag og
vert lam og helselaus for all si Tid.
Den arme Guten ligg i Fanget hen-
nar og græt, reint hugsprengd av Sorg
og Sut. Moeri vil ikkje tru det; so
fortel han, kva Dokteren hev sagt. Og
Dokteren hev sagt, at det var ”Fæ-
drenes Synder, som hjemsøgtes paa
Børnene.” Dette kunde ikkje vera
sannt, hadde Osvald svarat, for Far
hans hadde livt som ein skikkeleg
Mann, og han hadde vist Doktoren
Brevi um dette fraa Moer si. Daa
hadde Doktoren sagt, at so maatte det
vera hans eigi Skuld; han hadde væl
ikkje tolt det glade Ungdomslivet.
Dette synest Osvald er verre enn alt.
At han skal ha øydelagt seg sjølv
slik —! Og han harmar seg yver all

Maate. Daa fortel Mor hans alt. Det
lettar. Men daa Regine fær høyra,

kven som er Faer hennar, og at Moer
hennar altso hev voret ”ei slik”, — so
kjem heile Raaskapen upp i henne,
og ho gjeng sin Veg med sure Ord —
for aa slaa Lag med Engstrand i hans
”Sjømannsheim.” Hev Moer hennar
voret ”ei slik”, so kann ho gaa same
Vegen. —

For Osvald er der no berre ein
Ting att, som trykkjer. Han gjeng
og ber paa ein stor Angest. Naar
Sjukdomen kjem, vil han verta ligg-
jande der reint hjelpelaus, maatta
stellast med som eit Barn i alle Maatar,
og det toler han ikkje aa tenkja paa.
Han hadde tenkt, at Regine kunde
vera god aa hava, for ho vilde visst
ikkje vrida seg for aa gjeva han ”ei
Haaudsrekning”, naar det kneip; —
men no fær Moeri gjera det. Ho er
daa og ”nærmast til det”, segjer han,
Tingen er, at naar Sjukdomen kjem,
so vil han hava — Forgift. Han vil
ikkje liva lenger, naar all Von er ute.
Det er den reine Hellenbach. Og
Moeri skal gjera det. Det er ho,
som hev gjevet honom Livet, — ”men
hvad er det for et Slags Liv, du har
givet mig? Jeg vil ikke ha” det! Du
skal ta” detigjen!” segjer han. Moeri
vert mest fraa seg av Rædsla og Sorg.
Men endeleg lovar ho,at ho skal gjera
som han segjer, dersom det vert naud-
synlegt. Daa slær Osvald seg til Ro.
Han set seg ned 1 ein Armstol, og ”no
fær dei daa liva saman so lengje dei
kann.”

Det er Morgon. Fru Alving sløkkjer
Lampa; Morgonsoli stig lysande fram
yver Tindar og Brear. Frua gjeng

og snakkar godt for Guten sin og
prøver aa setja Mod i baade honom
og seg sjølv. Daa segjer Osvald:
”Mor, fø” mig Solen.” Fru Alving
kvekk: ”Hvad siger du?” Osvald tek
upp att, tomt og tonlaust: ”Solen;
Solen.”
der han sit; heile Kroppen slaknar,
Andlitet vert tomt og daudt, Augo
stirande og sløve. Moeri kastar seg
paa Kne og ruskar i honom, skrik
honom paa Namn, jamrar og bed ..,
”Solen, Solen,” svarar den sjuke.
Ulukka er komi.

Og han liksom skruknarihop.

Fru Alving stivnar av Rædsla. Ho

finn fram Giftpulveret. ”Nei; nei;
nei! — Jo! — Nei; nei!” skrik ho; ho
stend framfor Guten sin bleik som eit
Lik, med Henderne i Haaret. ”Solen.
— Solen,” lespar han. Stykket sluttar.
(Meir.)

«Pedraheimen* og Kristendomen.
(0. Asperheim.)

(Slutten.)

Men den naturalistiske Diktningi hev
ein organisk Sjukdom, og den Sjukdo-
men hev ho havt fraa fyrste Tidi; ho fekk
ikkje Ljos nok, stakkar, daa ho var liti;
difyre er ho so grann og daudbleik; so
ho kann vist ikkje liva lengje. Alle
dei andre Diktningar me hev havt, hev
fengje mykje betre Føda; dei hev livt
paa kristelege Tankar, og Tankar, som
Kristendomen hev fostra; og difyr vart
dei mergsterke og fekk raude Kinnar.
Men den naturalistiske Digtningi skulde
fostrast upp med Liklugt, og difyre vart
ho ”lik” eit Lak”.

Trur Fedraheimen kanskje inkje,
siden han er so kjapp til aa forsvara
Dagbladets naturalistiske Føljetongar
, at det stygge kann gjera vondt, om
ein inkje gjer etter det?” Hev han al-
dri set elder høyrt nokot stygt, som han
sidan «ikkje kunde verta kvitt, 50 gjerna
han vilde og so mykje han enn stridde
med det?

Det var leidt for mange av Fedra-
heimens Tingarar, at Bladet gav seg til
aa forsvara Dagbladet, og endaa verre

vart det, daa det tok til aa tala om aa
stengja den unge burte fraa det stygge.

Det er stor Skilnad millom aa lokka og
innbjoda ein Ungdom til aa lesa ei stygg
Bok og paa aa lata han hava sin eigen
Veg, naar ban endeleg vil lesa henne;
daa fær han gjera det; han ber sjølv
Andsvaret fyr det. No hev Dagbladet
teket ei stygg Bok upp i Bladet sitt og
dermed hev det gjort, som naar ein
Mann kjem til meg, syner meg ei Bok
og segjer: Denne skulde Du lesa. - Dette
er am lokka og innbjoda baade unge og
gamle til aa lesn, og dette hev Fedrh.
forsvarat; og so vert han attpaa vond
av seg, naar ein segjer: Ogso du Bru-
tus, Son min! Det er ikkje fritt fyre,
at Fedrh. jamvæl vert rangvis i dette
Forsvaret sitt. Ingen hev, so vidt eg
veit, kravt av Dagbladet, at det skulde
setja ut Vaktmenn til aa halda Ung-
domen burte fraa stygg Lesning; dei
vilde berre, at Bladet ikkje skulde bjoda
slikt Kram fram. So kjem Fedrh. og
snakkar um aa vilja stengja dei unge
ute fraa det; det ser rangvist ut. Det
er i mange Stykkje bellest og, at Fe-
draheimens Hjarta bev tykts aa vera
paa Vantrui’s Sida. Eg kjem netupp
serskilt i Hug eit Dikt, som stod i Fe-

draheimen fyr ei Stund sidan. Bg
minnest ikkje Namnet paa det*). Men

Diktet var um ein ung Gut, som laag
og stridde med Dauden, men endaa tre-
gad paa og var attpaa harmfull yver,
at han maatte døy, fyrr han hadde notet
*) Det var væl Diktet ”Livsnjoting”.

6 Bladst.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free