- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
9

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

R :

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt. Betaling fyreaat.

Fit blad aat det norske Nolket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 9.

Kristiania den 21de Januar 1882.

6. Aarg,

REITER

Den ville Rosa hell Speiaren.
Forteljing fraa Amerika av

Mabel Frothingham.

1. Stykkje
Eg vil til Skogs.

”Gjev meg Fridom hell gjev meg
Dauden!” ropte eg.

”Sjaa til at du kjem deg ut!” raut
Farbror min, ein stor diger Kar, som
me i dagleg Tala kalla Papa Veezey.

”Eg segjer det ei Gong til, beint
fram,” tok eg uppatt, ”Fridom hell
Dauden!”

”Kya vil du bruka Fridomen til,
din Galning?” spurde Fabror med ei
svivyrdande Rjoting.

”Til aa fria meg fyr dei Lekkjorne,
som Samfunde legg paa oss —”

”Tøy!”

”Aa sleppa
hev bygt” helt

bu i Hus som Folk
eg paa utan aa bry
meg um han, ”men halda til i dei
frie Skogarne, som var Heimen aat
Fedrarne vaare.”

”Pedrarne vaare! Eg skal fortelja
deg, Kar, at Far din, og min med,
budde i gode, trauste Hus, som var
innreidde so hyggjeleg som dei kunne
vera. Dei og Huslyren deira klædde
seg som Folk, og Kjøte dei aat, fekk
dei fraa ein Slaktar og ikkje fraa ein
Skyttar. Fin skulde mest tru, Gut,
slik som du snakkar, at du var noko
lite tullutt i Hovude.”

”Det er det dei allstødt segjer,
naar ein bøygjer aldri so lite av fraa
den vanlege Storvegjen.” sae eg,” men
du maa gjerna prøva gjera Narr av
meg; du hev kje øydelagt meg endaa.”

ӯydelagt! Kvenn Pokkeren -vil
øydeleggja deg? Det er Tankarne
dine, som bør øydast. Du er ein Tull,

Thomas Veezey,wili, Asen, ein Byting!
Kunne stakkars min sjaa ut av
Gravi si og høyra WM Galskap Son

hans kom med, vilde han vera glad
han fekk løynt Hovude sitt att under
Moldi paa Kyrkjegarden.: Og kva trur
du Sydney vil segja um detta Paafunde
ditt? Hell kann henda” — sae han
paa Spe — ”du vil ha ho til aa bu i
. Skogjen hjaa deg, og ongla etter Au-
riden i Elvi og halda Herren sin med
Veideskap. Sosso livde dei, trur eg,
dessa Forn-folki, som du er so for-
gapa 1.”

”Den Liyemaaten vilde ho inkje
ha vondt av,” svarad eg. ”Slik Trøy-
skap — eg vil kje kalla det Arbeid
— vilde vera oveleg god fyr Helsa
hennar og styrkja baade Senar og
Segar.” :

”Du er eit Udyr!” raut Farbror
med alle Merkje paa at han leiddest.
”No hev eg høyrt nokk av deg 1 Dag,
sjaa no til at du kjem deg ut!"

”Men du maa kje vera vond paa
meg, Farbror.” sae eg og vilde gaa.

”Eg gjere som eg vil,” svara han
tvert- Eg hev just fengje i Stand eit
Sellskap til ei liti Reis til Sjøkanten
— du skulde og vera med — alt gjeng
godt, til du i ellefte Timen byd av
— segjer du er sjuk og leid av ”det
rotne Samfunde,” og vil setja upp
Tjelde ditt i Øydemarki og tilbeda
Naturi. Du kann tru meg, eg hev
kje høyrt slikt Vas i all min Dag. Og
so etterpaa alt detta segjer du eg maa
kje vera vond! Nei lat meg inkje
sjaa deg! Thomas Veezey, eg er vond,
fælt vond paa deg. Og du fær nokk
sjaa Sydney vert au vond.”

”Kvya skal ho verta vond fyr?”
spurde Nelly, Syskinbarne mitt, som
just kom inn.

”Avdi Thomas inkje vil vera med
oss til Sjøkanten. Han er rædd han
skal verta øydelagd av dei Mennar og
Kvinnor som han vil raaka der,” tok
Farbror fram-i, spottande.

”Snilde Nelly,” sae eg, ”du maa
kje taka det fyr bokstavleg Sanning
som Far din segjer um meg. Han er
gretten i Dag, og difor set han Fram-
ferdi mi i det svartaste Ljose, hell
au det løgnaste.”

”Men, Tom, er det sant? vil du
verkeleg inkje vera med oss?” spurde ho.

Eg riste paa Hovude, og ho sette
i eit lite Rop av Misnøgje.

”Det var fælt laakt gjort av deg,
Tom,” sae ho. ”Eg hadde kje trutt
du vilde gjera oss slikt eit Spikk.
Fyst eg var Sydney, vilde eg aldri
forlaata deg, for du kunne vera med
oss, berre du vilde.”

”Ja visst kunne han det,” sae Papa
Veezey, og tok eit langt Drag av Pipa
med det same, ”men den unge Herren
hev berre sett seg i Hovude Fridomen
og den ville Skogjen. Tenkte han berre
det minste paa sin gamle Farbror, vilde
han ikkje lata meg aaleine syta fyr
tri unge og ei gamal Dama. Kvenn
skal fylgja dei fyst me ei Gong er
komne dit, du? Eg kann kje ganga
og gjera meg gild fyr Damorne paa
Strondi der i Maaneljose, so diger som
eg er, kann eg væl, du?”

Nelly kunne kje lata vera aa læ
so arg ho var.

”Kjære gamle Far,” sae ho og kyste
han, ”det var eit Paafund med aa
gjera deg gild! Det er alt for løgje!”

Papa Veezey lo so inderleg godt
aat Kjæta til Dotter si.

”So er det, Gjenta, so er det, men
fyst denne edle Villmannen her inkje
vil vera med oss, kva skal me so gjera?
De Kvendfolk kann kje vera ute ein
Kveld utan Fylgje, eg naar de skal
taka dykk ei Ro-ferd, kosso skal de daa
greida det? Eg hev vore der, og eg
hev set Baatarne deira, og eg kann
trygt segja, eg kom til aa søkkja ned
den fyste Baaten som eg heidra med
mi Vekt. Ja, sjaa den Knipa hev me
kome i, berre fyr denne Kvelpen Tom
si Skuld. Gjev meg Fridom hell gjev
meg Dauden, segjer han, den Bytingjen,
liksom han laut lata Live naar han
vart med oss.”

”Tom,” segjer Nelly og snur seg til
meg og talar svært aalvorleg: ”Er
det verkeleg Meiningi at du inkje vil

-vera med oss?”

”Ja det er verkeleg Meiningi mi,
snilde Nelly, og eg vonar difor at du
ikkje vil verta for streng mot meg.”

”Veit Sydney noko um dette?”

”Inkje endaa, men eg vil tala med
ho i Kveld.”

”Men du, Tom,” sae Nelly, ”eg sky-
nar slett ikkje dette. Eg tenkte du
vart reint ør av Gleda ved Tankjen
um aa vera so mange Vikor i Sellskap
med Sydney.”

”Det vilde eg vera,” svara eg,”naar
eg inkje skulde vera dei Vikorne i dei
gilde Skogarne paa Vestkanten. Der
skulde du vera med”, lae eg til med
Eldhug, der er Fridom, der kan ein
stella seg som han vil. Der kann eg
setja upp Tjelde mitt og leggja meg
utan aa tenkja paa Morgondagjen.
Der tarv eg ikkje sukka yve Faa-
fengdi i Klædbunaden, og der kann
kje Fru Grandy røkka meg med den

lange Tunga si, som ho strakst set i

Gang, naar Stjukborni hennar gjere
den minste Fel.”

Nelly lo lystugt aat meg.

”Du gløymer berre aa tala um
dei Kamratanne du kjem til aa faa,
svarte Flugor og anna slikt, som vil
gjera Dagarne dine grøtelege og Næt-
arne dine svemnlause,” sae ho, ”og
so er det dette Leidende aa moga
stella fyr deg sjølv, — du lyt sjølv
koka Veideskapen din — um du hellest
er so heppen du fær skote noko —
og gjera upp Sengi di sjølv, um du
hellest hev Seng til aa gjera upp. Og
so er det, og det er kje det minste
— at der er Indianarar i denne gilde
Skogjen du talar um — Indianarar
paa Ufredsstigjen, som hev Lyst paa
Hedna (Hovudhudi) di og vonleg fær

RTIA EEE

ho au, um du vert fanga naar du held
paa aa nappar. Sant aa segja, Tom,
Sydney og eg hev liten Grunn til aa
vera nøgde, naar du vel’aa moroa Sell-
skape vaart paa slik ein Maate.”

”Der raaka du det,” sae Farbror
læande, og nikka til Dotteri til Teikn
paa Medhald, med eg laga meg til
aa svara.

”Snilde Nelly,” sae eg, ”du tek i
Mist fyst du trur at du hev synt fram
Saki fraa ei ny Sida. Svarte Flugor
og dilikt kann kje gjera meg noko, for
Skinne mitt er for tjukt til aa kjenna
deira Styngjer, so du ser, at Dagarne
mine, og Nætarne au, vil gaa lykkeleg
i det Stykkje. So var det Matlagingi
— det er mit kjæraste Arbeid, eg hev
serlege Gaavor til det. Eg er fødd
til Kokk. Eg fegnest og finn Hugnad
i Kokekunstens Løyndomar, som inkje
er Løyndomar fyr meg. Og —*

”Bida no litt, Tom,” tek Farbror
fram, ”det var eit Par Ting eg vilde
spyrja deg um.”

”Ver so god, kjære Farbror, seg
fram.”

”Kor hev du lært aa laga Mat?”
spyrr Papa Veezey, og lyfter den feite
Peikefingren sin imot meg.

”Hev eg kje sagt, at eg er fødd
Kokk?” spurde eg roleg, men med eit
Svip af Byrgskap 1 Tonefalle, avdi eg
so lett hadde yvevunne denne Vanden.

”Fødd til Narr helder,” ryt Farbror;
og so tek han til med aa spyrja meg
kva Mat eg hadde laga og kor.

”Orsaka meg,” sae eg med Vekt,
”men eg kann verkeleg inkje gaa inn
paa slike einskilde Ting. Det er nokk
at eg kann laga Mat, og at eg likar
aa gjera det. Eg tilstend nokk, at
eg er kje vidare til aa gjera upp ei
Seng, men daa eg skal liggja berre
paa Furekvister med ei Aabreisla yve
meg, vert det kje so faarlegt med
det. So.er det til Slutt Indianararne.
Eg kann stilla dykkar Otte fyr meg
i det Stykkje, for Indianararne i
denna gilde Veideskogjen er kje paa
Ufreds-stigjen, og naar eg set upp
Tjelde mitt hjaa dei,-vil dei tvillaust
gjeva meg nyttuge Lærdomar i Veiding
og Fisking.”

Nelly vilde svara daa Far hennar
tok fram-i.

”Spill kje Ordi dine paa han,
Barnet,” sae han, ”mén gakk burt til
Fanny Howt, Venen din, og seg at
me vilde gjerna ho og Bror hennar
vilde vera med paa Ferdi vaar til
Sjøkanten, som dei ætla seg til i Gjaar.”

”Ja Far, eg gjeng med det same,
segjer Nelly. ”Gjev du maatte ha

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free